mandag 10. oktober 2022

VELLYKKA HAUSTSEMINAR OM DIALEKT I NORD

Troms og Finnmark mållag avvikla ei vellykka haustsamling sist i september. Rundt 30 deltakarar frå mållaga i Troms hadde funne vegen til Nordkjosbotn der Balsfjord mållag varta opp med kaffi og god mat. Det var nordnorske dialektar, og særleg nordnorske ordsamlingar, som stod på dagsordenen. Og gjennom fleire innlegg fekk deltakarane godt innsyn i ulike sider ved dialektgransking og dialektordsamlingar med eit nordnorsk perspektiv.

Det var stort oppmøte på haustsamlinga til Troms og Finnmark mållag i Balsfjord.

Nordnorske ordsamlingar


Professor emerita Tove Bull frå Universitetet i Tromsø opna haustsamlinga med eit foredrag om «Nordnorske ordsamlingar». Ho gav eit interessant historisk oversyn over ordsamlingar frå 1600-talet og fram til i dag. Dei første innsamlarane var prestar og embetsfolk, og det var gjerne det danske kanselliet sine ønske om å samle «provinsialismer» og «de rareste Ord og Talemaader», her tyder «rar» det same som «merkeleg».


Professor emerita Tove Bull fortel om nordnorske ordsamlingar


Ikkje alle prestar var språkkunnige, så ein må vere kritisk, meinte Bull. Men for henne var Knut Leem (1696-1774) ein «helt». I tillegg til å vere utdanna teolog kunne han også samisk, og ordsamlinga hans er svært påliteleg. Andre prestar som samla inn ord til København var E.G. Schytte (utg. 1813) i Lofoten, E. A. Colban i Lofoten (1812) og O.B. Gotaas (1811) i Lyngen.

Tove Bull understreka at norsk dialektologi for alvor starta med Ivar Aasen sitt innsamlingsarbeid. Det finst fleire nordnorske dialektsamlingar i Aasen-arkivet, og Aasen skreiv også ned ord og uttrykk, særleg frå reisene sine på Helgeland og i Lofoten. To andre ordsamlingar frå Aasens samtid er også viktige, prestane M.F. Steen skreiv ned ord frå Lyngen (1835) og Elias Thesen i Hadsel skreiv ned frå nordre Nordland (1861). 

I nyare tid er det også komme fleire nordnorske ordsamlingar. Bull nemnte særleg Johan Hvedings «Håløygsk ordsamling» som kom i 1968. Det lokalhistoriske skriftet Håløygminne har også mykje ordstoff, og det same gjeld Nordnorsk magasin. Frå dei siste åra trekte Bull særleg fram Eli Johanne Ellingsve si bok 1000 ord i nord (2012), Helge Stangnes si humoristisk-faglege bok Kjøss meg på måndag (2002) og den originale senja-ordsamlinga til Steinar Nymo, Ikkje så galle? (2013). Men ho understreka at det også finst ein haug med hefte og årbokstoff frå heile landsdelen.

Alle forfattarane er opptatt av å bevare, meinte Bull. Dei vil ikkje at ord skal gå i glømmeboka, dei vil ta vare på den kulturen som orda representerer, og feste denne kulturhistoria i eit kollektivt minne. Men nokre ordsamlingar er laga for å more, utan at det alltid er like morosamt, ofte baserer ukunnige forfattarar seg på misforståingar. Bull tok til orde for eit nærmare samarbeid med fagfolk, og ho viste til samarbeidet som er mellom historieinteresserte og historikarar i nord.

Barns leikespråk


Bror-Magnus S. Strand hadde berre fjorten dagar før haustseminaret disputert på ei avhandling om barns leikespråk. Han gav forsamlinga eit djupdykk inn i barns rolleleik der dei bytter til austnorsk talespråk i leiken. Han illustrerte dette med å vise korleis barn kunne bruke eit hjarteskjell som ein «sau» i leiken.  For å få dette bytet til bruker barna eit rikt register av verkemidlar. 

Strand viste korleis barna bytta ut nordnorsk ord som «æ, mæ, dæ» med austnorsk «jei, mei, dei». Og over tid blir barna meir konsekvente i bruken av austnorske former. I tillegg bruker barna også andre signal, som mørkare stemme. 

Bror-Magnus S. Strand har nett disputert om barns leikespråk

Barna bruker ikkje heile det austnorske språksystemet, dei brukar berre det dei treng for å overtyde medleikarane. Og då er det dei mest høgfrekvente orda som gjeld. Barna prøver seg også på austnorsk tonelag, men dei bruker ikkje heile systemet rett, dei beherskar t.d. ikkje samansettingstonelaget der austnorsk skil mellom to tonem. 

Strand avslutta med nokre refleksjonar over dette fenomenet. Han nemnte eksempel frå andre land der ein brukte standardspråk framfor dialekt i rolleleik. Men det er påfallande at vi bruker standardspråk i Noreg når dialektane har så høg status. Strand var ikkje bekymra for påverknaden dette hadde på dialektbruken. Etter kvart som barna blir flinkare å bruke austnorsk i rolleleik, så blir dei flinkare til å halde dette separat frå sin eigen dialekt. 

Fleire av møtedeltakarane kunne fortelje om eigne erfaringar med å prate «søring» i rolleleik. Nokre hadde også opplevd at ungar sørfrå hadde prata lokale dialektar viss dei var ofte på besøk ein annan stad i landet, og det var til og med anekdotiske forteljingar om ungar sørpå som la om til nordnorsk etter å ha sett NRK sine barneprogram frå Nord-Noreg.

Nordnorske ord lokalt og i den store verda


Ove Orvik kom til Vesterålen i 1990, og der har han arbeidd som lektor i vidaregåande skole. Han begynte tidleg å skrive ordbøker, den første var Midsundsk ordbok i (1988). Og året etter kom ei ordbok frå Fræna (no: Hustadvika), Frænsk ordbok (1989). Det var stor interesse, og den første ordboka kom straks i nytt opplag.

Ove Orvik har skrive og gitt ut fleire ordsamlingar.

Etter nokre år i Vesterålen, kom han i gang med ordinnsamling, og det endte med Vesterålsk ordbok i 1997. Den blei utselt, og eg måtte trykke nytt opplag som også blei utselt. Etterspørsel gav seg ikkje, og i 2001 gav han ut Ord og dialekt i Vesterålen, nå også med dialektprøver frå dei fem kommunane. Alt i alt reknar Orvik med å ha selt nokre tusen ordbøker til kjøparar over heile landet.

Men kva er motivasjonen for å skrive slike ordsamlingar? Orvik meinte det var samansett. På den eine sida er det litt nostalgi, orda må skrivast ned for å takast vare på. Slik skapar ein medvit om språkutviklinga. Ord går ut av bruk og nye kjem til, men dei gamle orda ligg i minnet og kan komme fram. Ordsamlingane kan også styrke den lokale identiteten, og dei kan dokumentere reiskapar og teknikkar som har vore.

I 2017 start Orvik eit prosjekt med kystspråk der han ville dokumentere ord og uttrykk knytt til kystkulturen i tre område: Vesterålen, Romsdal og Aust-Island. Det har vore utstrekt samhandling mellom desse områda både med kvalfangst, torskefiske, sildefiske og fiskeindustri. Og då har det ikkje vore unaturleg at ord og uttrykk har vandra mellom desse områda slik Orvik kunne vise med fleire eksempel.

Orvik kunne også røpe at han no heldt på med eit av dei største prosjekta sine. Han arbeider med materialet etter Hallfrid Christiansen, som i si tid prøvde å samle inn til ei nordnorsk ordbok. Orvik håpar at han i løpet av eit års tid er ferdig med dette arbeidet som kan dokumentere ordtilfanget i nord i dei første tjue åra etter krigen, slik Christiansen samla det inn i Troms og Nordland.

Kviss og kopp med balsfjord-ord


På haustsamlinga  var det også ei lita utstilling av eit tjuetals nordnorske ordbøker. Eit oversyn over tilgjengelege bøker blei også lagt ut, og det vil komme på denne sida. Det var også ein kort gjennomgang av ulike arbeid med dialektord som har vore drive i lokale mållag. Varanger mållag har gitt ut eit eige hefte om Vadsø-dialekten, Harstad og omland mållag har publisert eit par artiklar med dialektord. Senjamållaget har gitt ut ei eiga ordbok og ein senjamålsgrammatikk. Målselv mållag har hatt ei ordspalte «Målkråa» gåande kvar veke i avisa Nye Troms sidan 2017.

Balsfjord mållag har laga ein eigen balsfjord-kopp

Balsfjord mållag har i fleire år laga ein språk-kviss med lokale dialektord. Deltakarane på haustsamlinga fekk også prøve seg på dette, og alle laga fekk ei tvoga (kopptua) med dialektord som premie.  I tillegg presenterte Balsfjord mållag ein heilt ny dialekt-kopp som laget hadde fått produsert. Her hadde dei lagt vinn på å få fram lokale dialektord.

Helsing frå Noregs Mållag


Fungerande leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre, var også til stades på haustsamlinga, og ho fortalte om aktuelle saker som organisasjonen arbeider med. 

Det var ei fornøgd forsamling som roste Balsfjord mållag og Troms og Finnmark mållag for ei vel gjennomført haustsamling.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar