mandag 19. oktober 2020

Annleis, godt landsmøte i Noregs Mållag

Landsmøtet i Noregs Mållag gjekk i år som digitalt møte i helga 17.-18. oktober. Det var over 120 delegatar som deltok, og det heile blei styrt frå Sola. Landsmøtet gjorde fleir viktige vedtak knytt til den nye opplæringslova og  språklova som er i kjømda. Kravet om klassedeling for nynorskelevar i ungdomsskolen var særleg viktig.

Stort og smått i årsmeldinga

Det avgåtte styret hadde levert ei fyldig årsmelding for år 2018-2020.

Fyldig årsmelding
 
Gåve til Magne Aasbrenn frå Peder Lofnes Hauge (skjermdump)

Avtroppa leiar Magne Aasbrenn trekte fram fleire viktige saker i arbeidsåret:

  • Den nye læreplanen i skolen blir viktig. -Vi tapte kravet om eigen standpunktkarakter i 8. klasse og Vg2 i vidaregåande, men han skal vere ved avslutninga i 10. klasse og Vg3. Og så skal 4. klasse prøve ut nynorsk.
  • Fylkesreforma og kommunesamanslåingane har gitt oss eit nynorsk Vestland fylke, nokre tapte kommunar, men positive språkvedtak i fleire samanslåtte kommunar.
  • I lærarutdanninga må vi arbeide for at alle går ut med ein eigen karaktaer i nynorsk.
  • Og ikkje minst, vi har blitt fleire medlemmar.

Årsmeldinga blei godkjent samrøystes av landsmøtet. Rekneskap og budsjett blei også godkjent samrøystes.

Magne Aasbrenn blei takka av som leiar av Peder Lofnes Hauge med pene ord og ei fin gåve.


Fråsegner om ny opplæringslov, digitale læremiddel og ny språklov

Det blei lagt fram ei eige fråsegn på landsmøtet om den nye opplæringslova. Peder Lofnes Hauge innleidde, og han la vekt på at nynorskelevar ikkje må risikere å få eit dårlegare tilbod enn bokmålselvar, slik dei kan no. Det var særleg tre viktige krav: (1) Språkdelt ungdomsskole, (2) Digitale læremiddel på nynorsk, og (3) Hald på skolemålsrøystingane. Gunnhild Skjold kom med eit tilleggspunkt frå Norsk Målungdom: (4) Ei reell tilsynsordning. Etter debatt og ein del endringsframlegg vedtok landsmøtet ei samrøystes fråsegn.

Noregs Mållag har tidlegare sendt fråsegn om den nye språklova, og landsmøtet vedtok samrøsytes ei fråsegn om denne.

 Ei fråsegn om digitale læremiddel og kontorstøtteprogram blei også samrøystes vedtatt.

Du kan lese fråsegnene på heimesidene til Noregs Mållag (lenke):

Mållaget i Kristiansand hadde sendt inn eit framlegg til fråsegn om den nye språklova, men denne blei ikkje realitetsbehandla på landsmøtet. Det same gjaldt ei innsendt fråsegn frå Odda mållag om stortingsvalet 2021.

 

Helsingstalar

Undervegs i landsmøtet var det også fleire helsingstalar.

 Kjartan Helleve helste frå Kringkastingsringen, som var særleg nøgd med at NRK nådde 25 prosent nynorsk i 2019. 

Gunnhild Skjold (frå Tromsø) helste frå Norsk Målungdom, og ho la særleg vekt på at det måtte komme eit offentleg tilsynsansvar som gjorde at nynorskelevane kunne få språkrettane sine og ikkje berre var overlate til (u)velviljuge skolestyresmakter.

Per Magnus Finanger Sandsmark helste landsmøtet i Noregs Mållag med å fortelje at Nynorsk kultursentrum etablerer ei ordning for pilotbibliotek for nynorsk i fem kommunar i Innlandet, Viken, Vestfold og Telemark, Agder og Rogaland. Årsaka er at nynorskbrukarar aust og sør i landet møter mindre nynorsk utanfor skoleverket enn dei gjer i Vestland og Møre og Romsdal.

I helsingstalen sin til landsmøtet i Noregs Mållag sa kunnskapsminister Guri Melby at altfor mange nynorskbrukarar har for dårleg tilgang på læremiddel, annan litteratur og andre tekstar på det som er deira hovudmål. -Det er ei utfordring som eg som kunnskapsminister tek på alvor, sa ho.

Nana Rise-Lynum helste frå Norsk Barneblad, og ho viste på ein overtydande måte korleis Norsk Barneblad har fornya seg og blitt eit aktuelt blad for barn i alle aldrar.

 

Minnetalar

Peder Lofnes Hauge opna landsmøtet med å minnast fleire personar som har gått bort sia sist:

- Olga Meyer (1930-2018), kjent programleiar frå NRK;

- Torgeir Kvåle (1945-2018), leiar i Tingvatn mållag;

-Tore Sandvik (1934-2019), leiar i Hjelmeland mållag;

- Nils Moldøen (1950-2020) styremedlem og leiar i Hordaland mållag, styremedlem i NM;

- Kari Medaas (1939-2020), fekk bl.a. NM sin målpris i 2002 saman med Ivar Medaas. 

 

Magne Leon Heide

landsmøteutsending frå Troms og Finnmark mållag