tirsdag 9. februar 2021

Opphev forbodet mot fleirspråklege adressenamn !

Kartverket har det siste tiåret gjennomført eit større adressenamn-prosjekt der alle matrikkeladressane i Noreg skal få eiga vegadresse (adressenamn). Alt tidleg i dette arbeidet dukka det opp spørsmål i Nord-Noreg om å få to- eller trespråklege adressenamn (norsk, samisk, kvensk). Først ute var Tana kommune som i 2010 ønskte trespråklege adressenamn (vegnamn).


Statens kartverk konkluderte med at det berre burde tildelast eitt adressenamn (brev 28.02.2011). Dette støtta Miljøverndepartementet i svaret sitt til Tana: «Miljøverndepartementet er enig i denne vurderingen. Vi vil derfor ikkje ta initiativ som åpner for bruken av parallelle namn på fleire språk som offisielle veinavn – verken generelt eller i bestemte kommuner» (brev 7.3.2011).  Og sia den tida har vegleiaren for adressenamn nekta for fleirspråklege namn: «Det betyr at kommunen må tildele ett offisielt adressenavn på det skriftspråket kommunen velger, jamfør matrikkelforskriften § 51 første ledd. Hvilket språk kommunen velger kan variere fra tilfelle til tilfelle.» (Kartverket på nett: «Flerspråklige adressenavn»).


Som namnekonsulent for norske stadnamn i Nord-Noreg i åra 2012-2017 tok eg denne saka opp på kvart samrådingsmøte vi hadde. Samstundes tilrådde vi heile tida kommunane om å vurdere samiske og kvenske adressenamn der det var aktuelt. Men fordi berre eitt adressenamn etter regelverket kunne vedtakast, gjorde alle kommunar vedtak om norske namn der det kom opp spørsmål om parallelle adressenamn. Og i mange tilfelle blei ikkje samiske og/eller kvenske adressenamn ein gong vurdert. Det er forståeleg at majoritetsspråket «seira», men språkpolitisk uforståeleg at det skulle og skal vere slik.

Eksempel på tilråding for Hasvik kommune 2013:

J.A.Friis' "Etnografiske kart over Finnmark" (1861) viser at det har vore rein samisk busetnad i Børrfjorden og Børrfjordvika (og dei fleste stader rundt Dønnesfjorden):
Folketeljinga 1910 viser også samisk busetting i området. 
Hasvik vedtok Børrfjordvik. Samiske namn i området ser ikkje ut til å vere undersøkt.

Det er rett nok eitt heiderleg unntak frå dette. Narvik kommune har vedtatt fire tospråklege namn, eitt av dei er:  Vassdalsveien / Áravuomebállgis. Det er komme på kart og skilt. Fleire kommunar bør følgje deira eksempel, det har til no ikkje fått negative konsekvensar for Narvik. Og det har ikkje vore problem verken med feilkjøring eller anna i desse vegane, heller tvert om.


Vassdalsveien / Áravuomebállgis i Narvik kommune er einaste fleirspråklege adressenamn.

Ifjor haust (nrk 8.9.20) dukka spørsmålet opp med full tyngde når Kåfjord kommune vedtok å bruke to- og trespråklege namn og bad om å få endra loven slik at dette blei tillatt. Det har i lengre tid vore registrert samiske stadnamn og kulturminne i Kåfjord kommune (gaisi.no).


Språkleg identitet var avgjerande for kommunen. Og her ligg kjerna i saka. Adressenamna er dei nye stadnamna, som ofte erstattar gamle stadnamn som har blitt brukt i lang tid for å fortelje kor ein bur. Derfor bør ein slå ring om den språklege identiteten som desse adressenamna gir. Argumenta imot fleirspråklege namn er så få, tynne og utslitte at det er på høg tid å gje dei på båten. Og fleirspråklege stadnamn kan til og med redde liv.

Den ansvarlege ministeren bør derfor straks gripe fatt i denne saka og få ho på rett spor. Fleirspråklege adressenamn bør no bli tillatt.

Av Magne Leon Heide, leiar, Troms og Finnmark mållag






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar