søndag 29. september 2024

NYNORSK, SAMISK OG STADNAMN I NORD

Den nynorske målsoga i nord starta alt på 1800-talet. Samiske tema og perspektiv kan og bør vere med i alle faga, ikkje berre i norskfaget. Mållaga bør også engasjere seg i stadnamnarbeidet.  Og aldri har det vore produsert så mange nynorske tekstar som i år. Dette var nokon av dei sentrale temaa som blei tatt opp på Haustseminaret som Troms og Finnmark mållag nyleg heldt i Nordkjosbotn i Balsfjord.

Nynorsk-historia i nord er lang

Magne Heide innleidde om målsoga i nord. Han kunne fortelje at «vor bekjendte Landsmand» Ivar Aasen si ferd til Tromsø i juli 1851 blei kort omtala i Tromsø Tidende, så det var ikkje ukjent at han var på besøk. Meir overraskande var det at Aasmund Olavsson Vinje var invitert til Tromsø i 1870, og han og kona hadde tenkt å reise. Men så døydde kona Rosa i april, og Aasmund gjekk bort 30. juli 1870. Tromsø Stiftstidende brukte første side i to nummer til minneord om Vinje. Avis-redaktør var Gustav Kjelseth, han var Aasmund sin svoger og Rosa sin bror.    

Tromsø Stiftstidende, torsdag 4. August 1870

Deretter tok Heide eit djupdykk i åra 1898-99, det var stor måldebatt og dei første mållaga i nord blei stifta då. Nordmannalaget blei starta i Tromsø som eit nordnorsk mållag, og i tillegg blei det skipa 8-10 mindre mållag rundt i landsdelen. I Tromsø blei mållaget Heimhug på lærarskolen stifta i 1898, og så kom Trumsøy mållag i 1899.

Tromsø, onsdag 27. april 1898
            

Samisk i norskfaget

Åse Mette Johansen har saman med Hilde Solli skrive ei fagdidaktisk bok «Samisk i norskfaget – fra plan til praksis», som ho presenterte på seminaret. Kunnskapen om det samiske er styrka dei siste tiåra, men det er framleis alt for mange repeterande opplegg som blir brukt i skolen. Treng ein å fargelegge det samiske flagget kvart år, og å sjå «Kautokeino-opprøret» kvart år?  Johansen meinte at det samiske mangfaldet måtte komme betre fram.  I boka si viste dei korleis ein kunne bruke mange ulike innfallsvinklar for å få fram samiske tema i norskfaget.
Åse Mette Johansen

Viktig å engasjere seg i stadnamn-arbeid

Det er viktig at mållaga engasjerer seg i stadnamn-arbeidet. Dette understreka Aud-Kirsti Pedersen, som til dagleg er stadnamnansvarleg i Kartverket.  Mållaga har som andre organisasjonar rett til å vere part i namnesaker, dei kan både reise slike saker sjølv, og dei kan komme med fråsegner i namnesaker som andre reiser gjennom Kartverket. Det er særleg viktig at mållaga brukar kontaktnettet sitt for å få fram den nedarva lokale uttalen, som skal ligge til grunn for normeringa av stadnamna.
Aud-Kirsti Pedersen

Det var ein interessert møtelyd som både stilte spørsmål om stadnamn og kom med innspel. Det var fleire som meinte at det var viktig å få fram dei sjøsamiske perspektiva. Skrivemåten av stadnamn kan ofte skape diskusjon ute i samfunnet. Dei siste tiåra har normerte stadnamn på skilt og kart påverka uttalen, og det er derfor viktig at mållaga hjelper til med å dokumentere den nedarva lokale uttalen.  

Meiningsutveksling, god mat og lokal poesi

Den siste delen av seminaret blei brukt til å utveksle erfaringar mellom mållaga. Mållaga driv med mange aktivitetar, som kulturkveldar, debattmøte, utgjeving av eigne årshefte, og dei har målspalter i aviser.  Det blir i tillegg produsert både koppar og bere-nett med påtrykte dialektord. Nynorske gudstenester er også viktig. Og så prøver mållaga som best dei kan, å spreie nynorsk lesnad, særleg Norsk Barneblad.

Haustseminaret samla eit 20-tals deltakarar. Balsfjord mållag skapte ei triveleg ramme med god servering, og laget sin huspoet, Lillian Bernes Hay, las fleire eigne dikt til stor glede for forsamlinga.

M.H.
Seminaret samla eit 20-tals deltakarar.
Her er dei som var med heilt til endes.





lørdag 7. september 2024

HAUSTSEMINAR I BALSFJORD LAURDAG 28. SEPTEMBER

Troms og Finnmark mållag  inviterer til opent HAUSTSEMINAR på Nordkjosbotn vidaregåande skole laurdag 28. september kl. 1145-1530.

Vi håper at flest mogeleg medlemmar og andre interesserte kjem.

Det vil bli servert kaffe og noko attåt på møtet, gratis for medlemmar, kr 100 for andre.

Av omsyn til møtelokale og serveringa håper vi at dei som kjem melder ifrå seinast tysdag 24. september, sjå invitasjonen under.



onsdag 31. januar 2024

FOSSE-EFFEKT I MÅLLAGET

Medlemsrekord

Troms og Finnmark mållag hadde i 2023 medlemsrekord. Dette syner årsmeldinga til laget som no er klar. Fylkesmållaget registrerte 275 medlemmar som er det aller største medlemstalet i heile lagssoga. Den største medlemsveksten hadde Tromsø mållag.  Medlemsveksten er i tråd med det som også har skjedd på landsbasis, og heng nok også litt saman med nobelprisen litteratur til nynorsk-forfattaren Jon Fosse. Det er no fem aktive mållag som er med i Troms og Finnmark mållag: Varanger, Balsfjord, Tromsø, Målselv og Harstad og omland. I tillegg kjem Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.

Nynorsk inspirasjonsdag

Det største arrangementet i 2023 var Nynorsk inspirasjonsdag, som Tromsø mållag tok på seg å arrangere. Her fekk nesten 30 norsklærar frå Tromsø-området ein heil dag krydra med foredrag av Synnøve Marie Sætre frå Nynorsksenteret og bokbad med dei lokale forfattarane Sigrid Agnethe Hansen og Irene Larsen. Det var fine diskusjonar med interesserte og engasjerte lærarar! Og god servering! Samtidig var Norsk Målungdom på besøk på to vg-skolar i Tromsø og Balsfjord.

Sigrid Agnethe Hansen og Irene Larsen

Nynorsk litteratur viktig

Fylkesmållaget er fornøydd med at Litteraturnett Nord-Noreg endeleg har tatt til å presentere på nynorsk dei nordnorske forfattarane som skriv nynorsk, men mållaget ønsker at fleire enn desse også blir presenterte på nynorsk. Laget har arbeidd ut ei liste med 125 skjønnlitterære forfattarar med nordnorsk tilhøyrsle som skriv eller har skrive på nynorsk og nordnorsk dialekt.Sigrid Agnethe Hansen og Irene Larse

Ja til dialekt og sidemål

Leiaren i fylkesmållaget, Magne Heide, har gått imot dei som ikkje ønsker dialekt i nyheitssendingane i NRK, bl.a. Christian Borch. Han har også bedt Nordland fylke om å leggje bort søknaden sin om såkalla valfritt sidemål. Det passar seg ikkje å velje bort nynorsk i eit år med nobelprisen i litteratur til nynorsk-forfattaren Jon Fosse. 


I styret for Troms og Finnmark mållag har desse sete det siste året: Magne Leon Heide, leiar (Harstad), Rønnaug Ryssdal (Varanger) og Marit Falkensten (Tromsø). Mållaget skal ha årsmøte i slutten av februar. 


mandag 6. mars 2023

ÅRSMØTE MED DIALEKT OG NYNORSK I VINDEN

Troms og Finnmark mållag avvikla årsmøte 6. mars.  Årsmeldinga viser eit høgt medlemstal, og fylkesmållaget har no over 260 medlemmar fordelt på fem lokale mållag, og totalt er det no godt over 300 medlemmar i Noregs Mållag i Troms og Finnmark. Dei fem medlemslaga er Varanger mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Målselv mållag og Harstad og omland mållag. I tillegg er Studentmållaget i Tromsø medlem i ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom, og Senjamållaget er direkte innmeldt i Noregs Mållag. 

Stort haustseminar 

Årsmeldinga for 2022 viste at fylkeslaget har deltatt aktivt i målarbeidet både på seminar og nemnder sentralt, og i tillegg blei det arrangert eit haustseminar om nordnorske dialektar i samarbeid med Balsfjord mållag som samla rundt 30 deltakarar.

Haustseminar 2022


Dårleg om nordnorske nynorskforfattarar

Ei av sakene fylkesmållaget har arbeidd med er Litteraturnett Nord-Norge. Vi slit med å få dei til å bruke nynorsk for å vise dei 124 forfattarane som har skrive eller skriv på nynorsk og dialekt i nord. Ei oppteljing før årsmøtet viste at berre sju forfattarar var presenterte på nynorsk. Det er for dårleg når vi veit at Nynorsk wikipedia har gode presentasjonar av desse forfattarane.

NYNORSK WIKIPEDIA:
Nordnorske forfattarar som skriv nynorsk og dialekt

Fylkesmållaget har også oppmoda foreldre, elevar og studentar til å velje nynorsk som hovudmål i skolen og på universitetet. Det er mange gode grunnar til dette: Du vil lære nynorsk og bokmål like godt, og nynorsk gir deg fordelar.  

Betre nynorskopplæring

I det kommande arbeidsåret vil fylkesmållaget prioritere arbeidet for ei god nynorskopplæring. Alle elevane skal lære å lese og skrive nynorsk som hovudmål eller som sidemål, og det er eigentleg såre enkelt ut ifrå dialektane her nord. Det er utarbeidd gode pedagogiske opplegg bl.a. frå Nynorsksenteret. Haldninga blant lærarane er positive, og fylkesmållaget håper at dei nye signala til betre og tidlegare nynorskopplæringa slår positivt ut i skolen. Elevane treng å få bruke sin eigen språkbakgrunn betre og få kjennskap til det kulturelle mangfaldet vi har.

I tillegg til nynorskopplæringa og dei nordnorske nynorskforfattarane vil fylkesmållaget også fremje samisk og kvensk språk. Det fleirkulturelle nord har vore tema på fleire av samlingane til fylkesmållaget.

Les dette innlegget her.

Årsmøtet valte dette styret i Troms og Finnmark mållag: Magne Leon Heide, leiar (Harstad og omland mållag), Rønnaug Ryssdal (Varanger mållag) og Marit Falkensten (Tromsø mållag).


torsdag 16. februar 2023

Årsmøte i Troms og Finnmark mållag måndag 6. mars 2023

Vi kallar med dette inn til årsmøte i Troms og Finnmark mållag.

Tid:        måndag 6. mars 2023 kl. 1800 – 2000.

Stad:     Digitalt møte (lenke til møtestad blir sendt påmeldte deltakarar)


Møterett:


Alle medlemmar frå medlemslaga i Troms og Finnmark mållag har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett. Dette gjeld Varanger mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Målselv mållag og Harstad og omland mållag.

Medlemmar som høyrer til andre lokale mållag i Troms og Finnmark har også tale- og framleggsrett. Dette gjeld Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.


Saksliste:

Sak 1 – Konstituering

1.1   – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter

1.2   – Val av ordstyrar og møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2022

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2022

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2022

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget

Sak 5 – Nye lover

Årsmøtet i 2022 bad om at lovane blei endra når det gjaldt val av styre, og AU har gått gjennom dette, særleg par. 5. (Fullstendig lovtekst kan sendast på førespurnad)

I dag lyder par. 5 slik:

Styret for laget er leiar, kasserar og ein medlem med vara frå kvart av lagsstyra, oppnemnt av vedkommande styre.

Årsmøtet vel:

a)    leiar 

b)    kasserar

c)     revisor

d)    utsending(ar) til landsmøtet i Noregs Mållag

e)     valnemnd på minst to personar

Styret peikar ut nestleiar. Leiar, nestleiar og kasserar er arbeidsutval for styret med dei fullmaktene styret gir.

AU føreslår at par. 5 blir endra slik (endringar er understreka):

Styret for laget skal ha mellom 3 og 5 faste medlemmar, og 2 varamedlemmar. Minst 3 lokallag bør vere representert i styret. Alle val gjeld for eitt år.

Årsmøtet vel:

a)  leiar

b)  styremedlemmar (nestleiar, kasserar, skrivar)

c)   varamedlemmar

d)  revisor

e)   utsending(ar) til landsmøtet i Noregs Mållag

f)   valnemnd på minst to personar

Årsmøtet kan overlate valet av nestleiar, kasserar, revisor og valnemnd til styret.

Fullstendig lovtekst kan sendast på førespurnad, denne vil bli sendt ut med sakspapira før årsmøtet.

Sak 6 – Budsjett

6.1 – Fastsetjing av årspengar for fylkeslaget

6.2 – Budsjett 2023

Sak 7 – Val

7.1. –Val av styre og evt arbeidsutval (AU):

Dagens AU i Troms og Finnmark mållag føreslår at styret blir valt etter dei nye lovane.

Viss årsmøtet vel å bruke dei gamle lovene, blir det valt eit styre og AU.

7.2 – Val av revisor

7.3 – Val av valnemnd

Sak 8 – Innkomne saker og eventuelt


Innsending av forslag

Lag som ønsker saker tatt opp, må melde desse seinast onsdag 23. februar kl. 20:00 til tfmaallag@gmail.com. Det same gjeld forslag til endringar i lovene.


Påmelding og sakspapir

Utfyllande sakspapir blir sendt ut seinast ei veke før årsmøtet.

Påmelding til årsmøtet skjer til tfmaallag@gmail.com seinast 4. mars.

NB! Vi legg også ut viktig informasjon om årsmøtet og andre saker på heimesida og Facebooksida vår.

 

Vennleg helsing

Troms og Finnmark mållag

Magne Leon Heide, leiar

tirsdag 11. oktober 2022

NORDNORSKE ORDSAMLINGAR

NORD-NOREG

Johan Hveding 1968: Håløygsk Ordsamling. Bodø (nb.no)

Eli Johanne Ellingsve 2012: 1000 ord i nord. Nordkalottforlaget. Stonglandseidet.

Artiklar om nordnorske ordsamlingar:

Tove Bull: «Nordnorsk språk i historisk perspektiv». Ottar nr 5, 2014, side 3-9 (lenke)

To sentrale nordnorske ordsamlingar

NORDLAND

Helgeland

Jarle Bondevik m.fl. 1998: Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stiftger av Ivar Aasen. Norsk Bokreidingslag, Bergen. (Side 55-80: «Oplysninger om Almuesproget i Nordlandene, fornemmelig Helgeland (Oktober 1846)») (nb.no)

Alstahaug

Grete Olsen 2004: Ke’ de’ du gryinne mæ? Dialektord under De syv Søstre. Alstahaug kommune.

Hemnes

Mary Boldermo 1999: Dialektord i Hemnes. Hemnes kommune, Kulturkontoret (nb.no)

Nesna

Torstein Sørensen 2004: Ord fra gamle Nesna. Nordland fylkesbibliotek. (Omtale i an.no 14.12.2004)

Mo

Tor Jacobsen 1993: Ke de skaft? Ranværingsord- og uttrykk. Arctic Books, Mo i Rana (nb.no)

Roald Knudtson 1982: Fornøyelige, rare, særegne Ranværingsdialekten. Eige forlag, Mo i Rana. (Melding i Rana Blad 1982)

Fauske

Sverre Øines 1993: Ordsamling over fauskedialekten. Rundt 1900. Skjerstad og Fauske bygdeboknemnd

Sverre Øines si ordsamling er ei av dei mest grundige

Steigen

Steigen bondekvinnelag 1988 (2016): Ord og uttrykk fra Steigen.

Tysfjord

Thorbjørn Storjord 1951: Nordlandske fiskebåter og nordlandsk fiskebruk. Terminologi frå Tysfjord. Uprenta hovudfagsavhandling, Oslo.

Ofoten

Terje Benjaminsen 2013: Ka du bala med? 2150 gamle ord og utrykk brukt i Ofoten. Licentia forlag, Bodø.

Narvik

Roger Danielsen 2005: Schnakkes – ord og uttrykk fra Narvik. Eige forlag (utdrag i Fremover 22.12.2006).

Roger Danielsen 2007: Samme – ord og uttrykk fra Narvik. Eige forlag.

Lofoten

E.G.Schyttes Ordsamling frå Lofoten (1807), trykt i Historisk-Philosophiske Samlinger. Fierde Deels første Bind. Side 120-122. Udgivne af Det Kongelige Selskab for Norges Vel. Kiøbenhavn 1813. (nb.no)

E. A. Colbans ordsamling frå Vågan (1812), trykt i  Norske ordsamlingar 1812 til Videnskabernes Selskabs Danske Ordbog. Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud X, Oslo 1957, side 21-24 (nb.no)

Vestvågøy

Brita Johansen, Ellinor Arnzen og Aina Pedersen (red.) 2002: De sa så, de gamle. Gamle ord og uttrykk, samlet av Buksnes og Hol Bondekvinnelag. I og II.

Jacob Laugesen Bork 1698 [1956]: Ordsamling fraa Bø i Vesteraalen. Skrifter fra Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud. Oslo (nb.no)

J. L. Bork si ordsamling er den eldste vi kjenner frå nord.

Vesterålen

Ove Orvik 1997: Vesterålsk ordbok. Målmann Forlag. (nb.no)

Ove Orvik 2003: Ord og dialekt i Vesterålen. Målmann Forlag 

 

TROMS

Helge Stangnes 2000: Kjøss meg på måndag - så har du heile vekka fri : gamle ord, ordtak og regler frå Senja, Sør-Troms og Midt-Troms. Nordkalott-Forlaget og Sør-Senja bygde- og historielag, (nb.no)

Skånland

Henrik og Svein Erik Sjøvoll 1987: Grovfjordlista. Ord og uttrykk frå Grovfjord og omegn (3. utg. 1990)

Harstad

Magne Heide 1998: «Gammal Trondenes-dialekt». Årbok for Harstad 1998, side 24-27. Harstad historielag. (Målføretekst frå 1881, med kommentarar)

Magne Heide 2004: «Litt om yngre Harstad-dialekt» [Sterke verb]. Årbok for Harstad 2004, side 21-23. Harstad historielag.

Magne Heide 2005: «Litt om yngre Harstad-dialekt» [Svake verb]. Årbok for Harstad 2005, side 58-59. Harstad historielag.

Magne Heide 2010: «Berre litt «læmmster» eller heilt «vemmelmaga» - dialektord for dei som berre er litt dårlig eller heilt sjuk».  Årbok for Harstad 2010, side 48-49. Harstad historielag.

Magne Heide 2012: «Frå «skjellgråe» til «gåvv» - dialektord for alt frå litt vind til virvelvind».  Årbok for Harstad 2012, side 60-61. Harstad historielag.

Salangen

Paul Oddvar Hauglid 2012: Ka du sei? Dialektord og dialektuttrykk fra Salangen m.m. Follo trykk.    (Hauglid har også skrive om dialektord og uttrykk i Årbok for Salangen 2003-2012)

Lavangen

Elling Ellingsen 2004: Ordsamling frå Lavangen med kort grammatisk oversikt (sjå Troms Folkeblad, tirsdag 30. november 2004)   (Ellingsen har også skrive om dialektord og uttrykk, og grammatikk i årboka Lavangsminne 1985-2010)

Dyrøy og Sørreisa

Arnhild Lygre 2021: «Gamle ord og uttrykk». Årbok for Dyrøy og Sørreisa. Dyrøya historielag, Sørreisa historielag.

Bardu

Eivind Steien (red.) 1996: Ord og uttrykk i Bardudialekten. Bardu historielag. (nb.no)

Målselv

Nina Fjeldet og Vidkunn Haugli: Målkråa. Nye Troms / Målselv mållag (vekespalte f.o.m. 30.5.2017 til i dag) (nb.no)

Senja

Helge Stangnes 2000: Kjøss meg på måndag - så har du heile vekka fri : gamle ord, ordtak og regler frå Senja, Sør-Troms og Midt-Troms. Nordkalott-Forlaget og Sør-Senja bygde- og historielag, (nb.no)

Trond Dragøy 2006: Nord-norske dialektord med tyding. Forlaget Halleys v/Odd Sørensen, Steinkjer. (Årbok for Senja har også trykt fleire av desse orda)

Steinar Nymo 2013: Ikkje så galle? Kolofon forlag, Oslo.

Senja er rikt representert med ordsamlingar

Tromsø

Astrid og Odd Magnus Heide Hansen 1998: E du lamme mæ? Ord og uttrykk fra Tromsø – med en liten forklaring. Akademisk fagforlag, Haugesund. (nb.no)

Astrid og Odd Magnus Heide Hansen 1999: Æ ist ikkje! Ord og uttrykk som blei brukt og til dels ennå brukes i Tromsø – med en liten forklaring. Akademisk fagforlag, Haugesund. (nb.no)

Karlsøy

Marcus Frederik Steen 1993 (1835): Ordsamling fra Carlsøe 1835. Utgitt i forbindelse med 25-årsjubileet for Universitetet i Tromsø. Institutt for språk og litteratur, Universitetet i Tromsø. (nb.no)

Nord-Troms

Lisa Vangen m.fl. 2011: Våres norsk. Ord og uttrykk fra Nord-Troms. MaloAlo.no, Manndalen.

Storfjord

Tore Figenschau 1999: Signaldalen gjennom 150 år. Utgitt av Tekst & Ceterea. «Dialektord og -uttrykk», side 188-191 (nb.no)

Lyngen

O. B. Gotaas Ordsamling frå Lyngen (1811-12), trykt i Norske ordsamlingar 1812 til Videnskabernes Selskabs Danske Ordbog. Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud X, Oslo 1957, side 24-28.. (nb.no)

 

FINNMARK

Lebesby

Harald Barbala 2007:  Glimt av et mangfold : mer enn 2000 nordnorske dialektord – stort sett slik vi si’r dæm. 3. rev. utg.

Vadsø

Hildur Hatlebrekke 1981: Vadsø-dialekten : med glimt fra dialektene i Kiby og Ekkerøy. Varanger mållag. (nb.no)

Vadsø mållag gav i 1981 ut eit hefte om Vadsø-dialekten

Måsøy

Anne Margrethe Lund 2006: Dialektord fra Finnmark i Norsk ordbok. I: Ultima Thule, 2006.s. 62-63

Anne Margrethe Lund 2007: «Født og tørka bak en ovn». Flere dialektord og uttrykk. I: Ultima Thule, 2007, s. 87-89

Anne Margrethe Lund 2008: Har Du tolla ferga? Årets dialektord og uttrykk. Ultima Thule, 2008, s. 83-85

Anne Margrethe Lund 2013: «Æ ista ikke» Flere dialektord og uttrykk. Ultima Thule, 2014, s. 23-25

Anne Margrethe Lund 2016: «Lokale  dialektord». Ultima Thule, 2016.s. 61-63

Vardø

Oddvar Støme 1994: Vår eigen stemme. 1994. Ordliste: s. 127-133 (Vardø, Kiberg)

Asbjørn Nilsen 2019: Dialektplakat for Vardø. I: Årbok for Vardø, 2019

  

11.10.2022©Magne Leon Heide  


mandag 10. oktober 2022

VELLYKKA HAUSTSEMINAR OM DIALEKT I NORD

Troms og Finnmark mållag avvikla ei vellykka haustsamling sist i september. Rundt 30 deltakarar frå mållaga i Troms hadde funne vegen til Nordkjosbotn der Balsfjord mållag varta opp med kaffi og god mat. Det var nordnorske dialektar, og særleg nordnorske ordsamlingar, som stod på dagsordenen. Og gjennom fleire innlegg fekk deltakarane godt innsyn i ulike sider ved dialektgransking og dialektordsamlingar med eit nordnorsk perspektiv.

Det var stort oppmøte på haustsamlinga til Troms og Finnmark mållag i Balsfjord.

Nordnorske ordsamlingar


Professor emerita Tove Bull frå Universitetet i Tromsø opna haustsamlinga med eit foredrag om «Nordnorske ordsamlingar». Ho gav eit interessant historisk oversyn over ordsamlingar frå 1600-talet og fram til i dag. Dei første innsamlarane var prestar og embetsfolk, og det var gjerne det danske kanselliet sine ønske om å samle «provinsialismer» og «de rareste Ord og Talemaader», her tyder «rar» det same som «merkeleg».


Professor emerita Tove Bull fortel om nordnorske ordsamlingar


Ikkje alle prestar var språkkunnige, så ein må vere kritisk, meinte Bull. Men for henne var Knut Leem (1696-1774) ein «helt». I tillegg til å vere utdanna teolog kunne han også samisk, og ordsamlinga hans er svært påliteleg. Andre prestar som samla inn ord til København var E.G. Schytte (utg. 1813) i Lofoten, E. A. Colban i Lofoten (1812) og O.B. Gotaas (1811) i Lyngen.

Tove Bull understreka at norsk dialektologi for alvor starta med Ivar Aasen sitt innsamlingsarbeid. Det finst fleire nordnorske dialektsamlingar i Aasen-arkivet, og Aasen skreiv også ned ord og uttrykk, særleg frå reisene sine på Helgeland og i Lofoten. To andre ordsamlingar frå Aasens samtid er også viktige, prestane M.F. Steen skreiv ned ord frå Lyngen (1835) og Elias Thesen i Hadsel skreiv ned frå nordre Nordland (1861). 

I nyare tid er det også komme fleire nordnorske ordsamlingar. Bull nemnte særleg Johan Hvedings «Håløygsk ordsamling» som kom i 1968. Det lokalhistoriske skriftet Håløygminne har også mykje ordstoff, og det same gjeld Nordnorsk magasin. Frå dei siste åra trekte Bull særleg fram Eli Johanne Ellingsve si bok 1000 ord i nord (2012), Helge Stangnes si humoristisk-faglege bok Kjøss meg på måndag (2002) og den originale senja-ordsamlinga til Steinar Nymo, Ikkje så galle? (2013). Men ho understreka at det også finst ein haug med hefte og årbokstoff frå heile landsdelen.

Alle forfattarane er opptatt av å bevare, meinte Bull. Dei vil ikkje at ord skal gå i glømmeboka, dei vil ta vare på den kulturen som orda representerer, og feste denne kulturhistoria i eit kollektivt minne. Men nokre ordsamlingar er laga for å more, utan at det alltid er like morosamt, ofte baserer ukunnige forfattarar seg på misforståingar. Bull tok til orde for eit nærmare samarbeid med fagfolk, og ho viste til samarbeidet som er mellom historieinteresserte og historikarar i nord.

Barns leikespråk


Bror-Magnus S. Strand hadde berre fjorten dagar før haustseminaret disputert på ei avhandling om barns leikespråk. Han gav forsamlinga eit djupdykk inn i barns rolleleik der dei bytter til austnorsk talespråk i leiken. Han illustrerte dette med å vise korleis barn kunne bruke eit hjarteskjell som ein «sau» i leiken.  For å få dette bytet til bruker barna eit rikt register av verkemidlar. 

Strand viste korleis barna bytta ut nordnorsk ord som «æ, mæ, dæ» med austnorsk «jei, mei, dei». Og over tid blir barna meir konsekvente i bruken av austnorske former. I tillegg bruker barna også andre signal, som mørkare stemme. 

Bror-Magnus S. Strand har nett disputert om barns leikespråk

Barna bruker ikkje heile det austnorske språksystemet, dei brukar berre det dei treng for å overtyde medleikarane. Og då er det dei mest høgfrekvente orda som gjeld. Barna prøver seg også på austnorsk tonelag, men dei bruker ikkje heile systemet rett, dei beherskar t.d. ikkje samansettingstonelaget der austnorsk skil mellom to tonem. 

Strand avslutta med nokre refleksjonar over dette fenomenet. Han nemnte eksempel frå andre land der ein brukte standardspråk framfor dialekt i rolleleik. Men det er påfallande at vi bruker standardspråk i Noreg når dialektane har så høg status. Strand var ikkje bekymra for påverknaden dette hadde på dialektbruken. Etter kvart som barna blir flinkare å bruke austnorsk i rolleleik, så blir dei flinkare til å halde dette separat frå sin eigen dialekt. 

Fleire av møtedeltakarane kunne fortelje om eigne erfaringar med å prate «søring» i rolleleik. Nokre hadde også opplevd at ungar sørfrå hadde prata lokale dialektar viss dei var ofte på besøk ein annan stad i landet, og det var til og med anekdotiske forteljingar om ungar sørpå som la om til nordnorsk etter å ha sett NRK sine barneprogram frå Nord-Noreg.

Nordnorske ord lokalt og i den store verda


Ove Orvik kom til Vesterålen i 1990, og der har han arbeidd som lektor i vidaregåande skole. Han begynte tidleg å skrive ordbøker, den første var Midsundsk ordbok i (1988). Og året etter kom ei ordbok frå Fræna (no: Hustadvika), Frænsk ordbok (1989). Det var stor interesse, og den første ordboka kom straks i nytt opplag.

Ove Orvik har skrive og gitt ut fleire ordsamlingar.

Etter nokre år i Vesterålen, kom han i gang med ordinnsamling, og det endte med Vesterålsk ordbok i 1997. Den blei utselt, og eg måtte trykke nytt opplag som også blei utselt. Etterspørsel gav seg ikkje, og i 2001 gav han ut Ord og dialekt i Vesterålen, nå også med dialektprøver frå dei fem kommunane. Alt i alt reknar Orvik med å ha selt nokre tusen ordbøker til kjøparar over heile landet.

Men kva er motivasjonen for å skrive slike ordsamlingar? Orvik meinte det var samansett. På den eine sida er det litt nostalgi, orda må skrivast ned for å takast vare på. Slik skapar ein medvit om språkutviklinga. Ord går ut av bruk og nye kjem til, men dei gamle orda ligg i minnet og kan komme fram. Ordsamlingane kan også styrke den lokale identiteten, og dei kan dokumentere reiskapar og teknikkar som har vore.

I 2017 start Orvik eit prosjekt med kystspråk der han ville dokumentere ord og uttrykk knytt til kystkulturen i tre område: Vesterålen, Romsdal og Aust-Island. Det har vore utstrekt samhandling mellom desse områda både med kvalfangst, torskefiske, sildefiske og fiskeindustri. Og då har det ikkje vore unaturleg at ord og uttrykk har vandra mellom desse områda slik Orvik kunne vise med fleire eksempel.

Orvik kunne også røpe at han no heldt på med eit av dei største prosjekta sine. Han arbeider med materialet etter Hallfrid Christiansen, som i si tid prøvde å samle inn til ei nordnorsk ordbok. Orvik håpar at han i løpet av eit års tid er ferdig med dette arbeidet som kan dokumentere ordtilfanget i nord i dei første tjue åra etter krigen, slik Christiansen samla det inn i Troms og Nordland.

Kviss og kopp med balsfjord-ord


På haustsamlinga  var det også ei lita utstilling av eit tjuetals nordnorske ordbøker. Eit oversyn over tilgjengelege bøker blei også lagt ut, og det vil komme på denne sida. Det var også ein kort gjennomgang av ulike arbeid med dialektord som har vore drive i lokale mållag. Varanger mållag har gitt ut eit eige hefte om Vadsø-dialekten, Harstad og omland mållag har publisert eit par artiklar med dialektord. Senjamållaget har gitt ut ei eiga ordbok og ein senjamålsgrammatikk. Målselv mållag har hatt ei ordspalte «Målkråa» gåande kvar veke i avisa Nye Troms sidan 2017.

Balsfjord mållag har laga ein eigen balsfjord-kopp

Balsfjord mållag har i fleire år laga ein språk-kviss med lokale dialektord. Deltakarane på haustsamlinga fekk også prøve seg på dette, og alle laga fekk ei tvoga (kopptua) med dialektord som premie.  I tillegg presenterte Balsfjord mållag ein heilt ny dialekt-kopp som laget hadde fått produsert. Her hadde dei lagt vinn på å få fram lokale dialektord.

Helsing frå Noregs Mållag


Fungerande leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre, var også til stades på haustsamlinga, og ho fortalte om aktuelle saker som organisasjonen arbeider med. 

Det var ei fornøgd forsamling som roste Balsfjord mållag og Troms og Finnmark mållag for ei vel gjennomført haustsamling.