lørdag 26. juni 2021

OPTIMISTISK MÅLLAG

Koronaåret har gjort det vanskeleg å drive lagsverksemd, men no har styret i Troms og Finnmark mållag hatt møte og sett på kva som kan gjerast i året som kjem.

Nynorskopplæringa i skolen

Den høgast prioriterte saka er nynorskopplæringa i skolen. Med den nye læreplanen skal elevar frå 4. årssteget møte nynorsk litteratur og språk, og dette set ny utfordringar for skolane og lærarane. Samtidig kan  nynorskopplæringa på ungdomssteget og i den vidaregåande skolen også gjerast stadig betre. Nynorsk er ikkje vanskeleg å lære seg nordpå, og det krevst berre litt motivasjon, så går det meste glatt. Mållaget vil arbeide for å gje skolane eit oversyn over gode tiltak i nynorskopplæringa på alle årsstega.

Nynorsksenteret arrangerer seminar om nynorskopplæringa

Nynorsk litteratur

Nynorsk litteratur er viktig, og i tillegg til dei nordnorske forfattarane som skriv gode nynorske bøker, finst det også ein skog av nynorsk litteratur som trengst å gjerast kjent. Troms og Finnmark mållag vil gjere sitt beste for å spreie informasjon om den nynorsk litteraturen gjennom både blogg og Facebok.

Les meir på Framtida.no


Samisk og kvensk

Stoda for samisk og kvensk språk, litteratur og kultur har vore viktig for mållaget i mange år, og Troms og Finnmark mållag har bl.a. tatt initiativ for å tillate fleirspråklege adressenamn (kvite vegskilt) som no er forbode.

Les heile innlegget her

Fleire nynorskelevar !

Talet på nynorskelevar i nord kan aukast, og mållaget vil informere om kva rettar elevar har til å kunne velje hovudmål sjølv. 

Troms og Finnmark mållag håper at korona-situasjonen blir slik at det snart er fullt forsvarleg å arrangere møte og seminar, noko mållaget ønsker å få til i året som kjem.