Viser innlegg med etiketten Nynorsk litteratur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nynorsk litteratur. Vis alle innlegg

torsdag 3. februar 2022

VIS FRAM DEN NYNORSKE LITTERATUREN !

Troms og Finnmark mållag har sendt ei oppmoding til alle folkebiblioteka i Troms og Finnmark om å vise fram den rike nynorske litteraturen.

Ei skattkiste

Den nynorske litteraturen er ei skattekiste i verdsklasse. Det er nok å lese "Nynorsk litteraturhistorie" for å skjøne dette. Den nynorske nettstaden Allkunne (no ein del av snl.no) oppsummerer dette slik

  • Frå 1843 til 2017 debuterte over 1400 med dikting i bokform på nynorsk og dialekt.
  • Fleire av dei nynorske diktarane har vorte nominerte til og vunne norske, nordiske, europeiske og internasjonale litteraturprisar og stipend.
  • På nominasjonslistene til Nobels litteraturpris 1901–1967 står både Arne Garborg, Olav Duun, Hans Henrik Holm og Tarjei Vesaas.
  • Tarjei Vesaas var første nordmann som fekk Nordisk råds litteraturpris..
  • Jon Fosse var den første diktaren som flytta inn i statens kunstnarbustad Grotten.

Rik nordnorsk og ungdommeleg litteratur

Også her i nord har vi også i rik mon forfattarar som har skrive på nynorsk og dialekt. På Nynorsk wikipedia finst det eit oversyn over den nordnorske nynorske litteraturen.

Ei viktig målgruppe er barn, unge og unge vaksne. Nynorsksenteret har laga fine boktips til desse aldersgruppene.

Nynorsk wikipedia har ei liste over nordnorske forfattarar som har skrive og skriv på nynorsk og dialekt

Aktiv formidling skapar positive haldningar

Troms og Finn mark mållag meiner det er viktig at publikum i nord blir kjent med denne litteraturen, ikkje minst for å gje folk innsyn i denne viktige delen av vår kulturhistorie. Her er formidlinga frå biblioteka viktig.  Ei aktiv formidling frå biblioteka også skapar positive haldningar til den nynorske litteraturen.  Dette viser ei undersøking som blei gjort i 2019.

Det er mange måtar å formidle den nynorske litteraturen på (t.h.) slik det går fram av ein artikkel i framtida.no.


Troms og Finnmark mållag oppmodar alle folkebiblioteka i Troms og Finnmark til å vise fram den nynorske litteraturen – frå nord og sør – på ein best mogeleg måte i biblioteket. Dette kan gjerast heile året eller ved spseielle høve. Kva med for eksempel å bruke "Nynorskdagen" 12. mai til ei felles markering, føreslår mållaget.

torsdag 14. oktober 2021

Innhaldsrikt målseminar


Målseminaret som blei halde i Tromsø laurdag 9. oktober viser god aktivitet på fleire område. Det er god aktivitet i dei lokale mållaga.  Den nynorske bokheimen er rik, også her nord. Dei kvenske og samiske stadnamna er i frammarsj. Nynorsk møter litt motstand, men mykje medgang i skolen. Noregs mållag går nye tider i møte. Det blir nytt målseminar til våren.

Målseminar i Tromsø

God lokallagsaktivitet


Det var eit fullteikna målsemiinar i Tromsø 9. oktober. Utsendingar frå Varanger, Balsfjord, Tromsø og Harstad kunne fortelje om eit rikt utval av lokale aktivitetar, slik som:
- skolebesøk frå Målungdommen,
- vitjing av nynorske forfattarar,
- arbeid med stadnamn,
- dikt-konkurransar,
- innsamling av dialektord,
- kulturkveldar,
- spreiing av nynorsk litteratur,
- gudstenestar med nynorsk liturgi og salmar på nynorsk,
- utgjeving av eigne målblad og julehefte, og
- fIlmkveldar
Medlemstalet i lokallaga er jamt over stabilt, og det er no rundt 300 organiserte målfolk i Troms og Finnmark.

Marit Eikemo skal til FinnLitt i Kirkenes
Foto: samlaget.no


Kva skal mållaget arbeide med?

Ingar Arnøy, Noregs Mållag, fortalde om arbeidet med nytt Arbeidsprogram i Noregs Mållag for åra 2022–2026.  Første utkast er klart, og frist for å sende inn framlegg, endringar og kommentarar er 22. november. Endeleg arbeidsprogram for 2022–2026 blir vedtatt på NM-landsmøtet i april 2022.

Deltakarane merka seg også ei klår oppmoding frå Ingar: Krev nynorsk skattemelding, då blir du samtidig registrert som nynorskbrukar av fleire offentlege organ.

Noregs Mållag skal ha nytt arbeidsprogram 2022-2026


Den mangslungne nynorske bokheimen

 - Det har aldri skjedd så mykje i den nynorske bokheimen. Dette var den klare meldinga frå Rønnaug Ryssdal, tidlegare bibliotekrådgjevar i Vadsø. Med sikker hand losa ho tilhøyrarane gjennom dei siste års nynorske bokheim.

Det Norske Samlaget har sjølvsagt dei viktigaste nynorskforfattarane inne hos seg. Dei har også mange nynorskforfattarar på listene sine som skriv frå og om nord. Det gjeld bl.a. Sigrid Agnethe Hansen, Ingvil Holvik, Rakel Solstad og Gunnar Grytås. Nye namn dukkar også opp. Kathrine Nedrejord har skrive sakprosa om «Flukta til Finnmark: 1800-talet». Tharaniga Rajah har skrive ein roman, «Det er lenge til skumring», om kampen for ein samisk stat etter ein skandinavisk krig.

Ryssdal gjorde ein stor sveip innom den rike nynorske bokheimen hos fleire forlag. Her nemner vi nokre frå nord:  Inger Johanne Sæterbakk har skrive ungdomsboka «Rundt jorda og tilbake», og Kjersti Kolbotn, som debuterte i 2009, har nettopp gitt ut romanen «Dis». Eirik Skrede frå Laksvatn utafor Tromsø har skrive romanen "Krængk" på dialekt.

Kjersti Kolbotn gir ut romanen Dis
Foto: CappelenDamm

Bokheimen er eit vidt omgrep, og Ryssdal sveipa også innom både Nynorsk litteraturhistorie, nynorsk i akademia, fleire nynorskesenter og festivalar, bokbåtar og strøymetenestar.


Auke i samisk og kvenske stadnamn – men komplisert saksbehandling

Talet på registrerte samiske og kvenske stadnamn har auka monaleg dei siste åra. Dette kunne Aud-Kirsti Pedersen, rådgjevar i Kartverket fortelje. Ho gjorde greie for den kompliserte saksbehandlinga som var i den tidlegare stadnamnloven. Her var det mange organ som kunne vedta namn. Det første fleirspråklege kartet kom i 1992, Billefjord-kartet. Det blei litt oppstuss når neste kart skulle gjevast ut, men det løyste seg med ei militær eittspråkleg utgåve og ei sivil trespråkleg utgåve.

Etter endringane i stadnamnloven i 2006 blei omsynet til kvensk og samisk styrkt.  Dokumentasjonen av samiske og kvenske namn har auka, men saksbehandlinga er framleis noko komplisert. Det er også ulike organ som skal sette i  verk vedtaka, og her kan det ymse noko. I dag er det rundt 30.000 samiske namn og rundt 3.000 kvenske namn som er registrert i Sentralt StadnamnRegister (SSR) av dei vel 1 million stadnamn som er registrert.

Billefjord-kart frå 1991 - utan kvenske namn
Skjermdump: kartverket.no

Billefjord-kart frå 2021 - med trespråklege namn
Skjermdump: norgeskart.no


Nynorsk i skolen vil bli prioritert

Målseminaret blei avslutta med eit innlegg av Marit Falkensten om situasjonen for nynorsk sidemål i skoleverket. Her er det mange skjer i sjøen og mykje arbeid som må gjerast. Dette temaet blir derfor tatt opp igjen på neste målsamling som truleg blir laurdag 19. mars 2022 i Balsfjord.

Referent:       
Magne Leon Heide