lørdag 26. september 2026

SPRÅKDUSJ OG BOKSTEMMAR – MED ELG ATTÅT PÅ HAUSTSEMINAR

Haustseminaret til Troms og Finnmark mållag samla deltakarar frå alle mållaga i området sitt. Sjølv om oppmøtet gjerne kunne ha vore betre, sette dei frammøtte målfolka pris på både innhaldet og vertskapet i Målselv.
Haustsamling i Målselv

Nynorsk språkdusj

Dei ferske lærarane Martin Arntzen og Maria Gamst fortalde om masteroppgåva si om "Nynorsk språkdusj på mellomsteget". Dei hadde gjennomført ein fleire veker lang "språkdusj" , og dei drog på ein forvitneleg måte møtelyden med gjennom problemstillingar, gjennomføring, datainnsamling og resultat. 

Nynorsk er lite synleg i læremidla som er i bruk i bokmålsskolar, men erfaringane viste at lærarane i større grad kan ta nynorsken inn på tvers av fag. Elevane sine haldningar og kompetanse blei også positivt påverka av arbeidet med nynorske tekstar. Prosjektet deira viste også at det var lettare å ta i bruk nynorske læremiddel for bokmålselevar enn det lærarane hadde forventa.
Martin Artnzen og Maria Gamst: Språkdusj

Nordnorsk, nynorsk og nye stemmer

Det er store avstandar i nord, og det var derfor hyggeleg å ha med seg bibliotekar Ida Zachariassen Sagberg på nett frå Varanger. Ho gav på ein engasjerande og inspirerande måte eit oversyn over nordnorske, nynorske og nye bokstemmar, med ei rekkje lesetips. Ho drog fram dei viktigaste forfattarstemmene frå dei siste 25 åra, med nordnorske og nynorske innfallsvinklar. Her dukka det opp både kjente, mindre kjente og heilt ukjente bøker og forfattarar.
Bibliotekar Ida Zachariassen Sagelv på nett

Noregs Mållag - kva skjer?

Frå Noregs Mållag møtte Hege Lothe, og ho informerte om dei viktigaste sakene i målrørsla nett no. Både Nynorskdagen (12. mai) og Nynorskveka i mai er etablerte no, og det er viktig å bruke dei. Noregs Mållag vedtok eit heilt nytt fire-års arbeidsprogram på landsmøtet i år, og her er det fleire aktuelle saker. Nynorsk i skolen for alle, også som sidemål, er prioritert. Dessutan ønsker mållaget å få nynorsken inn i grunnloven. Og det er sett eit hårete mål om å bli ein million nynorskbrukarar.
Hege Lothe frå Noregs Mållag ønsker fleire medlemmar

Mangslunge lagsarbeid - og elggryte

Haustseminaret gav også dei frammøtte mållaga høve til å fortelje litt om lagsarbeidet sitt. Balsfjord satsar på å få til eit dialekthefte. Målselv har arbeidd på fleire område, med eige julehefte, dialektkopp og forfattarmøte, og dei har delt ut nynorske bøker og blad til skolane, dei planlegg 70-årsfest til neste år. Senjamållaget har bl.a. halde dialekt-foredrag. Tromsø har hatt ei aktiv nynorskveke. Varanger er 50 år i år, og har hatt ulike arrangement og ein dialektkopp i emning. Harstad har hatt ei vellykka markering med dialektstand og eige ordspalte i lokalavisa.
Mållagselgen frå  Målselv i gryta

Målselv mållag stod for ei fin ramme rundt samlinga, og serverte bl.a. elggryte frå sitt eige elgval.

Magne H.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar