torsdag 3. februar 2022

VIS FRAM DEN NYNORSKE LITTERATUREN !

Troms og Finnmark mållag har sendt ei oppmoding til alle folkebiblioteka i Troms og Finnmark om å vise fram den rike nynorske litteraturen.

Ei skattkiste

Den nynorske litteraturen er ei skattekiste i verdsklasse. Det er nok å lese "Nynorsk litteraturhistorie" for å skjøne dette. Den nynorske nettstaden Allkunne (no ein del av snl.no) oppsummerer dette slik

  • Frå 1843 til 2017 debuterte over 1400 med dikting i bokform på nynorsk og dialekt.
  • Fleire av dei nynorske diktarane har vorte nominerte til og vunne norske, nordiske, europeiske og internasjonale litteraturprisar og stipend.
  • På nominasjonslistene til Nobels litteraturpris 1901–1967 står både Arne Garborg, Olav Duun, Hans Henrik Holm og Tarjei Vesaas.
  • Tarjei Vesaas var første nordmann som fekk Nordisk råds litteraturpris..
  • Jon Fosse var den første diktaren som flytta inn i statens kunstnarbustad Grotten.

Rik nordnorsk og ungdommeleg litteratur

Også her i nord har vi også i rik mon forfattarar som har skrive på nynorsk og dialekt. På Nynorsk wikipedia finst det eit oversyn over den nordnorske nynorske litteraturen.

Ei viktig målgruppe er barn, unge og unge vaksne. Nynorsksenteret har laga fine boktips til desse aldersgruppene.

Nynorsk wikipedia har ei liste over nordnorske forfattarar som har skrive og skriv på nynorsk og dialekt

Aktiv formidling skapar positive haldningar

Troms og Finn mark mållag meiner det er viktig at publikum i nord blir kjent med denne litteraturen, ikkje minst for å gje folk innsyn i denne viktige delen av vår kulturhistorie. Her er formidlinga frå biblioteka viktig.  Ei aktiv formidling frå biblioteka også skapar positive haldningar til den nynorske litteraturen.  Dette viser ei undersøking som blei gjort i 2019.

Det er mange måtar å formidle den nynorske litteraturen på (t.h.) slik det går fram av ein artikkel i framtida.no.


Troms og Finnmark mållag oppmodar alle folkebiblioteka i Troms og Finnmark til å vise fram den nynorske litteraturen – frå nord og sør – på ein best mogeleg måte i biblioteket. Dette kan gjerast heile året eller ved spseielle høve. Kva med for eksempel å bruke "Nynorskdagen" 12. mai til ei felles markering, føreslår mållaget.