lørdag 26. juni 2021

OPTIMISTISK MÅLLAG

Koronaåret har gjort det vanskeleg å drive lagsverksemd, men no har styret i Troms og Finnmark mållag hatt møte og sett på kva som kan gjerast i året som kjem.

Nynorskopplæringa i skolen

Den høgast prioriterte saka er nynorskopplæringa i skolen. Med den nye læreplanen skal elevar frå 4. årssteget møte nynorsk litteratur og språk, og dette set ny utfordringar for skolane og lærarane. Samtidig kan  nynorskopplæringa på ungdomssteget og i den vidaregåande skolen også gjerast stadig betre. Nynorsk er ikkje vanskeleg å lære seg nordpå, og det krevst berre litt motivasjon, så går det meste glatt. Mållaget vil arbeide for å gje skolane eit oversyn over gode tiltak i nynorskopplæringa på alle årsstega.

Nynorsksenteret arrangerer seminar om nynorskopplæringa

Nynorsk litteratur

Nynorsk litteratur er viktig, og i tillegg til dei nordnorske forfattarane som skriv gode nynorske bøker, finst det også ein skog av nynorsk litteratur som trengst å gjerast kjent. Troms og Finnmark mållag vil gjere sitt beste for å spreie informasjon om den nynorsk litteraturen gjennom både blogg og Facebok.

Les meir på Framtida.no


Samisk og kvensk

Stoda for samisk og kvensk språk, litteratur og kultur har vore viktig for mållaget i mange år, og Troms og Finnmark mållag har bl.a. tatt initiativ for å tillate fleirspråklege adressenamn (kvite vegskilt) som no er forbode.

Les heile innlegget her

Fleire nynorskelevar !

Talet på nynorskelevar i nord kan aukast, og mållaget vil informere om kva rettar elevar har til å kunne velje hovudmål sjølv. 

Troms og Finnmark mållag håper at korona-situasjonen blir slik at det snart er fullt forsvarleg å arrangere møte og seminar, noko mållaget ønsker å få til i året som kjem.


fredag 30. april 2021

ÅRSMØTE OG HØGT MEDLEMSTAL I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG

Troms og Finnmark mållag avvikla eit digitalt årsmøte i år der nesten alle lokallaga deltok. 

Årsmeldinga synte at det no er 238 medlemmar i dei fem lokale mållaga som er tilslutta fylkeslaget, i tillegg kjem to andre mållag. Talet på organiserte målfolk i det nordste fylket er alt i alt over 300, og det har vore ein jamn medlemsvekst dei siste åra.

Aktive lokallag og aktuelle målsaker

Årsmeldingane frå dei ulike lokallaga syner også god aktivitet, sjølv om koronatida har sett ein kraftig dempar på møteverksemd.

Aktuelle saker i fylkeslaget i året som har gått, har vore:

Nynorskforfattar Ingvald Forsberg er på Nynorsk wikipedia men på bokmål på "Litteraturnett Nord-Norge"

 Arbeidsoppgåver

Årsmøtet peika ut fleire arbeidsfelt for fylkesmållaget framover:

  1. Arbeid for ei god opplæring i nynorsk som sidemål i grunnskolen og den vidaregåande skolen.
  2. Auke kjennskapen til nynorsk litteratur og nynorske forfattarar, og arbeide med Nynorsk wikipedia.
  3. Stø arbeidet for språkleg rettferd for samar og kvenar.
  4. Støtte opp om arbeid for nynorske parallellklassar.
  5. Skrive meir i avisene om målsak og på nynorsk, og bruke FB og blogg aktivt.
  6. Fylkessamling hausten 2021.

 Styre og lokallag

Årsmøtet attvalde Magne Leon Heide (Harstad og omland mållag) til leiar. Med seg i styret har han Marit Falkensten (Tromsø mållag) og Rønnaug Ryssdal (Varanger mållag). 

Troms og Finnmark mållag har fem medlemslag, Varanger, Tromsø, Balsfjord, Målselv og Harstad og omland mållag. I tillegg er det også to andre mållag i nord, Senjamållaget og Studentmållaget.


fredag 5. mars 2021

ÅRSMØTE I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG 18. MARS

Årsmøte i Troms og Finnmark mållag 2021

Innkalling og sakspapir

Digitalt møte:  torsdag 18. mars 2021 kl. 2000-2130    



Praktiske opplysningar

Invitasjon

(1) Invitasjonen går til alle medlemslaga i Troms og Finnmark mållag: Alle medlemmar frå desse laga har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett.

(2) Invitasjonen går òg til Senjamållaget, Studentmållaget i Tromsø og Noregs mållag. Medlemmar frå desse laga har tale- og framleggsrett.

Møtestad: 

Møtet vil skje som digitalt møte. 

Påmelding:

Dei som ønsker å delta på årsmøtet må melde seg på seinast måndag 15. mars kl. 2000.

Påmelding skjer til tfmaallag@gmail.com


SAKSLISTE

Sak 1 – Konstituering

1.1 – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter 

1.2 – Val av ordstyrar og møteskrivarar


Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2020

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2020

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2020


Sak 3 – Rapport frå lokallaga


Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget


Sak 5 - Budsjett

5.1 – Fastsetjing av årspengar for 2021

5.2 – Budsjett 2021


Sak 6 - Val

6.1. – Val av styre og arbeidsutval (AU):

Styret er etter paragraf 5 i vedtektene samansett slik: 

Styret for laget er leiar, kasserar og ein medlem med vara frå kvart av lagsstyra, oppnemnt av vedkommande styre. Styret peikar ut nestleiar. 

Leiar, nestleiar og kasserar er arbeidsutval for styret med dei fullmaktene styret gir. 

6.2 – Val av revisor

6.3 – Val av valnemnd


SAK 7 – Innkomne saker og eventuelt

Lag som ønsker saker tatt opp, må melde desse seinast torsdag 11. mars kl. 20:00 til tfmaallag@gmail.com


5. mars 2021

Styret i Troms og Finnmark mållag

Magne Leon Heide (leiar), sign.

mandag 22. februar 2021

Gje oss Elias Blix på nynorsk, no!

Nordland fylkesbibliotek etablerte nettstaden «Litteraturnett Nord-Noreg» for 3-4 år sia. Dette er ein viktig nettstad for å gje alle opplysningar om den rike bokskatten vi har her nord. Blant dei forfattarane som blir presentert her, er det rundt 80 forfattar som brukte og bruker nynorsk i heile eller mesteparten av den litterære produksjonen sin, og eit tjuetals forfattarar som har skrive eller skriv på dialekt.

Elias Blix blir preentert på bokmål på "Litteraturnett Nord-Norge"

Dessverre er dette opplysningar som ikkje kjem fram på denne nettstaden. Det mest graverande er at «Litteraturnett Nord-Noreg» i praksis boikottar «Nynorsk wikipedia» som kjelde. Det er utilgjeveleg at Elias Blix og forfattarar som Lars Berg (Tromsø), Helge Stangnes (Senja/Tromsø), Wenche Krossøy (frå Andørja), Dagmar Blix (Lofoten) Birger Jåstad (Vefsn) blir presentert på bokmål her! Og det er ikkje rett å gøyme det faktum at det er rundt 100 nordnorske forfattarar som har nytta og nyttar nynorsk og dialekt i produksjonen sin.

Vi ønsker at Elias Blix skal presenterast på nynorsk (Kjelde: Nynorsk Wikipedia)


Vi har tidlegare tatt opp denne saka med Nordland fylkesbibliotek, og berre fått det inkjeseiande svaret «Vi tar med oss innspela dykkar vidare i utviklinga av Litteraturnett Nord-Norge.» (brev 24.4.2017).  Og unnskyldninga er at det ikkje er teknisk mogeleg å bruke artiklar frå Nynorsk wikipedia.  Når ein samtidig veit at prosjektet er utvikla saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek (no: Vestland fylkeskommune), som bruker Nynorsk wikipedia som kjelde, så blir det heile komisk. Meir uforståeleg er det også når vi ser at dei fleste nordnorske nynorskforfattarane er betre omtala på «Nynorsk wikipedia» enn på bokmåls-wikipediaen.

Gje oss gjerne Ola Bremnes på nynorsk også (Kjelde: Nynorsk wikipedia)

No har Nordland fylkesbibliotek hatt fire år på seg til å ordne denne saka, og det er på tida at dei sluttar med denne språklege diskrimineringa. Slepp dei nordnorske nynorskforfattarane fram i lyset, på sitt eige språk. Vi ønsker å lese på nynorsk om Elias Blix, Lars Berg, Helge Stangnes, Wenche Krossøy, Dagmar Blix, Birger Jåstad og alle dei andre nordnorske forfattarane som har skrive og skriv på nynorsk. Og gje oss gjerne Ragnar Olsen, Ola Bremnes og Halvdan Sivertsen også på nynorsk.


Magne Leon Heide, leiar i Troms og Finnmark mållag


mandag 15. februar 2021

Vel nynorsk som hovudmål i skolen

Alle kan velje nynorsk som hovudmålet sitt

Kommunen vedtar kva som skal vere hovudmålet ved kvar skole, bokmål eller nynorsk. Og dette skal ein bruke i skriftleg opplæring og i skriftlege arbeid.  Men du kan på ulike vis velje anna hovudmål enn det som er vedtatt: 

  • Foreldre til minst 10 elevar på årstrinna 1-7 kan velje eit anna hovudmål, og slik kan dei få ein nynorsk parallellklasse på ein bokmålsskole. 
  • Elevar i ungdomsskolen kan sjølve velje nynorsk på ein bokmålsskole.
  • Elevar i den vidaregåande skolen kan også sjølve velje nynorsk som hovudmål.

Rike erfaringar med nynorsk

Det har sia 1970-talet vore nynorske parallellklassar fleire stader i Nord-Noreg, i Vefsn, Skånland, Målselv, Balsfjord og Tromsø. Fleire hundre elevar har gått på ein bokmålsskole og fått opplæringa si med nynorsk som hovudmål. Det finst rike erfaringar for at dette har vore gode språkval

Nordlys, fredag 17. april 1998 (Kjelde: nb.no)  

Det er fleire gode grunnar til å velje nynorsk som hovudmål:

Nordnorsk er nynorsk:  Nordnorsk dialekt er i vinden som aldri før. Det er ikkje i alle situasjonar vi kan bruke dialekten vår. Når ein skal velje eit skriftspråk som stør opp under dialekten, er ikkje spranget særleg langt til det nynorske skriftspråket. Dei nordnorske dialektane ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å få lære seg å bruke eit så dialektnært skriftspråk.



Framtida.no


Lær nynorsk og bokmål like godt: Når barna har nynorsk som hovudmål, lærer dei dette godt. Samtidig vil dei få bokmål som sidemål, og det vil vere lett å lære det også.

Nynorsk gir ein fordel: Dei aller fleste er gode til å skrive bokmål. Når ein i tillegg er god i nynorsk, gir det ein ekstra fordel. Tidlegare nynorskelevar fortel at dette har gitt dei positive opplevingar og oppdrag i arbeidslivet.


Meld frå til skolen

Dersom du ønsker nynorsk for barnet ditt, er det berre å melde ifrå til skolen. Elevar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen som vil ha nynorsk som hovudmål, kan sjølv melde ifrå til skolen.

 

Magne Leon Heide,

Leiar i Troms og Finnmark mållag


tirsdag 9. februar 2021

Opphev forbodet mot fleirspråklege adressenamn !

Kartverket har det siste tiåret gjennomført eit større adressenamn-prosjekt der alle matrikkeladressane i Noreg skal få eiga vegadresse (adressenamn). Alt tidleg i dette arbeidet dukka det opp spørsmål i Nord-Noreg om å få to- eller trespråklege adressenamn (norsk, samisk, kvensk). Først ute var Tana kommune som i 2010 ønskte trespråklege adressenamn (vegnamn).


Statens kartverk konkluderte med at det berre burde tildelast eitt adressenamn (brev 28.02.2011). Dette støtta Miljøverndepartementet i svaret sitt til Tana: «Miljøverndepartementet er enig i denne vurderingen. Vi vil derfor ikkje ta initiativ som åpner for bruken av parallelle namn på fleire språk som offisielle veinavn – verken generelt eller i bestemte kommuner» (brev 7.3.2011).  Og sia den tida har vegleiaren for adressenamn nekta for fleirspråklege namn: «Det betyr at kommunen må tildele ett offisielt adressenavn på det skriftspråket kommunen velger, jamfør matrikkelforskriften § 51 første ledd. Hvilket språk kommunen velger kan variere fra tilfelle til tilfelle.» (Kartverket på nett: «Flerspråklige adressenavn»).


Som namnekonsulent for norske stadnamn i Nord-Noreg i åra 2012-2017 tok eg denne saka opp på kvart samrådingsmøte vi hadde. Samstundes tilrådde vi heile tida kommunane om å vurdere samiske og kvenske adressenamn der det var aktuelt. Men fordi berre eitt adressenamn etter regelverket kunne vedtakast, gjorde alle kommunar vedtak om norske namn der det kom opp spørsmål om parallelle adressenamn. Og i mange tilfelle blei ikkje samiske og/eller kvenske adressenamn ein gong vurdert. Det er forståeleg at majoritetsspråket «seira», men språkpolitisk uforståeleg at det skulle og skal vere slik.

Eksempel på tilråding for Hasvik kommune 2013:

J.A.Friis' "Etnografiske kart over Finnmark" (1861) viser at det har vore rein samisk busetnad i Børrfjorden og Børrfjordvika (og dei fleste stader rundt Dønnesfjorden):
Folketeljinga 1910 viser også samisk busetting i området. 
Hasvik vedtok Børrfjordvik. Samiske namn i området ser ikkje ut til å vere undersøkt.

Det er rett nok eitt heiderleg unntak frå dette. Narvik kommune har vedtatt fire tospråklege namn, eitt av dei er:  Vassdalsveien / Áravuomebállgis. Det er komme på kart og skilt. Fleire kommunar bør følgje deira eksempel, det har til no ikkje fått negative konsekvensar for Narvik. Og det har ikkje vore problem verken med feilkjøring eller anna i desse vegane, heller tvert om.


Vassdalsveien / Áravuomebállgis i Narvik kommune er einaste fleirspråklege adressenamn.

Ifjor haust (nrk 8.9.20) dukka spørsmålet opp med full tyngde når Kåfjord kommune vedtok å bruke to- og trespråklege namn og bad om å få endra loven slik at dette blei tillatt. Det har i lengre tid vore registrert samiske stadnamn og kulturminne i Kåfjord kommune (gaisi.no).


Språkleg identitet var avgjerande for kommunen. Og her ligg kjerna i saka. Adressenamna er dei nye stadnamna, som ofte erstattar gamle stadnamn som har blitt brukt i lang tid for å fortelje kor ein bur. Derfor bør ein slå ring om den språklege identiteten som desse adressenamna gir. Argumenta imot fleirspråklege namn er så få, tynne og utslitte at det er på høg tid å gje dei på båten. Og fleirspråklege stadnamn kan til og med redde liv.

Den ansvarlege ministeren bør derfor straks gripe fatt i denne saka og få ho på rett spor. Fleirspråklege adressenamn bør no bli tillatt.

Av Magne Leon Heide, leiar, Troms og Finnmark mållag






mandag 19. oktober 2020

Annleis, godt landsmøte i Noregs Mållag

Landsmøtet i Noregs Mållag gjekk i år som digitalt møte i helga 17.-18. oktober. Det var over 120 delegatar som deltok, og det heile blei styrt frå Sola. Landsmøtet gjorde fleir viktige vedtak knytt til den nye opplæringslova og  språklova som er i kjømda. Kravet om klassedeling for nynorskelevar i ungdomsskolen var særleg viktig.

Stort og smått i årsmeldinga

Det avgåtte styret hadde levert ei fyldig årsmelding for år 2018-2020.

Fyldig årsmelding
 
Gåve til Magne Aasbrenn frå Peder Lofnes Hauge (skjermdump)

Avtroppa leiar Magne Aasbrenn trekte fram fleire viktige saker i arbeidsåret:

  • Den nye læreplanen i skolen blir viktig. -Vi tapte kravet om eigen standpunktkarakter i 8. klasse og Vg2 i vidaregåande, men han skal vere ved avslutninga i 10. klasse og Vg3. Og så skal 4. klasse prøve ut nynorsk.
  • Fylkesreforma og kommunesamanslåingane har gitt oss eit nynorsk Vestland fylke, nokre tapte kommunar, men positive språkvedtak i fleire samanslåtte kommunar.
  • I lærarutdanninga må vi arbeide for at alle går ut med ein eigen karaktaer i nynorsk.
  • Og ikkje minst, vi har blitt fleire medlemmar.

Årsmeldinga blei godkjent samrøystes av landsmøtet. Rekneskap og budsjett blei også godkjent samrøystes.

Magne Aasbrenn blei takka av som leiar av Peder Lofnes Hauge med pene ord og ei fin gåve.


Fråsegner om ny opplæringslov, digitale læremiddel og ny språklov

Det blei lagt fram ei eige fråsegn på landsmøtet om den nye opplæringslova. Peder Lofnes Hauge innleidde, og han la vekt på at nynorskelevar ikkje må risikere å få eit dårlegare tilbod enn bokmålselvar, slik dei kan no. Det var særleg tre viktige krav: (1) Språkdelt ungdomsskole, (2) Digitale læremiddel på nynorsk, og (3) Hald på skolemålsrøystingane. Gunnhild Skjold kom med eit tilleggspunkt frå Norsk Målungdom: (4) Ei reell tilsynsordning. Etter debatt og ein del endringsframlegg vedtok landsmøtet ei samrøystes fråsegn.

Noregs Mållag har tidlegare sendt fråsegn om den nye språklova, og landsmøtet vedtok samrøsytes ei fråsegn om denne.

 Ei fråsegn om digitale læremiddel og kontorstøtteprogram blei også samrøystes vedtatt.

Du kan lese fråsegnene på heimesidene til Noregs Mållag (lenke):

Mållaget i Kristiansand hadde sendt inn eit framlegg til fråsegn om den nye språklova, men denne blei ikkje realitetsbehandla på landsmøtet. Det same gjaldt ei innsendt fråsegn frå Odda mållag om stortingsvalet 2021.

 

Helsingstalar

Undervegs i landsmøtet var det også fleire helsingstalar.

 Kjartan Helleve helste frå Kringkastingsringen, som var særleg nøgd med at NRK nådde 25 prosent nynorsk i 2019. 

Gunnhild Skjold (frå Tromsø) helste frå Norsk Målungdom, og ho la særleg vekt på at det måtte komme eit offentleg tilsynsansvar som gjorde at nynorskelevane kunne få språkrettane sine og ikkje berre var overlate til (u)velviljuge skolestyresmakter.

Per Magnus Finanger Sandsmark helste landsmøtet i Noregs Mållag med å fortelje at Nynorsk kultursentrum etablerer ei ordning for pilotbibliotek for nynorsk i fem kommunar i Innlandet, Viken, Vestfold og Telemark, Agder og Rogaland. Årsaka er at nynorskbrukarar aust og sør i landet møter mindre nynorsk utanfor skoleverket enn dei gjer i Vestland og Møre og Romsdal.

I helsingstalen sin til landsmøtet i Noregs Mållag sa kunnskapsminister Guri Melby at altfor mange nynorskbrukarar har for dårleg tilgang på læremiddel, annan litteratur og andre tekstar på det som er deira hovudmål. -Det er ei utfordring som eg som kunnskapsminister tek på alvor, sa ho.

Nana Rise-Lynum helste frå Norsk Barneblad, og ho viste på ein overtydande måte korleis Norsk Barneblad har fornya seg og blitt eit aktuelt blad for barn i alle aldrar.

 

Minnetalar

Peder Lofnes Hauge opna landsmøtet med å minnast fleire personar som har gått bort sia sist:

- Olga Meyer (1930-2018), kjent programleiar frå NRK;

- Torgeir Kvåle (1945-2018), leiar i Tingvatn mållag;

-Tore Sandvik (1934-2019), leiar i Hjelmeland mållag;

- Nils Moldøen (1950-2020) styremedlem og leiar i Hordaland mållag, styremedlem i NM;

- Kari Medaas (1939-2020), fekk bl.a. NM sin målpris i 2002 saman med Ivar Medaas. 

 

Magne Leon Heide

landsmøteutsending frå Troms og Finnmark mållag