tirsdag 31. oktober 2017

Målselv Mållag er 70 år


Det blir ikkje noko jubileum utan gratulasjonskake. Her ser vi styremedlemmene i Målselv Mållag: Bak frå venstre Bodil Vinjevoll, Vidkun Haugli, Astrid Fjose, Kjell Magne Lundskar og Hilde Sagland. Framme Inger Margrethe Tronstad, Siv Holmin og leiar Nina Fjeldet som svingar kakespaden. Foto henta frå: nm.no
Laurdag 28. oktober feira Målselv Mållag i Troms 70 år med fest og konsert. På Høgtun var det staseleg lag med gode innslag frå Målselv spelmannslag. Festmiddagen var rett og slett elg skoten på teigen mållaget sjølv eig.

Etterpå var det konsert både for medlemmer og andre publikummarar med gruppa Fotefar og felespelaren Julie Alepnes. 

Kjøkemeister under tilstelllinga var Vidkun Haugli, og han hadde mykje å fortelje om ein nøkkelperson ved skipinga av Målselv Mållag i 1947, Johan Nymo. Nymo var også ein leiande spelemann, så det passa at tilstellinga blei prega av slåttar frå spelmannslaget. Leiaren for Målselv Mållag Nina Fjeldet er òg sentral i folkemusikkmiljøet på staden, og dermed var det neppe tilfeldig at feiringa fekk ei fin ramme av song og musikk.

Målselv spelmannslag bidrog til at feiringa fekk liv og spenst. Foto: nm.no
Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, heldt helsingstale og sa at mållaga i Troms og Finnmark er spesielt viktige fordi dei viser at Noregs Mållag famnar om heile landet. Han la òg vekt på at i Målselv har det vore nynorskklasse heilt fram til det siste, og at ein får håpe og tru at slike klassar kan bli stabla på beina igjen. Frå Troms og Finnmark fylkesmållag helsa leiar Magne Heide.

Gruppa Fotefar med Julie Alepnes heldt jubileumskonserten. Foto: nm.no
Etter middagen var det konsert med gruppa Fotefar, der dei presenterte førestillinga si "Flygande kråka får alltid mat" med songar tufta på repertoaret og folkeminna frå Edvard Ruud frå Elgnes utanfor Harstad. Gjennom eit langt virke sørgde Ruud for at fleire hundre nordnorske folkesongar blei tatt vare på - og han skreiv sjølvsagt på nynorsk.

Om lag 30 medlemmer var samla til festmiddag og rundt 60 publikummarar følgde konserten, og til slutt var det tid for hyggeleg etterpålag i peisestua ved kantina på Høgtun.

(Artikkel og bilde er henta frå nettstaden til Noregs Mållag: http://www.nm.no, 30.10.2017)


fredag 20. oktober 2017

Balsfjord Mållag 40 år

19. oktober 2017 hadde Balsfjord Mållag den tradisjonelle kulturkvelden sin og feira samstundes 40-årsjubileum. Mållaget kan skilte med eigen poet, Lillian Bernes Hay, og ho las prologen ho hadde skrive ved dette høvet.

Frå Samlaget kom redaktør Ellen Skjold Kvåle og presenterte forlaget og nokre av dei mest aktuelle forfattarane. Ho hadde med ei rekkje bøker som ho omtalte kort og interessevekkande, og bøkene var til sals etterpå.

Fylkeslagsleiar Magne Heide helsa frå Troms og Finnmark fylkesmållag.

Professor Arne Torp var foredragshaldar på jubileumskvelden. «Kvifor er Noreg dialektparadiset?» var tittelen på foredraget. Torp fanga publikum frå første stund og illustrerte dialektmangfald i Sverige og Danmark ved sida av vårt eige land. Vidare forklarte han korleis historie og språkpolitikk i Noreg har ført til ei sterk stode for dialektane våre. Arne Torp fekk stor applaus.