lørdag 21. september 2019

VELLYKKA HAUSTSEMINAR


Haustseminaret til Troms og Finnmark mållag blei i år halde i Nordkjosbotn laurdag 21. september med Balsfjord mållag som vertskap. Det var ei stor forsamling som møtte fram, rundt 25 deltakarar. Dei fleste kom frå Balsfjord, men Tromsø hadde også ein stor delegasjon, i tillegg til utsendingar frå mållaga i Varanger og Harstad.

Vilde Øines Nybakken innleidde om avisspråket i nord. Vilde kunne fortelje om ei god utdanning ved Nynorsk avissenter i Førde. Samstundes viste ho til alle dei gode nynorsk-journalistane som er utdanna herifrå. Ho kom også inn på kva for utfordringar nynorske journalistar møter i kvardagen. No er Vilde journalist i Fremover i Narvik, og der må ho bruke bokmål som skriftspråk. Men ho både tvitrar og skriv Facebook på nynorsk, og ho har også levert ein artikkel til "Syn og Segn" i år.

Den neste innleiaren var Åse Mette Johansen frå Universitetet i Tromsø der ho arbeider med språkkontakt, fleirspråklegheit og språkbyte. Ho viste korleis den kvenske og samiske språket påverka det norske språket i dei fleirspråklege miljøa i Nord-Troms og Finnmark. Dette fekk også tilhøyrarane til å kommentere den lokale språkbruken i Balsfjord, der det er nær kontakt til eit samisk og kvensk språkmiljø.

Eva Johnsen frå Storsteinnes, som no er pensjonert lærar og som har vore ordførar i Balsfjord, kunne så fortelje om erfaringane ho hadde som lærar for eit av dei fire kulla med elevar som har hatt nynorsk som hovudmål i Balsfjord mellom 1984 og 2000. Elevane var svært bevisst om at dei hadde nynorsk, og foreldra støtta også godt om språkarbeidet. Skolen og biblioteket var også til god hjelp. Fleire av elevane har i ettertid fortalt at dei har fått god bruk for nynorsken i arbeid og fritid. Eva Johnsen las også eigne dikt.

Til slutt tok Trond Trosterud (Tromsø mållag) for seg arbeidet med nytt prinsipprogram i Noregs Mållag. Trond sit i nemnda som skal arbeide ut dette. Han hadde ein grei gjennomgang av ulike sider ved nytt prinsipprogram.
Balsfjord mållag hadde ordna lokale og stod for god servering undervegs på eit svært vellukka haustseminar.

onsdag 11. september 2019

PROGRAM FOR HAUSTSEMINAR I BALSFJORD 21. SEPTEMBER ER KLART

Troms og Finnmark mållag inviterer til 

OPENT HAUSTSEMINAR:

Språk og medier i nord


på Nordkjosbotn videregående skole

laurdag 21. september 2019  
kl 1130-1530
Programmet er lagt opp etter buss til/frå Tromsø og Målselv/Narvik.

Program:

Medlemmar i mållaga i Troms og Finnmark kan få dekt reisa ved førehandspåmelding (og godkjenning av reiseutgifter) til Magne Leon Heide (leiar), tlf/sms 97088957.