onsdag 30. januar 2019

Vesterålen og Lofoten mållag

Noregs Mållag har i dag i underkant av 30 medlemmar som er busett på ulike stader i Lofoten og Vesterålen. Desse medlemmane er knytt til ulike lag, enten i nord eller sør. Andre er direkte innmeldt i eit yrkesmållag eller i Nordland mållag. Og nokre er med i lokallag som har få medlemmar og kanskje også manglar styre. Dei fleste medlemmane i dag bur i dei ulike kommunane i Vesterålen, men vi har også vel ei handfull medlemmar i Lofoten.

Det er uheldig at så mange medlemmar innafor eit nokså greitt geografisk område ikkje får delta aktivt i målarbeidet, men er knytt til fjerntliggjande mållag som ikkje gjev dei høve til å påverke verken målpolitikken i organisasjonen eller målstoda i området sitt.

Vi veit også at vi har mange vennar av målrørsla, som ikkje er medlemmar, men som kunne tenke seg å stø arbeidet vi driv enten som passive eller aktive medlemmar.

Vi ønsker derfor å ta initiativ til å få skipa eit lokallag som kan omfatte Lofoten og Vesterålen.

Det er per i dag ikkje noko eige fylkesmållag for Nordland, det nærmaste er Troms og Finnmark mållag. Fylkesmållaget ønsker saman med Noregs mållag å vere med på å få skipa eit lokallag og stø opp under arbeidet i skipingsfasen.

Treng vi eit mållag i Lofoten og Vesterålen ?


Det enkle svaret på dette spørsmålet gir seg nesten sjølv. Vi har 25-30 medlemmar i området, og berre det er grunn god nok til å skipe eit lokallag. Lofoten og Vesterålen ligg sentralt til i Nord-Noreg, og det er mange grunnar til å skipe eit mållag.

Reint praktisk er kommunikasjonstilhøva no slik at det er lett å komme seg imellom i denne regionen. Det kan kanskje verke å gape for høgt å inkludere både Lofoten og Vesterålen i eit slik lokallag. Men kanskje vi på sikt kan få til to lokallag. Det er lettare å satse med dei medlemmane ein har, så vil det sikkert komme til fleire etter kvart.

Kva skal Lofoten og Vesterålen mållag arbeide med


Her er mange arbeidsoppgåver å gripe fatt i. På heimesidene til Noregs Mållag vil dokker finne mange nyttige tips, vi viser her berre til desse sidene.  

Det kan òg vere greitt å undersøke meir kva andre mållag arbeider med, her er nokre lenker:
Varanger mållag (Facebook)
Målselv mållag (Facebook)
Harstad og omland mållag (Nynorsk Wikipedia)
Troms og Finnmark mållag (sjå innlegget på denne bloggen om "Dialekt og nynorsk i Lofoten og Vesterålen")
Noregs Mållag (Facebook)

Skipingsingsmøte 7. februar


Vi inviterer til opent møte torsdag 7. februar kl 1800 på Hadsel vgs der vi også legg opp til skiping av eit lokallag.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar