søndag 11. mars 2018

Meir nordnorsk nynorsk

- Dei nordnorske universiteta må følgje målloven. Det krev Troms og Finnmark mållag, som nettopp har avvikla årsmøtet sitt i Harstad. Fylkeslaget organiserer rundt 230 medlemmar av dei rundt 300 medlemmane som Noregs Mållag har i Troms og Finnmark.

Auka nynorskbruk ved universiteta


Mållaget har skrive til både Universitetet i Troms og Nord universitet i Bodø og understreka at det er viktig at dei viser det nynorske skriftspråket i ein landsdel som har ein munnleg norsk dialektbruk som ligg så kloss opptil nynorsk skriftspråk som det er råd å vente – og samtidig fjernt frå det konservative bokmålet som elles rår i akademia. Mållaget har rost begge universiteta for at dei no har sett i gong eit arbeid for å auke nynorskbruken.


Nynorsken må fram i lyset


Troms og Finnmark mållag arbeider òg for at fleire skal ta i bruk nynorsk, i første rekke som hovudmål, men laget ser òg at det er mykje som kan gjerast med å styrke sidemålsopplæringa i nynorsk i skolen. Mållaget har bl.a. arbeidd for å vise alle dei nordnorske forfattarane som har skrive og skriv på nynorsk, gjennom eit eige prosjekt på Nynorsk wikipedia. – Det dreier som om bortimot eitt hundre skjønnlitterære forfattarar som gjennom 150 år har produsert rundt 300 bøker. Det trengst å komme fram mykje klarare i lyset, meiner mållaget.

Mållaget har òg eit vakent auge for språkleg mangfald i nord. - Samisk og kvensk språk treng tiltak og ordningar som kan betre situasjonen for desse språka, meiner mållaget.

Magne Leon Heide blei attvalt til leiar i Troms og Finnmark mållag. Med seg i styret har han medlemmar frå mållaga i dei to nordlegaste fylka.



-Nynorsk har aldri hatt så gode vilkår som nå, fortalde Ingar Arnøy frå Noregs Mållag på årsmøtet til Troms og Finnmark mållag. Foto: Magne Leon Heide.