tirsdag 21. desember 2021

HØYRING OM NY OPPLÆRINGSLOV

Framlegg til ny opplæringslov har vore på høyring, og Troms og Finnmark mållag har sendt inn sitt høyringssvar. Det er særleg to krav som mållaget meiner er viktig å oppfylle. For det første må elevar med nynorsk som opplæringsspråk (hovudmål) få rett til opplæring i eiga språkgruppe i heile grunnskolen, klassesteg 1-10. Og i tillegg må elevar som har nynorsk som opplæringsspråk (hovudmål) få alle læremidla og tilleggsressursane sine på nynorsk.

Eigne språkgrupper

Departementet har føreslått at elevar på 8. til 10. klassesteg også skal har rett til å gå i eiga språkgruppe. Dette kravet stør Troms og Finnmark mållag. I dag er det slik at elevar på ungdomssteget ikkje har krav om å gå i eiga språkgruppe, og dette har ført til stort fråfall av nynorskbrukarar i språkblanda område.

Språkdelt ungdomsskole, den såkalla Odda-modellen, har vore ei kampsak for Noregs Mållag.


Nynorske læremiddel

Mangel på nynorske læremiddel har vore eit anna problem for nynorskelevar. Her er det føreslått ein lovtekst som har så mange unnatak og atterhald at det i praksis vil vere fritt fram for produsentar av læremiddel å vike unna kravet om å komme med nynorske versjonar av læremiddel. Troms og Finnmark mållag meiner at det må settast nøyare og strengare krav slik at alle læremiddel kjem på nynorsk. 

Les meir på framtida.no

Meir nynorsk i norskbøkene

Lærebøker i norskfaget er fritatt for parallellutgåver, dei skal ha nok tekstar både på nynorsk og bokmål. Men undersøkingar viser at nynorsktekstar utgjer ein altfor liten del av desse lærebøkene. Dermed kan nynorskelevar vere nøydde til å bruke fleire tekstar på bokmål enn på nynorsk, og dette er uheldig for språkopplæringa. Det er også ein fordel for bokmålselevar å få fleire tekstar på nynorsk. Ofte er norskbøkene den viktigaste kjelda bokmålselevane har for å møte nynorske tekstar, og eit lite språkdykk kan vere nyttig i sidemålsopplæringa.

Ida Marie Jegteberg har skrive masteroppgåve om nynorskkompetanse i grunnskolelærarutdanningane, og Liv Skåre Langnes har skrive om språkfordelinga i lesebøker i ungdomsskolen.
Les meir her

Nynorsk skolemål, parallellklassar og lærebokval

I dag har foreldre til minst 10 elevar rett til å få ein parallellklasse med anna opplæringsmål enn den som er vedtatt for skolen. Denne retten blir det føreslått å vidareføre, men departementet ønsker å gje kommunen rett til å bestemme både om slike parallellklassar skal slåast saman og til å bestemme kva for skole dei skal vere på. Med dei negative haldningane mange kommunar har til å opprette parallellklassar, kan dette vere ein nyttig veg for å legge snubletrådar i vegen for slike ønske. Troms og Finnmark mållag meiner at det må vere ein foreldrett både å velje klasse og skole. Det bør vere foreldra som ved vanleg fleirtal avgjer kva skole parallellklassane skal vere på.

Bokmålselevar i nynorskklassar. Les meir om dette i Norsk Tidend nr 4-2020

Fylkesmållaget meiner også at foreldra sin rett til å velje læremiddel på eit anna språk utholar det vedtatte opplæringsspråket. I dag opplever vi i fleire språkblanda område at det er så mange foreldre som ønsker bokmålsbøker, at nynorskopplæringa nesten blir erstatta med bokmål. Troms og Finnmark mållag meiner derfor at denne retten bør takast vekk. Opplæringsmålet bør vedtakast enten på skolenivå (skolemålsrøystingar) eller på klassenivå (parallellklassar), ikkje på foreldrenivå (lærebokval).

Nynorsk som sidemål – og fritak frå opplæring

I dag heiter det i opplæringsloven at "Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer." Dette er no føreslått erstatta med "Elevane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka, bokmål og nynorsk." På den eine sida samsvarer dette godt med at dei nye læreplanane for norskfaget alt etter 4. klassesteg seier at "Elevane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka, bokmål og nynorsk." Og etter 10. klassesteg skal elevane "skrive tekster med funksjonell tekstbinding og riktig tegnsetting og mestre rettskriving og ordbøying på hovedmål og sidemål".  På den andre gjer lovformuleringa det mogeleg å vente med sidemålsopplæringa til 10. klassesteg.

Troms fylkesmållag engasjerte seg tidleg i norskopplæringa. 18.-19.april 1980 arrangerte Nordnorsk Målungdom eit større seminar i Tromsø om norskopplæringa, og i november 1980  gav Troms fylkesmållag ut foredraga i eit eige hefte som vi her ser framsida av.

Når det gjeld fritak frå opplæring, er Troms og Finnmark mållag einig med departementet som seier at "hensikten med forskriftshjemmelen ikke er å utvide adgangen til fritak fra opplæringen sammenliknet med hvordan reglene er i dag."

Troms og Finnmark mållag er einig i kva for elevgrupper som skal kunne fritakast for sidemålsopplæring, men meiner at dette bør presiserast nøyare enten i lovteksten eller i føresegnene. Dei gruppene det bør gjelde, meiner fylkesmållaget er elevar som har:
- samisk som sitt førstespråk eller andrespråk, 
- kvensk og finsk som sitt andrespråk,
- teiknspråk eller 
- særskilt opplæring.

Utdanningsdirektoratet presiserer at det ikkje berre er retten til opplæring på samisk og finsk/kvensk, som gir fritak; elevane må også ha brukt denne retten og hatt opplæring i samisk eller finsk/kvensk på ungdomsskolen.

Fylkesmållaget er skeptiske til kva "fritak for opplæring" i sidemålet tyder. Her har departementet ikkje ein eintydig og klar begrepsbruk.  Det nærmaste avklaringa dei kjem til, er å seie "at enkelte elever kan fritas fra skriftlig opplæring i sidemål". Begrepet "opplæring" blir m.a.o. avgrensa til skriftleg bruk av nynorsk for bokmålselevar. Fylkesmållaget meiner at det må komme presiseringar som seier at elevane ikkje er fritatt for å lese nynorske tekstar, og for å forstå slike tekstar bør dei også ha ei opplæring i dei grunnleggande språktrekka i nynorsk.

Styrk samisk og kvensk i opplæringa

Troms og Finnmark mållag meiner også at det er viktig å styrke opplæringa i og på samisk, kvensk og finsk i grunnskolen, særleg for elevar som vel dette som førstespråk eller andrespråk. For samiske elevar må minimums-elevtalet senkast frå 10 til 3 elevar. Og for kvensk og finsk meiner fylkesmållaget at retten til opplæring må utvidast til å gjelde heile landet, ikkje berre Troms og Finnmark som det er foreslått.

Les meir i avisa Utror

Det er også foreslått at "Kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk kan gi forskrift om at elevane skal ha opplæring i grunnleggjande ferdigheiter i samisk og opplæring om samisk kultur." Fylkesmållaget understrekar at timar til dette ikkje må takast frå norskfaget (som kommunal fritaksgrunn), men at det må hentast frå andre hald.

Du kan lese høyringsnotatet frå Troms og Finnmark mållag her.


Magne Leon Heide