mandag 10. oktober 2022

VELLYKKA HAUSTSEMINAR OM DIALEKT I NORD

Troms og Finnmark mållag avvikla ei vellykka haustsamling sist i september. Rundt 30 deltakarar frå mållaga i Troms hadde funne vegen til Nordkjosbotn der Balsfjord mållag varta opp med kaffi og god mat. Det var nordnorske dialektar, og særleg nordnorske ordsamlingar, som stod på dagsordenen. Og gjennom fleire innlegg fekk deltakarane godt innsyn i ulike sider ved dialektgransking og dialektordsamlingar med eit nordnorsk perspektiv.

Det var stort oppmøte på haustsamlinga til Troms og Finnmark mållag i Balsfjord.

Nordnorske ordsamlingar


Professor emerita Tove Bull frå Universitetet i Tromsø opna haustsamlinga med eit foredrag om «Nordnorske ordsamlingar». Ho gav eit interessant historisk oversyn over ordsamlingar frå 1600-talet og fram til i dag. Dei første innsamlarane var prestar og embetsfolk, og det var gjerne det danske kanselliet sine ønske om å samle «provinsialismer» og «de rareste Ord og Talemaader», her tyder «rar» det same som «merkeleg».


Professor emerita Tove Bull fortel om nordnorske ordsamlingar


Ikkje alle prestar var språkkunnige, så ein må vere kritisk, meinte Bull. Men for henne var Knut Leem (1696-1774) ein «helt». I tillegg til å vere utdanna teolog kunne han også samisk, og ordsamlinga hans er svært påliteleg. Andre prestar som samla inn ord til København var E.G. Schytte (utg. 1813) i Lofoten, E. A. Colban i Lofoten (1812) og O.B. Gotaas (1811) i Lyngen.

Tove Bull understreka at norsk dialektologi for alvor starta med Ivar Aasen sitt innsamlingsarbeid. Det finst fleire nordnorske dialektsamlingar i Aasen-arkivet, og Aasen skreiv også ned ord og uttrykk, særleg frå reisene sine på Helgeland og i Lofoten. To andre ordsamlingar frå Aasens samtid er også viktige, prestane M.F. Steen skreiv ned ord frå Lyngen (1835) og Elias Thesen i Hadsel skreiv ned frå nordre Nordland (1861). 

I nyare tid er det også komme fleire nordnorske ordsamlingar. Bull nemnte særleg Johan Hvedings «Håløygsk ordsamling» som kom i 1968. Det lokalhistoriske skriftet Håløygminne har også mykje ordstoff, og det same gjeld Nordnorsk magasin. Frå dei siste åra trekte Bull særleg fram Eli Johanne Ellingsve si bok 1000 ord i nord (2012), Helge Stangnes si humoristisk-faglege bok Kjøss meg på måndag (2002) og den originale senja-ordsamlinga til Steinar Nymo, Ikkje så galle? (2013). Men ho understreka at det også finst ein haug med hefte og årbokstoff frå heile landsdelen.

Alle forfattarane er opptatt av å bevare, meinte Bull. Dei vil ikkje at ord skal gå i glømmeboka, dei vil ta vare på den kulturen som orda representerer, og feste denne kulturhistoria i eit kollektivt minne. Men nokre ordsamlingar er laga for å more, utan at det alltid er like morosamt, ofte baserer ukunnige forfattarar seg på misforståingar. Bull tok til orde for eit nærmare samarbeid med fagfolk, og ho viste til samarbeidet som er mellom historieinteresserte og historikarar i nord.

Barns leikespråk


Bror-Magnus S. Strand hadde berre fjorten dagar før haustseminaret disputert på ei avhandling om barns leikespråk. Han gav forsamlinga eit djupdykk inn i barns rolleleik der dei bytter til austnorsk talespråk i leiken. Han illustrerte dette med å vise korleis barn kunne bruke eit hjarteskjell som ein «sau» i leiken.  For å få dette bytet til bruker barna eit rikt register av verkemidlar. 

Strand viste korleis barna bytta ut nordnorsk ord som «æ, mæ, dæ» med austnorsk «jei, mei, dei». Og over tid blir barna meir konsekvente i bruken av austnorske former. I tillegg bruker barna også andre signal, som mørkare stemme. 

Bror-Magnus S. Strand har nett disputert om barns leikespråk

Barna bruker ikkje heile det austnorske språksystemet, dei brukar berre det dei treng for å overtyde medleikarane. Og då er det dei mest høgfrekvente orda som gjeld. Barna prøver seg også på austnorsk tonelag, men dei bruker ikkje heile systemet rett, dei beherskar t.d. ikkje samansettingstonelaget der austnorsk skil mellom to tonem. 

Strand avslutta med nokre refleksjonar over dette fenomenet. Han nemnte eksempel frå andre land der ein brukte standardspråk framfor dialekt i rolleleik. Men det er påfallande at vi bruker standardspråk i Noreg når dialektane har så høg status. Strand var ikkje bekymra for påverknaden dette hadde på dialektbruken. Etter kvart som barna blir flinkare å bruke austnorsk i rolleleik, så blir dei flinkare til å halde dette separat frå sin eigen dialekt. 

Fleire av møtedeltakarane kunne fortelje om eigne erfaringar med å prate «søring» i rolleleik. Nokre hadde også opplevd at ungar sørfrå hadde prata lokale dialektar viss dei var ofte på besøk ein annan stad i landet, og det var til og med anekdotiske forteljingar om ungar sørpå som la om til nordnorsk etter å ha sett NRK sine barneprogram frå Nord-Noreg.

Nordnorske ord lokalt og i den store verda


Ove Orvik kom til Vesterålen i 1990, og der har han arbeidd som lektor i vidaregåande skole. Han begynte tidleg å skrive ordbøker, den første var Midsundsk ordbok i (1988). Og året etter kom ei ordbok frå Fræna (no: Hustadvika), Frænsk ordbok (1989). Det var stor interesse, og den første ordboka kom straks i nytt opplag.

Ove Orvik har skrive og gitt ut fleire ordsamlingar.

Etter nokre år i Vesterålen, kom han i gang med ordinnsamling, og det endte med Vesterålsk ordbok i 1997. Den blei utselt, og eg måtte trykke nytt opplag som også blei utselt. Etterspørsel gav seg ikkje, og i 2001 gav han ut Ord og dialekt i Vesterålen, nå også med dialektprøver frå dei fem kommunane. Alt i alt reknar Orvik med å ha selt nokre tusen ordbøker til kjøparar over heile landet.

Men kva er motivasjonen for å skrive slike ordsamlingar? Orvik meinte det var samansett. På den eine sida er det litt nostalgi, orda må skrivast ned for å takast vare på. Slik skapar ein medvit om språkutviklinga. Ord går ut av bruk og nye kjem til, men dei gamle orda ligg i minnet og kan komme fram. Ordsamlingane kan også styrke den lokale identiteten, og dei kan dokumentere reiskapar og teknikkar som har vore.

I 2017 start Orvik eit prosjekt med kystspråk der han ville dokumentere ord og uttrykk knytt til kystkulturen i tre område: Vesterålen, Romsdal og Aust-Island. Det har vore utstrekt samhandling mellom desse områda både med kvalfangst, torskefiske, sildefiske og fiskeindustri. Og då har det ikkje vore unaturleg at ord og uttrykk har vandra mellom desse områda slik Orvik kunne vise med fleire eksempel.

Orvik kunne også røpe at han no heldt på med eit av dei største prosjekta sine. Han arbeider med materialet etter Hallfrid Christiansen, som i si tid prøvde å samle inn til ei nordnorsk ordbok. Orvik håpar at han i løpet av eit års tid er ferdig med dette arbeidet som kan dokumentere ordtilfanget i nord i dei første tjue åra etter krigen, slik Christiansen samla det inn i Troms og Nordland.

Kviss og kopp med balsfjord-ord


På haustsamlinga  var det også ei lita utstilling av eit tjuetals nordnorske ordbøker. Eit oversyn over tilgjengelege bøker blei også lagt ut, og det vil komme på denne sida. Det var også ein kort gjennomgang av ulike arbeid med dialektord som har vore drive i lokale mållag. Varanger mållag har gitt ut eit eige hefte om Vadsø-dialekten, Harstad og omland mållag har publisert eit par artiklar med dialektord. Senjamållaget har gitt ut ei eiga ordbok og ein senjamålsgrammatikk. Målselv mållag har hatt ei ordspalte «Målkråa» gåande kvar veke i avisa Nye Troms sidan 2017.

Balsfjord mållag har laga ein eigen balsfjord-kopp

Balsfjord mållag har i fleire år laga ein språk-kviss med lokale dialektord. Deltakarane på haustsamlinga fekk også prøve seg på dette, og alle laga fekk ei tvoga (kopptua) med dialektord som premie.  I tillegg presenterte Balsfjord mållag ein heilt ny dialekt-kopp som laget hadde fått produsert. Her hadde dei lagt vinn på å få fram lokale dialektord.

Helsing frå Noregs Mållag


Fungerande leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre, var også til stades på haustsamlinga, og ho fortalte om aktuelle saker som organisasjonen arbeider med. 

Det var ei fornøgd forsamling som roste Balsfjord mållag og Troms og Finnmark mållag for ei vel gjennomført haustsamling.  

mandag 25. juli 2022

17. SEPTEMBER: DIALEKT PÅ DAGSORDENEN

 Arbeidet for dialektane har vore viktig i målrørsla i alle år, og fleire mållag arbeider på forskjellige måtar både for å ta vare på dialektane og for å auke kunnskapen om dei. Innsamling og publisering har vore viktig i mange år.

Troms og Finnmark mållag vil i haust arrangere eit seminar som vil sette søkelyset på ulike sider ved dialektarbeidet. Det vil bli innlegg frå både fagfolk og lokale dialektentusiastar. Frå Universitetet i Tromsø kjem Tove Bull som vil ta føre seg nordnorske ord i folkeleg leksikografi, med eksempel frå fleire lokale ordsamlingar. Ein annan frå UiT som deltar, er Bror-Magnus Sviland Strand, han vil fortelje om doktorgradsarbeidet sitt om barns leikespråk. 

Tove Bull
Bror-Magnus Sviland Strand


Det vil også bli presentasjonar av ulike arbeid med ordbøker og ordsamlingar frå Vesterålen, Senja, Harstad, Målselv og Balsfjord. Her er det mykje god ordkunnskap som ligg gøymt. Det vil dessutan bli ei utstillinga av nordnorske ordsamlingar. Og det vil bli høve til å drøfte korleis ein kan drive dette arbeidet lokalt.

Seminaret vil bli arrangert i Nordkjosbotn i Balsfjord laurdag 17. september.

Senjamåls-ord

Målselv-ord

Vesteråls-ord

torsdag 31. mars 2022

GOD NYNORSKOPPLÆRING FOR ALLE

Medlemstalet i Noregs Mållag har nått nye høgder. Med over 15000 medlemmar må mållaget heilt tilbake til 1985 for å sjå eit høgare medlemstalet. Troms og Finnmark mållag merkte også denne medlemsauken i 2021, med 262 medlemmar i dei fem medlemslaga, Varanger, Balsfjord, Tromsø, Målselv og Harstad og omland mållag. I tillegg kjem Senjamållaget og Studentmållaget slik at det no er godt over 300 medlemmar i det nordlegaste fylket.

Det var derfor eit optimistisk årsmøte som blei avvikla i år. Ved sia av medlemsauke kunne årsmeldinga også vise til aktivt arbeid på fleire område. Mållaget har igjen komme i gang med fysiske møte, og det blei avvikla eit vellykka målseminar i oktober som tok opp ulike språktema.


Betre nynorskopplæring

Troms og Finnmark mållag er opptatt av å få til ei god opplæring i nynorsk som sidemål i grunnskolen og den vidaregåande skolen. I året som gjekk oppmoda mållaget barneskolane i Troms om å delta på eit digitalt seminar "God start med nynorsk på 5.-7. trinn" som Nynorsksenteret arrangerte. I året som kjem vil mållaget også arbeide for at ungdomsskolen og den vidaregåande skolen skal bli betre rusta til å gje ei inspirerande nynorskopplæring.

 

Vis fram dei nynorske forfattarane

Det har i fleire år vore arbeidd med å skape eit betre oversyn over alle dei forfattarane har skrive og skriv nynorsk og dialekt. Dette prosjektet er knytt til Nynorsk wikipedia. Mållaget har sidan 2017 vore i kontakt med Nordland fylkesbibliotek for å få dei til å presentere desse forfattarane på nynorsk, men framleis inneheld nettsida deira, Litteraturnett Nord-Norge, berre presentasjonar frå bokmåls-wikipediaen. Mållaget meiner at det no er på høg tid at nynorsk blir brukt her.

 

Her er nokon av dei nordnorske forfattarane som skriv nynorsk eller dialekt. (Nynorsk wikipedia)

Framleis forbod mot fleirspråklege adressenamn

I juni 2021 sendte Troms og Finnmark eit skriv til Klima- og miljøverndepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Språkrådet og Kartverket der vi bad om at forbodet mot fleirspråklege adressenamn blei oppheva. Det kom eit svar 1. juli 2021 som opna for ein positiv utgang, og etter at det kom ny regjering sendte vi ei ny oppmoding 3. februar der vi understreka at det hastar med å tillate fleirspråklege adressenamn.  

Svar frå departementet (kmd) 1. juli 2021 (utdrag)

Svaret frå departementet 22. februar 2022 er tilbake til start: "Departementet planlegg for tida ikkje endringar i det gjeldande adressesystemet. Det gjeldande systemet er slik at ein og same veg berre kan ha eit adressenamn. Det er kommunane som fastset høvelege adressenamn, anten kommunen i eit konkret tilfelle vel eit namn på samisk, kvensk eller norsk språk." Det er m.a.o. ikkje tillate med fleire parallelle adressenamn, det skal berre vere eitt adressenamn, og dermed tapar samisk og særleg kvensk i denne kampen.

Svar frå departementet (kmd) 22. februar 2022

Arbeidsplan

Årsmøtet i Troms og Finnmark mållag vedtok denne arbeidsplanen:

    1. Arbeid for ei god opplæring i nynorsk som sidemål i grunnskolen og den vidaregåande skolen.
2. Auke kjennskapen til nynorsk litteratur og nynorske forfattarar, og arbeide med Nynorsk wikipedia.
3. Støtte opp om arbeid for nynorske parallellklassar.
4. Skrive meir i avisene om målsak og på nynorsk, og bruke FB og blogg aktivt.
5. Fylkessamling hausten 2022.
6. Stø arbeidet for språkleg rettferd for samar og kvenar.
7. Ta vare på målarkiva.  

Magne Leon Heide frå Harstad og omland mållag held fram som leiar i Troms og Finnmark mållag.  Med seg i styret har han Gunnhild Skjold frå Tromsø og Rønnaug Ryssdal frå Varanger mållag.


 

 


torsdag 3. februar 2022

VIS FRAM DEN NYNORSKE LITTERATUREN !

Troms og Finnmark mållag har sendt ei oppmoding til alle folkebiblioteka i Troms og Finnmark om å vise fram den rike nynorske litteraturen.

Ei skattkiste

Den nynorske litteraturen er ei skattekiste i verdsklasse. Det er nok å lese "Nynorsk litteraturhistorie" for å skjøne dette. Den nynorske nettstaden Allkunne (no ein del av snl.no) oppsummerer dette slik

  • Frå 1843 til 2017 debuterte over 1400 med dikting i bokform på nynorsk og dialekt.
  • Fleire av dei nynorske diktarane har vorte nominerte til og vunne norske, nordiske, europeiske og internasjonale litteraturprisar og stipend.
  • På nominasjonslistene til Nobels litteraturpris 1901–1967 står både Arne Garborg, Olav Duun, Hans Henrik Holm og Tarjei Vesaas.
  • Tarjei Vesaas var første nordmann som fekk Nordisk råds litteraturpris..
  • Jon Fosse var den første diktaren som flytta inn i statens kunstnarbustad Grotten.

Rik nordnorsk og ungdommeleg litteratur

Også her i nord har vi også i rik mon forfattarar som har skrive på nynorsk og dialekt. På Nynorsk wikipedia finst det eit oversyn over den nordnorske nynorske litteraturen.

Ei viktig målgruppe er barn, unge og unge vaksne. Nynorsksenteret har laga fine boktips til desse aldersgruppene.

Nynorsk wikipedia har ei liste over nordnorske forfattarar som har skrive og skriv på nynorsk og dialekt

Aktiv formidling skapar positive haldningar

Troms og Finn mark mållag meiner det er viktig at publikum i nord blir kjent med denne litteraturen, ikkje minst for å gje folk innsyn i denne viktige delen av vår kulturhistorie. Her er formidlinga frå biblioteka viktig.  Ei aktiv formidling frå biblioteka også skapar positive haldningar til den nynorske litteraturen.  Dette viser ei undersøking som blei gjort i 2019.

Det er mange måtar å formidle den nynorske litteraturen på (t.h.) slik det går fram av ein artikkel i framtida.no.


Troms og Finnmark mållag oppmodar alle folkebiblioteka i Troms og Finnmark til å vise fram den nynorske litteraturen – frå nord og sør – på ein best mogeleg måte i biblioteket. Dette kan gjerast heile året eller ved spseielle høve. Kva med for eksempel å bruke "Nynorskdagen" 12. mai til ei felles markering, føreslår mållaget.

søndag 30. januar 2022

ÅRSMØTE I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG 16. FEBRUAR 2022

 Årsmøte i Troms og Finnmark mållag 2022

Innkalling og sakspapir

Digitalt møte:

onsdag 16. februar 2022 kl. 1800-1930   

Praktiske opplysningar

Invitasjon

(1) Invitasjonen går til alle medlemslaga i Troms og Finnmark mållag:

     Balsfjord mållag, Harstad og omland mållag, Målselv mållag, Tromsø mållag, Varanger mållag.  

     Alle medlemmar frå desse laga har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett.

(2) Invitasjonen går òg til Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø, og til Noregs mållag. Medlemmar frå desse lokallaga har tale- og framleggsrett.

Møtestad:

Møtet vil skje som digitalt møte.

Påmelding:

Dei som ønsker å delta på årsmøtet må melde seg på seinast måndag 14. februar kl. 2000.

Påmelding skjer til tfmaallag@gmail.com.

Påmeldte deltakarar får tilsendt årsmelding (som også er sendt lokallaga) og rekneskap.


Sak 1 – Konstituering

1.1 – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter

1.2 – Val av ordstyrar og møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2021

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2021

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2021

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget

Sak 5 - Budsjett

5.1 – Fastsetjing av årspengar for 2022

5.2 – Budsjett 2022

Sak 6 - Val

6.1. – Val av styre og arbeidsutval (AU):

Styret er etter paragraf 5 i vedtektene samansett slik:

Styret for laget er leiar, kasserar og ein medlem med vara frå kvart av lagsstyra, oppnemnt av vedkommande styre. Styret peikar ut nestleiar.

Leiar, nestleiar og kasserar er arbeidsutval for styret med dei fullmaktene styret gir.

Lokallaga melder inn styremedlemmar.  AU (3 personar) blir vald på årsmøtet.

6.2 – Val av revisor

6.3 – Val av valnemnd

6.4 – Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag

SAK 7 – Innkomne saker og eventuelt

Lag som ønsker saker tatt opp, må melde desse seinast tysdag 8. februar kl. 20:00 til tfmaallag@gmail.com.


 Kort programinnslag på årsmøtet:  Det blir ei helsing frå Noregs Mållag.

30. januar 2022

Styret i Troms og Finnmark mållag

Magne Leon Heide (leiar), sign.

FORELDRA MÅ FÅ VETE AT DEI KAN VELJE NYNORSK I SKOLEN

Foreldre til minst 10 elevar på årstrinna 1-7 kan velje eit anna hovudmål, og slik kan dei få ein nynorsk parallellklasse på ein bokmålsskole. Slike parallellklassar har det vore ved fleire skolar i Troms fylke, i Tromsø, Balsfjord, Målselv og Skånland
På 1980-talet auka talet på nynorske parallellklassar i Troms

Det er frå tid til anna fleire foreldre som vender seg til mållaga med spørsmål om korleis ein skal gjere dette når ein melder eller skriv barnet sitt inn til 1. klasse. Troms og Finnmark mållag ønsker derfor at fleire kommunar tar eit grep og gjer språkvalet synleg på heimesidene sine. 

Målselv er unnatak – dei andre var flinke før 

Til no har vi berre funne ein kommune i Troms som har gjort dette synleg, nemleg Målselv som har hatt eit eksemplarisk opplysningsarbeid i fleire tiår om dette! 

Målselv har heilt frå 1980.....
...til i dag gjort merksam på retten til nynorsk!

Tromsø kommune, Balsfjord kommune, Harstad kommune og til og med Sørreisa kommune og Ibestad kommune har også vore flink med slike opplysningar tidlegare – men ikkje dei siste åra. 


I dag er vel kommunane Bergen og Ålesund som fortener mest honnør for grundig informasjon om desse rettane.

Troms og Finnmark mållag har skrive til Tromsø, Balsfjord, Senja og Harstad kommune og bedt dei gjere som fleire andre kommunar: gjere foreldra merksam på at det er mogeleg å velje nynorsk. 

Opplys foreldra om rettane sine 


Opplæringsloven par 2-5 seier: 
Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved. 

Troms og Finnmark mållag har bedt dei nemnte kommunane om å rette opp heimesidene sine slik at det kjem tydeleg fram at foreldre til elevar på årstrinna 1-7 kan krevje nynorsk opplæringsmål. Dette gjeld særleg sidene der ein kan melde inn eller skrive inn elevar til 1. klassetrinn.

tirsdag 21. desember 2021

HØYRING OM NY OPPLÆRINGSLOV

Framlegg til ny opplæringslov har vore på høyring, og Troms og Finnmark mållag har sendt inn sitt høyringssvar. Det er særleg to krav som mållaget meiner er viktig å oppfylle. For det første må elevar med nynorsk som opplæringsspråk (hovudmål) få rett til opplæring i eiga språkgruppe i heile grunnskolen, klassesteg 1-10. Og i tillegg må elevar som har nynorsk som opplæringsspråk (hovudmål) få alle læremidla og tilleggsressursane sine på nynorsk.

Eigne språkgrupper

Departementet har føreslått at elevar på 8. til 10. klassesteg også skal har rett til å gå i eiga språkgruppe. Dette kravet stør Troms og Finnmark mållag. I dag er det slik at elevar på ungdomssteget ikkje har krav om å gå i eiga språkgruppe, og dette har ført til stort fråfall av nynorskbrukarar i språkblanda område.

Språkdelt ungdomsskole, den såkalla Odda-modellen, har vore ei kampsak for Noregs Mållag.


Nynorske læremiddel

Mangel på nynorske læremiddel har vore eit anna problem for nynorskelevar. Her er det føreslått ein lovtekst som har så mange unnatak og atterhald at det i praksis vil vere fritt fram for produsentar av læremiddel å vike unna kravet om å komme med nynorske versjonar av læremiddel. Troms og Finnmark mållag meiner at det må settast nøyare og strengare krav slik at alle læremiddel kjem på nynorsk. 

Les meir på framtida.no

Meir nynorsk i norskbøkene

Lærebøker i norskfaget er fritatt for parallellutgåver, dei skal ha nok tekstar både på nynorsk og bokmål. Men undersøkingar viser at nynorsktekstar utgjer ein altfor liten del av desse lærebøkene. Dermed kan nynorskelevar vere nøydde til å bruke fleire tekstar på bokmål enn på nynorsk, og dette er uheldig for språkopplæringa. Det er også ein fordel for bokmålselevar å få fleire tekstar på nynorsk. Ofte er norskbøkene den viktigaste kjelda bokmålselevane har for å møte nynorske tekstar, og eit lite språkdykk kan vere nyttig i sidemålsopplæringa.

Ida Marie Jegteberg har skrive masteroppgåve om nynorskkompetanse i grunnskolelærarutdanningane, og Liv Skåre Langnes har skrive om språkfordelinga i lesebøker i ungdomsskolen.
Les meir her

Nynorsk skolemål, parallellklassar og lærebokval

I dag har foreldre til minst 10 elevar rett til å få ein parallellklasse med anna opplæringsmål enn den som er vedtatt for skolen. Denne retten blir det føreslått å vidareføre, men departementet ønsker å gje kommunen rett til å bestemme både om slike parallellklassar skal slåast saman og til å bestemme kva for skole dei skal vere på. Med dei negative haldningane mange kommunar har til å opprette parallellklassar, kan dette vere ein nyttig veg for å legge snubletrådar i vegen for slike ønske. Troms og Finnmark mållag meiner at det må vere ein foreldrett både å velje klasse og skole. Det bør vere foreldra som ved vanleg fleirtal avgjer kva skole parallellklassane skal vere på.

Bokmålselevar i nynorskklassar. Les meir om dette i Norsk Tidend nr 4-2020

Fylkesmållaget meiner også at foreldra sin rett til å velje læremiddel på eit anna språk utholar det vedtatte opplæringsspråket. I dag opplever vi i fleire språkblanda område at det er så mange foreldre som ønsker bokmålsbøker, at nynorskopplæringa nesten blir erstatta med bokmål. Troms og Finnmark mållag meiner derfor at denne retten bør takast vekk. Opplæringsmålet bør vedtakast enten på skolenivå (skolemålsrøystingar) eller på klassenivå (parallellklassar), ikkje på foreldrenivå (lærebokval).

Nynorsk som sidemål – og fritak frå opplæring

I dag heiter det i opplæringsloven at "Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer." Dette er no føreslått erstatta med "Elevane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka, bokmål og nynorsk." På den eine sida samsvarer dette godt med at dei nye læreplanane for norskfaget alt etter 4. klassesteg seier at "Elevane skal ha opplæring i begge dei norske skriftspråka, bokmål og nynorsk." Og etter 10. klassesteg skal elevane "skrive tekster med funksjonell tekstbinding og riktig tegnsetting og mestre rettskriving og ordbøying på hovedmål og sidemål".  På den andre gjer lovformuleringa det mogeleg å vente med sidemålsopplæringa til 10. klassesteg.

Troms fylkesmållag engasjerte seg tidleg i norskopplæringa. 18.-19.april 1980 arrangerte Nordnorsk Målungdom eit større seminar i Tromsø om norskopplæringa, og i november 1980  gav Troms fylkesmållag ut foredraga i eit eige hefte som vi her ser framsida av.

Når det gjeld fritak frå opplæring, er Troms og Finnmark mållag einig med departementet som seier at "hensikten med forskriftshjemmelen ikke er å utvide adgangen til fritak fra opplæringen sammenliknet med hvordan reglene er i dag."

Troms og Finnmark mållag er einig i kva for elevgrupper som skal kunne fritakast for sidemålsopplæring, men meiner at dette bør presiserast nøyare enten i lovteksten eller i føresegnene. Dei gruppene det bør gjelde, meiner fylkesmållaget er elevar som har:
- samisk som sitt førstespråk eller andrespråk, 
- kvensk og finsk som sitt andrespråk,
- teiknspråk eller 
- særskilt opplæring.

Utdanningsdirektoratet presiserer at det ikkje berre er retten til opplæring på samisk og finsk/kvensk, som gir fritak; elevane må også ha brukt denne retten og hatt opplæring i samisk eller finsk/kvensk på ungdomsskolen.

Fylkesmållaget er skeptiske til kva "fritak for opplæring" i sidemålet tyder. Her har departementet ikkje ein eintydig og klar begrepsbruk.  Det nærmaste avklaringa dei kjem til, er å seie "at enkelte elever kan fritas fra skriftlig opplæring i sidemål". Begrepet "opplæring" blir m.a.o. avgrensa til skriftleg bruk av nynorsk for bokmålselevar. Fylkesmållaget meiner at det må komme presiseringar som seier at elevane ikkje er fritatt for å lese nynorske tekstar, og for å forstå slike tekstar bør dei også ha ei opplæring i dei grunnleggande språktrekka i nynorsk.

Styrk samisk og kvensk i opplæringa

Troms og Finnmark mållag meiner også at det er viktig å styrke opplæringa i og på samisk, kvensk og finsk i grunnskolen, særleg for elevar som vel dette som førstespråk eller andrespråk. For samiske elevar må minimums-elevtalet senkast frå 10 til 3 elevar. Og for kvensk og finsk meiner fylkesmållaget at retten til opplæring må utvidast til å gjelde heile landet, ikkje berre Troms og Finnmark som det er foreslått.

Les meir i avisa Utror

Det er også foreslått at "Kommunar i forvaltningsområdet for samisk språk kan gi forskrift om at elevane skal ha opplæring i grunnleggjande ferdigheiter i samisk og opplæring om samisk kultur." Fylkesmållaget understrekar at timar til dette ikkje må takast frå norskfaget (som kommunal fritaksgrunn), men at det må hentast frå andre hald.

Du kan lese høyringsnotatet frå Troms og Finnmark mållag her.


Magne Leon Heide