Auka nynorskbruk ved universiteta
Mållaget har skrive til både Universitetet i Troms og Nord
universitet i Bodø og understreka at det er viktig at dei viser det nynorske
skriftspråket i ein landsdel som har ein munnleg norsk dialektbruk som ligg så
kloss opptil nynorsk skriftspråk som det er råd å vente – og samtidig fjernt
frå det konservative bokmålet som elles rår i akademia. Mållaget har rost begge
universiteta for at dei no har sett i gong eit arbeid for å auke nynorskbruken.
Nynorsken må fram i lyset
Troms og Finnmark mållag arbeider òg for at fleire skal ta i
bruk nynorsk, i første rekke som hovudmål, men laget ser òg at det er mykje som
kan gjerast med å styrke sidemålsopplæringa i nynorsk i skolen. Mållaget har
bl.a. arbeidd for å vise alle dei nordnorske forfattarane som har skrive og
skriv på nynorsk, gjennom eit eige prosjekt på Nynorsk wikipedia. – Det dreier
som om bortimot eitt hundre skjønnlitterære forfattarar som gjennom 150 år har
produsert rundt 300 bøker. Det trengst å komme fram mykje klarare i lyset,
meiner mållaget.
Mållaget har òg eit vakent auge for språkleg mangfald i
nord. - Samisk og kvensk språk treng tiltak og ordningar som kan betre
situasjonen for desse språka, meiner mållaget.
Magne Leon Heide blei attvalt til leiar i Troms og Finnmark
mållag. Med seg i styret har han medlemmar frå mållaga i dei to nordlegaste
fylka.
-Nynorsk har aldri hatt så gode vilkår som
nå, fortalde Ingar Arnøy frå Noregs Mållag på årsmøtet til Troms og Finnmark
mållag. Foto: Magne Leon Heide.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar