lørdag 26. september 2026

SPRÅKDUSJ OG BOKSTEMMAR – MED ELG ATTÅT PÅ HAUSTSEMINAR

Haustseminaret til Troms og Finnmark mållag samla deltakarar frå alle mållaga i området sitt. Sjølv om oppmøtet gjerne kunne ha vore betre, sette dei frammøtte målfolka pris på både innhaldet og vertskapet i Målselv.
Haustsamling i Målselv

Nynorsk språkdusj

Dei ferske lærarane Martin Arntzen og Maria Gamst fortalde om masteroppgåva si om "Nynorsk språkdusj på mellomsteget". Dei hadde gjennomført ein fleire veker lang "språkdusj" , og dei drog på ein forvitneleg måte møtelyden med gjennom problemstillingar, gjennomføring, datainnsamling og resultat. 

Nynorsk er lite synleg i læremidla som er i bruk i bokmålsskolar, men erfaringane viste at lærarane i større grad kan ta nynorsken inn på tvers av fag. Elevane sine haldningar og kompetanse blei også positivt påverka av arbeidet med nynorske tekstar. Prosjektet deira viste også at det var lettare å ta i bruk nynorske læremiddel for bokmålselevar enn det lærarane hadde forventa.
Martin Artnzen og Maria Gamst: Språkdusj

Nordnorsk, nynorsk og nye stemmer

Det er store avstandar i nord, og det var derfor hyggeleg å ha med seg bibliotekar Ida Zachariassen Sagberg på nett frå Varanger. Ho gav på ein engasjerande og inspirerande måte eit oversyn over nordnorske, nynorske og nye bokstemmar, med ei rekkje lesetips. Ho drog fram dei viktigaste forfattarstemmene frå dei siste 25 åra, med nordnorske og nynorske innfallsvinklar. Her dukka det opp både kjente, mindre kjente og heilt ukjente bøker og forfattarar.
Bibliotekar Ida Zachariassen Sagelv på nett

Noregs Mållag - kva skjer?

Frå Noregs Mållag møtte Hege Lothe, og ho informerte om dei viktigaste sakene i målrørsla nett no. Både Nynorskdagen (12. mai) og Nynorskveka i mai er etablerte no, og det er viktig å bruke dei. Noregs Mållag vedtok eit heilt nytt fire-års arbeidsprogram på landsmøtet i år, og her er det fleire aktuelle saker. Nynorsk i skolen for alle, også som sidemål, er prioritert. Dessutan ønsker mållaget å få nynorsken inn i grunnloven. Og det er sett eit hårete mål om å bli ein million nynorskbrukarar.
Hege Lothe frå Noregs Mållag ønsker fleire medlemmar

Mangslunge lagsarbeid - og elggryte

Haustseminaret gav også dei frammøtte mållaga høve til å fortelje litt om lagsarbeidet sitt. Balsfjord satsar på å få til eit dialekthefte. Målselv har arbeidd på fleire område, med eige julehefte, dialektkopp og forfattarmøte, og dei har delt ut nynorske bøker og blad til skolane, dei planlegg 70-årsfest til neste år. Senjamållaget har bl.a. halde dialekt-foredrag. Tromsø har hatt ei aktiv nynorskveke. Varanger er 50 år i år, og har hatt ulike arrangement og ein dialektkopp i emning. Harstad har hatt ei vellykka markering med dialektstand og eige ordspalte i lokalavisa.
Mållagselgen frå  Målselv i gryta

Målselv mållag stod for ei fin ramme rundt samlinga, og serverte bl.a. elggryte frå sitt eige elgval.

Magne H.

søndag 22. mars 2026

AKTIVT FYLKESMÅLLAG

Troms og  Finnmark mållag har avvikla årsmøte og valt Astrid Vetrhus frå Varanger mållag til ny leiar. 

Årsmøtet kunne oppsummere eit aktivt arbeidsår med nesten 300 medlemmar i dei to nørdste fylka. Fylkesmållaget har engasjert seg i arbeidet for nynorsk sidemål i skolen, og støtta ein Nynorsk motivasjonsdag for lærarar i Sør-Troms og Vesterålen.  Fleire lokale mållag har også arbeidd med dialektar på ulike vis, i aviser, eigne bøker og på koppar og krus. Det har også vore samlingar for lokallaga, og no er arbeidet i gang med å skrive mållagssoge.

Norsk Tidend nr 3, 2025

Det har nettopp vore landsmøte i Noregs Mållag der både Troms og Finnmark mållag og fleire nordnorske mållag møtte med utsendingar. Her blei det vedtatt eit fireårsprogram for mållaga, som også vil bli følgt opp i Troms og Finnmark.

Med seg i styret har Astrid Vetrhus også Sigrun Høgetveit Berg (Tromsø), Øystein Omar Aas (Harstad) og Magne Leon Heide (Harstad), med Astrid Fjose (Målselv) og Ingrid Russøy (Balsfjord) som varafolk.


onsdag 4. februar 2026

ÅRSMØTE I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG LAURDAG 21. MARS 2026

 

Vi kallar med dette inn til årsmøte i Troms og Finnmark mållag.

Tid:        Laurdag 21. mars 2026 kl. 11:15 – 14:30.

Stad:     TROMSØ i møtelokalet "Salen" til BUL Tromsø på Quality Hotell Saga, Richard Withs plass 2 – nær kai/buss.

 

Møterett:

Alle medlemmar frå medlemslaga i Troms og Finnmark mållag har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett. Dette gjeld Varanger mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Målselv mållag og Harstad og omland mållag.

Medlemmar frå andre lokale mållag i Troms og Finnmark har også tale- og framleggsrett. Dette gjeld  Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.

 

Saksliste:

Sak 1 – Konstituering

1.1 – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter

1.2 – Val av ordstyrar, referent og to møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2025

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2025

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2025

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget for 2026

Sak 5 – Budsjett

6.1 – Fastsetjing av årspengar for fylkeslaget for 2027

6.2 – Budsjett 2026

Sak 6 – Val

6.1. –Val av styre: leiar, 2-4 styremedlemmar  og varamedlemmar.

Styret har sett ned ei valnemnd, Gunnhild Skjold /Tromsø) og Øystein Aas (Harstad)

Etter lovene bør minst tre lokallag ver representerte i styret, og det er derfor viktig at ALLE lokallaga kjem med framlegg til styremedlem(mar) og varamedlem(mar) til valnemnda. Valnemnda vil leggje fram eit framlegg til nytt styre på årsmøtet.

6.2 – Val av revisor 

6.3 – Val av valnemnd 

6.4 – Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag, 24.-26. april

SAK 7 – Innkomne saker og eventuelt

Lag som ønsker saker tatt opp eller ønsker lovendringar, må melde desse seinast 2 veker føreut.

 

TEMA: Nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag 2026-2030

 

Påmelding:

Påmelding til årsmøtet skjer til tfmaallag@gmail.com seinast fredag 13. mars (helst i god  tid før).

onsdag 3. september 2025

LYKKE TIL MED SAMETINGSVALET

Ei av dei aller viktigaste kulturoppgåvene i Nord-Noreg er å styrke og vidareutvikle det tradisjonelle språklege mangfaldet i landsdelen, som om fattar både dialektar, bokmål og nynorsk, og samisk og kvensk. 

Det er eit sterkt språkengasjementet blant kandidatane i sametingsvalet. Sametinget har sidan starten i 1989 arbeidd godt og strategisk for å styrke dei samiske språka, og tinget har brukt store ressursar på dette arbeidet. Resultatet er at samiske språk står sterkare i samfunnet no enn for 36 år sidan. 

Men det er framleis problem og hindringar for samisk språk og kultur. Det gjeld særleg samiske språktilbod både i barnehage, skole og elles i samfunnet. Rekruttering av samiske lærarar og barnehagelærar er også viktig. Mållaget har på si side også bedt om at det blir tillate med samiske adressenamn, dette gjeld særleg tospråklege (og trespråklege) adressenamn utanom dei samiske kjerneområda.

Mållaget har i alle år ført ein intens kamp for å sikre rettar til dei som bruker nynorsk, særleg som hovudmål, men også dei som møter det som "sidemål".  Her trur vi sametings-politikarar kan ha ein del å lære.  Og mållaga har stått opp for samisk språk og kultur ved fleire høve. 

Ikkje alle sametingskandidatar er einige om vegen framover, men alle engasjerer seg i språksakene.  Troms og Finnmark mållag ønsker lykke til med Sametingsvalet og med det viktige språkarbeidet som må gjerast  for å ta vare på og utvikle det språklege mangfaldet i landsdelen. 

Troms og Finnmark mållag 

Magne Leon Heide, leiar


JA TIL NYNORSK I SKOLEN

Nordnorsk dialekt er i vinden som aldri før. Det er ikkje berre i lokalsendingane vi møter nordnorske dialektar, men no lyttar vi til kanalvertar frå Tysfjord og nyheitsopplesarar frå Lenvik i NRKs sentrale sendingar. Og nordnorske artistar syng ikkje lenger berre eigne tekstar på nordnorsk, men Dylan kjem også på nordnorsk. Og alle skriv på dialekt når vi tastar ei melding til ein kjenning.

Det er ikkje i alle situasjonar vi kan bruke dialekten vår. Når ein skal velje eit skriftspråk som stør opp under dialekten, er ikkje spranget særleg langt til det nynorske skriftspråket. Dei nordnorske dialektane ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å lære seg å bruke eit så dialektnært skriftspråk. Her nord møter dei aller fleste nynorsk som sidemål i skolen.

Det er derfor viktig å behalde nynorsk som ein integrert del av norskfaget som i dag, og ikkje fjerne verken karakterar eller eksamen i sidemål eller gjere sidemålsopplæringa "valfri", slik Høgre og Framstegspartiet vil.  Dette står i sterk motsetning til alle dei andre partia som ønsker at sidemålsopplæringa i nynorsk må styrkast. Til dette finst mange gode ressursar å ause av, og mållaget hjelper gjerne til.

I dag møter elevane nynorsk alt frå barneskolen der dei skal lese og lytte til tekstar på nynorsk. Slik får ungane møte den rike nynorske litteraturen, frå barnebøker til verdslitteratur.  Mållaget har i mange år hjelpt til ved å tilby skolar gratis tinging av det beste barnebladet i landet, det nynorske Norsk Barneblad.

I ungdomsskolen skal elevane lære seg å skrive tekstar på nynorsk, det same skal dei gjere på studieførebuande utdanningsprogram på vidaregåande.  Undersøkingar viser at skriveopplæringa framleis er prega av "grammatikk-pugg", men det finst heldigvis rike ressursar å ause av, særleg frå Nynorsksenteret. Fokus bør vere meir praktisk språkbruk og kreative metodar som f.eks. podkastar, songtekstar og rollespel.

Med ei god opplæring kan elevane lære å bruke sitt eige ordtilfang i nynorsk, og dette er også med på å utvide språk-kompetansen når dei skriv bokmål.  Slik styrkar opplæring i sidemål også hovudmålet. 

For å sikre ei god nynorskopplæring, må alle lærarane som underviser i norsk bli trygge og godt utrusta i nynorsk. Her har lærarutdanninga eit særleg ansvar.  Mållaget har på si side arrangert nynorske inspirasjonsdagar for lærarar, og dette vil vi halde fram med.

Norsk er det viktigaste faget i skolen, og vi har to likestilte skriftspråk, bokmål og nynorsk.  For å sikre likestillinga treng vi eigen karakter i begge skriftspråka. Karakteren sikrar også at sidemålsopplæringa blir prioritert. Det gjer at opplæringa blir meir strukturert, og elevane får betre tilbakemelding på utviklinga si. Dette sikrar eit høgare læringsutbyte og oppmuntrar elevane til å gjere ein innsats. Utan eigen karakter kan sidemål bli sett på som mindre viktig.

Magne Leon Heide 

leiar i Troms og Finnmark mållag


lørdag 5. april 2025

MÅLLAG I VEKST

Troms og Finnmark mållag har aldri hatt så mange medlemmar som no. Det kunne laget oppsummere på årsmøtet som blei halde no i april. Laget har også avvikla ei vellykka haustsamling med fokus på norskopplæringa, stadnamn og lokal språkhistorie. 


Medlemsrekord

For andre året på rad har fylkesmållaget medlemsrekord. Det er no 275 medlemmar, og i tillegg kjem to mållag med rundt 50 medlemmar, slik at antal medlemmar i mållag er  godt over 300 i dei to nordlegaste fylka. Så mange medlemmar har det ikkje vore nokosinne sidan fylkesmållaget blei stifta for over 100 år sidan.

Lokale kulturinstitusjonar

Tilbakemeldingane frå dei sju mållaga i nord viser også ein språk- og kultur-innsats som spenner over eit vidt område. Mållaga er lokale kulturinstitusjonar som gjer ein viktig innsats på mange felt.  Det er derfor gledeleg at det har vore medlemsvekst dei siste åra.

God nynorsk-opplæring er viktig

Troms og Finnmark mållag har fleire viktige arbeidsoppgåver.  Å få til ei god nynorsk-opplæring i skolen er ei av dei viktigaste oppgåvene, alle elevane skal lære seg nynorsk i dag , enten som sidemål eller hovudmål. Mållaget vil også arbeide for å gjere synleg dei over eitt hundre nordnorske forfattarane som skriv og har skrive på nynorsk og dialekt. 

I starten av mai blir det ei eiga Nynorskveke der mållaget vil oppfordre særleg skolane og biblioteka til å vise det språklege mangfaldet vi har med særleg fokus på dialektane og det nynorske skriftspråket.  Mållaget vil også oppmode flest mogeleg til å bruke nynorsk denne veka, og spesielt media blir bedt om å bruke nynorsk – særleg på nynorskdagen 6. mai.

Representantar frå Varanger, Balsfjord, Tromsø, Senja og Harstad møttest på årsmøtet til Troms og Finnmark mållag. Foto: M. Heide


100 års målhistorie

Troms og Finnmark mållag har passert 100 år, og laget held på å samle inn arkivstoff for å få skrive historia til mållaget og  arbeidet som har vore gjort dei siste åra. 

Magne Leon Heide blei attvald til leiar i Troms og Finnmark mållag, og med seg i styret har han representantar frå både Harstad, Varanger og Tromsø mållag.


søndag 16. februar 2025

ÅRSMØTE I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG LAURDAG 5. APRIL 2025

 Vi kallar med dette inn til årsmøte i Troms og Finnmark mållag.

Tid:        Laurdag 5. april 2025 kl. 11:15 – 14:30.

Stad:     TROMSØ BIBLIOTEK, Grønnegata 94, Tromsø

 Møterett:

Alle medlemmar frå medlemslaga i Troms og Finnmark mållag har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett. Dette gjeld Varanger mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Målselv mållag og Harstad og omland mållag.

Medlemmar frå andre lokale mållag i Troms og Finnmark har også tale- og framleggsrett. Dette gjeld  Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.


Saksliste:

Sak 1 – Konstituering

1.1 – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter

1.2 – Val av ordstyrar og møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2024

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2024

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2024

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Ta gjerne med eit lite notat, både om arbeid som er gjort og planar.

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget for 2025

Sak 5 – Budsjett

6.1 – Fastsetjing av årspengar for fylkeslaget

6.2 – Budsjett 2025

Sak 6 – Val

            6.1. –Val av styre

Årsmøtet 2025 skal velje leiar, 2-4 styremedlemmar og varamedlemmar. Minst 3 lokallag bør vere representerte i styret

6.2 – Val av revisor

6.3 – Val av valnemnd

6.4 – Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag (ikkje i år, neste er i 2026)

SAK 7 – Innkomne saker og eventuelt

Noregs Mållag helsar og legg fram aktuelle målsaker til drøfting