søndag 22. mars 2026

AKTIVT FYLKESMÅLLAG

Troms og  Finnmark mållag har avvikla årsmøte og valt Astrid Vetrhus frå Varanger mållag til ny leiar. 

Årsmøtet kunne oppsummere eit aktivt arbeidsår med nesten 300 medlemmar i dei to nørdste fylka. Fylkesmållaget har engasjert seg i arbeidet for nynorsk sidemål i skolen, og støtta ein Nynorsk motivasjonsdag for lærarar i Sør-Troms og Vesterålen.  Fleire lokale mållag har også arbeidd med dialektar på ulike vis, i aviser, eigne bøker og på koppar og krus. Det har også vore samlingar for lokallaga, og no er arbeidet i gang med å skrive mållagssoge.

Norsk Tidend nr 3, 2025

Det har nettopp vore landsmøte i Noregs Mållag der både Troms og Finnmark mållag og fleire nordnorske mållag møtte med utsendingar. Her blei det vedtatt eit fireårsprogram for mållaga, som også vil bli følgt opp i Troms og Finnmark.

Med seg i styret har Astrid Vetrhus også Sigrun Høgetveit Berg (Tromsø), Øystein Omar Aas (Harstad) og Magne Leon Heide (Harstad), med Astrid Fjose (Målselv) og Ingrid Russøy (Balsfjord) som varafolk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar