søndag 30. januar 2022

ÅRSMØTE I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG 16. FEBRUAR 2022

 Årsmøte i Troms og Finnmark mållag 2022

Innkalling og sakspapir

Digitalt møte:

onsdag 16. februar 2022 kl. 1800-1930   

Praktiske opplysningar

Invitasjon

(1) Invitasjonen går til alle medlemslaga i Troms og Finnmark mållag:

     Balsfjord mållag, Harstad og omland mållag, Målselv mållag, Tromsø mållag, Varanger mållag.  

     Alle medlemmar frå desse laga har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett.

(2) Invitasjonen går òg til Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø, og til Noregs mållag. Medlemmar frå desse lokallaga har tale- og framleggsrett.

Møtestad:

Møtet vil skje som digitalt møte.

Påmelding:

Dei som ønsker å delta på årsmøtet må melde seg på seinast måndag 14. februar kl. 2000.

Påmelding skjer til tfmaallag@gmail.com.

Påmeldte deltakarar får tilsendt årsmelding (som også er sendt lokallaga) og rekneskap.


Sak 1 – Konstituering

1.1 – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter

1.2 – Val av ordstyrar og møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2021

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2021

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2021

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget

Sak 5 - Budsjett

5.1 – Fastsetjing av årspengar for 2022

5.2 – Budsjett 2022

Sak 6 - Val

6.1. – Val av styre og arbeidsutval (AU):

Styret er etter paragraf 5 i vedtektene samansett slik:

Styret for laget er leiar, kasserar og ein medlem med vara frå kvart av lagsstyra, oppnemnt av vedkommande styre. Styret peikar ut nestleiar.

Leiar, nestleiar og kasserar er arbeidsutval for styret med dei fullmaktene styret gir.

Lokallaga melder inn styremedlemmar.  AU (3 personar) blir vald på årsmøtet.

6.2 – Val av revisor

6.3 – Val av valnemnd

6.4 – Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag

SAK 7 – Innkomne saker og eventuelt

Lag som ønsker saker tatt opp, må melde desse seinast tysdag 8. februar kl. 20:00 til tfmaallag@gmail.com.


 Kort programinnslag på årsmøtet:  Det blir ei helsing frå Noregs Mållag.

30. januar 2022

Styret i Troms og Finnmark mållag

Magne Leon Heide (leiar), sign.

FORELDRA MÅ FÅ VETE AT DEI KAN VELJE NYNORSK I SKOLEN

Foreldre til minst 10 elevar på årstrinna 1-7 kan velje eit anna hovudmål, og slik kan dei få ein nynorsk parallellklasse på ein bokmålsskole. Slike parallellklassar har det vore ved fleire skolar i Troms fylke, i Tromsø, Balsfjord, Målselv og Skånland
På 1980-talet auka talet på nynorske parallellklassar i Troms

Det er frå tid til anna fleire foreldre som vender seg til mållaga med spørsmål om korleis ein skal gjere dette når ein melder eller skriv barnet sitt inn til 1. klasse. Troms og Finnmark mållag ønsker derfor at fleire kommunar tar eit grep og gjer språkvalet synleg på heimesidene sine. 

Målselv er unnatak – dei andre var flinke før 

Til no har vi berre funne ein kommune i Troms som har gjort dette synleg, nemleg Målselv som har hatt eit eksemplarisk opplysningsarbeid i fleire tiår om dette! 

Målselv har heilt frå 1980.....
...til i dag gjort merksam på retten til nynorsk!

Tromsø kommune, Balsfjord kommune, Harstad kommune og til og med Sørreisa kommune og Ibestad kommune har også vore flink med slike opplysningar tidlegare – men ikkje dei siste åra. 


I dag er vel kommunane Bergen og Ålesund som fortener mest honnør for grundig informasjon om desse rettane.

Troms og Finnmark mållag har skrive til Tromsø, Balsfjord, Senja og Harstad kommune og bedt dei gjere som fleire andre kommunar: gjere foreldra merksam på at det er mogeleg å velje nynorsk. 

Opplys foreldra om rettane sine 


Opplæringsloven par 2-5 seier: 
Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved. 

Troms og Finnmark mållag har bedt dei nemnte kommunane om å rette opp heimesidene sine slik at det kjem tydeleg fram at foreldre til elevar på årstrinna 1-7 kan krevje nynorsk opplæringsmål. Dette gjeld særleg sidene der ein kan melde inn eller skrive inn elevar til 1. klassetrinn.