onsdag 30. januar 2019

DIALEKT OG NYNORSK I LOFOTEN OG VESTERÅLEN

Stor kunnskap om og aktiv bruk av lofot- og vesterålsdialekt

Lofoten og Vesterålen ligg sentralt til i Nord-Noreg, og det gjer at målet i området er litt sør og litt nord.  Målet i dette området har derfor interessert dialektgranskarar i lang tid. Først ute var truleg Birger Martinussen med eit studentarbeid om målet i Bø, som Studentmållaget i Oslo gav ut i 1907. 


  



I 1933 kom så Hallfrid Christiansen si doktorgradsavhandling om Gimsøy-målet, som viste nye vegar i målgranskinga. Hallfrid Christiansen var på mange målferder nordover, finansiert av offentlege midlar og av mållaga i Nordland og Troms. I 1974 kom så Kåre Elstad si ruvande hovudfagsavhandling om Borgfjerdingsmålet, trykt i 1982, og Kåre Elstad var frå 1974 knytt til Universitetet i Tromsø. I 1961 gav Hadsel mållag ut eit skrift om "Målet i  Hadsel" som viste sambandet mellom dialekten og nynorsken, og i 1973 gav Bø bygdelag ut eit auka utgåve av "Målet i Bø".

Den store visebølga på 1970- og 1980-talet braut vegen for bruk av dialekt i samfunnet. Og ikkje minst i vise- og song-miljøa har dialektbruk slått kraftig gjennom. Vi kan berre kort nemne slikt som visegruppa Lovisa, Jack Berntsen, Jahn-Arill Skogholts "Bygdevise" (betre kjent som "Kor er hammaren, Edvard?»), til visesongarar som Ola, Kari og Lars Bremnes, Sondre Justad og Julie Willumsen, - berre for å nemne nokon.

Sondre Justads tekst



Lofoten og Vesterålen er også nynorsk-område

Nordlendingane var tidleg ute med å ta nynorsken i bruk i skolen. Først ute var Vefsn og Hattfjelldal i 1900. Og fram til 1920 følgde 13 kommunar i Nordland opp med å innføre nynorsk i ein eller fleire skolekretsar, blant desse var også skolar i Gimsøy og Valberg (sjå bilde t.h. frå 1950-talet) i Lofoten, og Bjørnskinn, Dverberg og Andenes i Vesterålen.  Fram til 1940 kom det nynorske skolekretsar både i Vågan og Borge, og i Vesterålen blei det innført nynorsk i skolar i Hadsel, Bø, Øksnes, Langenes og Sortland, slik at det på eit tidspunkt var 18 skolar i Lofoten og 26 skolar i Vesterålen som hadde nynorsk som hovudmål.  Dei nynorske skolekrinsane heldt seg lenge. Men 17. februar 1983 gjekk Valberg skole over frå nynorsk til bokmål med stemmetala 18 for nynorsk, 23 for bokmål. Det var siste skolen i Lofoten og Vesterålen som hadde nynorsk som første opplæringsmål. 
Valberg skole, 1950-talet  (Kjelde)

Gode vilkår for nynorsk i samfunnet i dag

Vilkåra for å vere nynorskelev og nynorskbrukar var faktisk dårlegare i 1983 enn i 2018:

* Det har aldri vore meir nynorsk i Noreg enn i dag. Årsaka er ikkje spesielt glupt eller bra arbeid frå Noregs Mållag sentralt (derimot er lokallaga viktige for dette!), men første og fremst at mengda av tekst og språk er hundredobla, om ikkje tusendobla sidan 1983. Viktige årsaker er sjølvsagt teknologi (internett og mobil), og desse endringane har også ført til at samfunnet vårt er mykje meir skriftspråkleg i dag enn i 1983. Og i dag er mest alle ungar i barnehage frå dei er 1-2 år til dei startar på skolen  - og her blir dei også førde inn i skriftkulturen mykje tidlegare enn før. Mengda av bokmålstekst er svært mykje større enn i 1983, og mengda av nynorsktekst er mykje større enn i 1983.

I dei siste åra har det vore gjort fleire forsøk for å styrke sidemålsopplæringa i nynorsk. Her har bl.a. Leknes ungdomsskole, Aust-Lofoten vgs og Hadsel vgs deltatt på forskjellig vis. 

Hadsel vgs

Aust-Lofoten vgs

I 1983 kunne nynorskelevane møte nynorsk utanfor skolen kvar tredje månad når det var leikestove på nynorsk med Vibeke Sæther. I dag møter skoleungane over alt nynorsk kvar sjette time kvar einaste dag. Heile året rundt! Ungane i dag veks opp i ein totalt annleis språkkultur enn i 1983: Dei badar i språk og kulturutrykk frå heile verda kvar einaste dag. Det vil seie at dei er vane med og reagerer ikkje  på at folk snakkar og skriv ulikt. Og derfor har dei unge i dag eit langt meir avslappa syn på at ein stat kan ha to skriftspråk som alle skal lære. 

I 1983 var nynorskprosenten i NRK på snaue 10%. I fjor var han på over 20%, og for 2019 er det eit overordna mål for kringkastingssjef Thor G. Eriksen at NRK skal nå målet om 25% nynorsk. Faktisk har det aldri vore så lite bokmål i NRK som i 2018: Bruk av dialekt skuvar unna bokmålstale i NRK. 

TV2 fanst ikkje i 1983. Etter det TV2 sjølv seier, har dei over 60% nynorsk og dialekt i nyhendesendingane sine.  I 2018 har VG og Aftenposten aktivt oppheva forbodet mot nynorsk for journalistane sine. 

Vesterålen og Lofoten mållag

Noregs Mållag har i dag i underkant av 30 medlemmar som er busett på ulike stader i Lofoten og Vesterålen. Desse medlemmane er knytt til ulike lag, enten i nord eller sør. Andre er direkte innmeldt i eit yrkesmållag eller i Nordland mållag. Og nokre er med i lokallag som har få medlemmar og kanskje også manglar styre. Dei fleste medlemmane i dag bur i dei ulike kommunane i Vesterålen, men vi har også vel ei handfull medlemmar i Lofoten.

Det er uheldig at så mange medlemmar innafor eit nokså greitt geografisk område ikkje får delta aktivt i målarbeidet, men er knytt til fjerntliggjande mållag som ikkje gjev dei høve til å påverke verken målpolitikken i organisasjonen eller målstoda i området sitt.

Vi veit også at vi har mange vennar av målrørsla, som ikkje er medlemmar, men som kunne tenke seg å stø arbeidet vi driv enten som passive eller aktive medlemmar.

Vi ønsker derfor å ta initiativ til å få skipa eit lokallag som kan omfatte Lofoten og Vesterålen.

Det er per i dag ikkje noko eige fylkesmållag for Nordland, det nærmaste er Troms og Finnmark mållag. Fylkesmållaget ønsker saman med Noregs mållag å vere med på å få skipa eit lokallag og stø opp under arbeidet i skipingsfasen.

Treng vi eit mållag i Lofoten og Vesterålen ?


Det enkle svaret på dette spørsmålet gir seg nesten sjølv. Vi har 25-30 medlemmar i området, og berre det er grunn god nok til å skipe eit lokallag. Lofoten og Vesterålen ligg sentralt til i Nord-Noreg, og det er mange grunnar til å skipe eit mållag.

Reint praktisk er kommunikasjonstilhøva no slik at det er lett å komme seg imellom i denne regionen. Det kan kanskje verke å gape for høgt å inkludere både Lofoten og Vesterålen i eit slik lokallag. Men kanskje vi på sikt kan få til to lokallag. Det er lettare å satse med dei medlemmane ein har, så vil det sikkert komme til fleire etter kvart.

Kva skal Lofoten og Vesterålen mållag arbeide med


Her er mange arbeidsoppgåver å gripe fatt i. På heimesidene til Noregs Mållag vil dokker finne mange nyttige tips, vi viser her berre til desse sidene.  

Det kan òg vere greitt å undersøke meir kva andre mållag arbeider med, her er nokre lenker:
Varanger mållag (Facebook)
Målselv mållag (Facebook)
Harstad og omland mållag (Nynorsk Wikipedia)
Troms og Finnmark mållag (sjå innlegget på denne bloggen om "Dialekt og nynorsk i Lofoten og Vesterålen")
Noregs Mållag (Facebook)

Skipingsingsmøte 7. februar


Vi inviterer til opent møte torsdag 7. februar kl 1800 på Hadsel vgs der vi også legg opp til skiping av eit lokallag.