mandag 22. februar 2021

Gje oss Elias Blix på nynorsk, no!

Nordland fylkesbibliotek etablerte nettstaden «Litteraturnett Nord-Noreg» for 3-4 år sia. Dette er ein viktig nettstad for å gje alle opplysningar om den rike bokskatten vi har her nord. Blant dei forfattarane som blir presentert her, er det rundt 80 forfattar som brukte og bruker nynorsk i heile eller mesteparten av den litterære produksjonen sin, og eit tjuetals forfattarar som har skrive eller skriv på dialekt.

Elias Blix blir preentert på bokmål på "Litteraturnett Nord-Norge"

Dessverre er dette opplysningar som ikkje kjem fram på denne nettstaden. Det mest graverande er at «Litteraturnett Nord-Noreg» i praksis boikottar «Nynorsk wikipedia» som kjelde. Det er utilgjeveleg at Elias Blix og forfattarar som Lars Berg (Tromsø), Helge Stangnes (Senja/Tromsø), Wenche Krossøy (frå Andørja), Dagmar Blix (Lofoten) Birger Jåstad (Vefsn) blir presentert på bokmål her! Og det er ikkje rett å gøyme det faktum at det er rundt 100 nordnorske forfattarar som har nytta og nyttar nynorsk og dialekt i produksjonen sin.

Vi ønsker at Elias Blix skal presenterast på nynorsk (Kjelde: Nynorsk Wikipedia)


Vi har tidlegare tatt opp denne saka med Nordland fylkesbibliotek, og berre fått det inkjeseiande svaret «Vi tar med oss innspela dykkar vidare i utviklinga av Litteraturnett Nord-Norge.» (brev 24.4.2017).  Og unnskyldninga er at det ikkje er teknisk mogeleg å bruke artiklar frå Nynorsk wikipedia.  Når ein samtidig veit at prosjektet er utvikla saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek (no: Vestland fylkeskommune), som bruker Nynorsk wikipedia som kjelde, så blir det heile komisk. Meir uforståeleg er det også når vi ser at dei fleste nordnorske nynorskforfattarane er betre omtala på «Nynorsk wikipedia» enn på bokmåls-wikipediaen.

Gje oss gjerne Ola Bremnes på nynorsk også (Kjelde: Nynorsk wikipedia)

No har Nordland fylkesbibliotek hatt fire år på seg til å ordne denne saka, og det er på tida at dei sluttar med denne språklege diskrimineringa. Slepp dei nordnorske nynorskforfattarane fram i lyset, på sitt eige språk. Vi ønsker å lese på nynorsk om Elias Blix, Lars Berg, Helge Stangnes, Wenche Krossøy, Dagmar Blix, Birger Jåstad og alle dei andre nordnorske forfattarane som har skrive og skriv på nynorsk. Og gje oss gjerne Ragnar Olsen, Ola Bremnes og Halvdan Sivertsen også på nynorsk.


Magne Leon Heide, leiar i Troms og Finnmark mållag


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar