søndag 4. august 2019

HAUSTSEMINAR I BALSFJORD 21. SEPTEMBER

På årsmøtet i Troms og Finnmark mållag tidlegare i år blei vi samde om å få til ei haustsamling i 2019.  Og no er vi klare. Laurdag 21. september inviterer vi til OPENT HAUSTSEMINAR på Nordkjosbotn videregående skole i Balsfjord.

Vi har fått interessante innleiarar som kan fortelje både om medier, fleirspråklegheit, nynorsk i skolen og framtida for norsk språk. Vi håper dette kan vere interessant både for medlemmar i mållag, og for alle språkinteresserte. Seminaret er opent for alle.

Vi bed dokker spreie denne invitasjonen til dei som dokker meiner kan ha interesse av han.
I månadsskiftet august-september vil vi kunngjere nærare program på fjesboka vår "Troms og Finnmark mållag".

Vel møtt!

For styret i Troms og Finnmark mållag
Magne Leon Heide, leiar

onsdag 10. juli 2019

Gratulerer, Nord universitet !?


Av Magne Leon Heide
leiar i Troms og Finnmark mållag

Styret for Nord universitet vedtok i september 2018 "Språkpolitiske retningslinjer". Her har Nord universitet gjort eit forpliktande vedtak for å gje norsk ein god plass – særleg i høve til engelsk, og ikkje minst å ta på seg eit ansvar for lule- og sørsamisk språk. Her skal eg la det siste ansvaret liggje, det fortener ein eigen kommentar.

Ansvaret for å fremje norsk språk ved universiteta finn vi både i Lov om universitet og høgskolar og i Lov om målbruk i statstenesta, med føringar både frå Språkrådet, Universitets- og høgskolerådet og Stortinget.
Nord universitet vedtok "Språkpolitiske retningslinjer" på styremøte 18.9.2018.

Norsk språk har som kjent to offisielle målformer nynorsk og bokmål, og når Nord universitet nyttar nemninga "norsk" må vi rekne med at dette gjeld begge målformene.  Dermed kan vi lese dei positive retningslinjene slik:
- "Norsk, nynorsk og bokmål, er primærspråket ved Nord universitet."
- "Undervisningsspråket ved Nord universitet skal normalt være norsk, nynorsk og bokmål."
-  "Studenter forventes å kjenne til og kunne bruke fagspråk både på norsk, nynorsk og bokmål,  og engelsk."
- "Universitet skal oppfylle sitt formidlingsansvar overfor allmennheten ved å kommunisere forskningsbasert kunnskap på norsk, nynorsk og bokmål."
Desse positive formuleringane om norsk språk vil setje Nord universitet i fremste rekkje når et gjeld å utvikle eit norsk akademisk fagspråk, på nynorsk og bokmål. Det vil også sikre studentane sine rettar, og det vil gjere begge dei norske målformene synlege i universitetet si utoverretta verksemd.  Så langt er dei språklege retningslinjene til Nord universitet eksemplariske.

Men dessverre greier ikkje universitetet å følgje opp sine eigne vakre ord når det gjeld å ta vare på begge dei norske målformene, bokmål og nynorsk. For å ta konklusjonen først – med litt nordnorsk kraft: Her drit universitetet i sine eigne retningslinjer!

Nord universitet sendte i januar 2019  inn ein årsrapport til Språkrådet som syner at Nord universitet i praksis IKKJE brukar nynorsk. Nord universitet gir ein god dag i sine eigne retningslinjer og i målloven. Rapporten syner på dei fleste områda 0 prosent nynorsk! På dette viset stiller Nord universitet seg i praksis i attraste linje når det gjeld å vere med på å utvikle eit norsk fagspråk, å gje dei tilsette mogelegheiter til å bruke sitt norske fagspråk, å gje studentar tilbod om å lese, skrive og utprøve eit norsk fagspråk – og her brukar eg norsk i tydinga nynorsk.

 
Ved Levanger lærarskole starta nynorskundervisninga i 1892. Og lærarskole-elevane skipa òg eige mållag.
Kjelde: Levanger læarskole, Klæbu seminar 150 år, 1989. (side 63)
Les meir på nb.no på denne lenka
.
Studiestader som i dag utgjer Nord universitet, har tidlegare vore i front når det gjeld å utvikle og bruke ein nordnorsk og trøndsk nynorsk. Nesna lærarskole gav ei svært god nynorskopplæring frå starten, og Levanger lærarskole gjorde det same. Men når vi i dag tar ein kik på studieplanane, finn vi knapt eit nynorsk ord. Eit lite unntak er nokre få ord OM nynorsk i norsk-studieplanane. Elles finn eg ikkje eitt ord PÅ nynorsk i studieplanane. Det skjer mykje positivt med nynorsk i skoleverket no for tida, og her bør i alle fall lærarutdanningane sjå si besøkstid og vere med på å forme ein framtidig nordnorsk (og trøndsk) nynorsk-plattform.

Sørsamisk på nynorsk, les meir her
 
Nynorsk presentasjon fungerer godt på Nord universitet si heimeside, men det er skjer altfor sjeldan.
Nettsidene til Nord universitet er begredelege når det gjeld dei to målformene. Ein skal verkeleg leite for å finne at universitetet har følgt opp med nynorsk-artiklar. Men to heiderlege unntak må framhevast. To av dei medieansvarlege, Bjørnar Leknes og Per Jarle Elle, skriv eit par gode nynorsk-artiklar. La desse to få halde fram med å skrive fleire av - gjerne alle - artiklane sine på nynorsk!! Samtidig bør dei administrative leiarane ved Nord universitet gå i bresjen ved å nytte nynorsk i sine artiklar, slik universitetsleiinga lenger nord gjer i ny og ne. Og så bør det leggjast ein strategi for dei andre språkpolitiske områda. Legg gjerne litt prestisje i å vise dokker betre enn kollegaene i nord når det gjeld å gje nynorsken det rommet dokker sjølv proklamerer, i akademia.


(Lesarinnlegg, trykt i Avisa Nordland, an.no 5.7.)

Meir språkleg heider til UiT ?


Av Magne Leon Heide
leiar i Troms og Finnmark mållag

Eg vart verkeleg glad då eg sette meg til iPaden min og opna nettsidene til UiT. For blant dei første 15 nyhenda som dukka opp, fenga to titlar, "UIT har fått to nye meritterte undervisarar" og "Trenar på fødselshjelp".  Det var dei nynorske titlane og eit gjennomført språk som fanga merksemda mi. Blant dei neste 15 oppslaga er det også to nynorskartiklar. 10-15 prosent nynorsk blant nyhenda er ikkje verst.
To nynorskoppslag på uit.no
Sjå her og her 
Lenger ned på nyhendesida dukkar det opp ein lengre artikkel  om grunnleggaren av UiT,  Peter F. Hjort,  med tittelen "Grunnleggaren" (les her).  I eit sidevindauge dukkar også tidlegare rektorar opp, som Narve Bjørgo, Ole D. Mjøs og Tove Bull. Eg nemner desse fordi dei i over 15 år var med på å opne UiT med eit nynorsk vindauge og viste UiT som ein nynorsk døropnar i nord. Ein og annan gong i fremste rekke, men alltid velviljug med på det nynorske laget. Nynorsken har heile tida vore sjølvsagt ved UiT.

Artikkelen "Grunnleggaren".
Les meir her.

Likevel skurrar det under overflata. Språkrådet har tidlegare kritisert UiT for dårleg oppfølging av målloven, og UiT har med få unntak ikkje vore i fremste rekke med å sleppe nynorsk til som fagspråk og studiespråk. I januar 2019 sendte UiT inn ein ny rapport om språkbruken, og sjølv om utgangspunktet er dårleg, er her lyspunkt. Tilbakemeldinga frå UiT viser at nettsidene ikkje fyller lovkravet om 25 prosent nynorsk, men 6-12 prosent kan lett doblast. Det viser i alle fall talet på nynorske pressemeldingar, som ser ut til å vere etter lovkravet, og nynorskartiklar i FoU-magasinet "Podium" følgjer like under. Gratulerer!

UiT er dessverre ikkje så flinke til å bruke nynorsk i sosiale media, og internt har nok UiT ein lang veg å gå. Her er nemleg nærmast kjemisk fritt for nynorsk i studiekatalogar, og januar-rapporten fortel ikkje korleis dei tilsette og studentane som bruker nynorsk, blir tatt vare på i organisasjonen.

UiT skal ha skryt for at dei har sett i verk tiltak for å betre språkstoda, men det kan sjå ut som det har stoppa litt opp. Sjølv om UiT kan melde at dei har hatt fleire tilsette på nynorsk-kurs, er her ein lang veg å gå.

Vår oppfordring går derfor til rektor, direktør og leiinga ved dei ulike studiestadene: Gå føre med eit godt eksempel, følg opp målloven ved å bruke mest mogeleg nynorsk i intern og ekstern kommunikasjon. Det er bra at det jamleg er nyhendeartiklar på nynorsk, men det talet bør doblast. Og internt kan det sjå ut som UiT har ein lengre veg å gå før dei er i mål med språkjamstellinga.

(Lesarinnlegg, trykt i iTromsø 3.juli, Nordlys og Harstad Tidende)



tirsdag 18. juni 2019

FRÅSEGN OM NY LÆREPLAN I NORSK


FRÅSEGN OM NY LÆREPLAN I NORSK


1. Dialektkunnskap er viktig


Dei norske dialektane har ei særskilt lovstilling. Heilt sia 1878 har det vore bestemt at elevane skulle få den muntlege undervisninga i skolen på sin eigen dialekt. Dette prinsippet kom inn i skolelovane i 1915 og 1917, og det står der enno, i opplæringslova paragraf 2-5. Det verkar derfor ulogisk når kjennskapen til dialektane nå blir tatt ut av læreplanane.

Kjennskap til eigen og andre sin dialekt skapar eit medvite forhold til kva talemålet har å seie for den enkelte, og for samfunnet. Det skaper tilhøyrsle og identitet, som er ein styrke i opplæringa.
Talemålsbasert leseopplæring har vore aktuelt sia 1980-talet

Kjennskap til eigen dialekt er grunnlaget for ei god begynnaropplæring, og eit medvite forhold til eigen dialekt er viktig for språkbruken på alle klassestega. Det er med på å gjere språket meir folkeleg og talemålsnært.

Kjennskap til eigen dialekt er særs viktig når ein skal bruke nynorsk som hovudmål eller sidemål. Det gjer at ein kan nytte heile det norske språkgrunnlaget når ein skal forme sitt eige skriftspråk. Det gjer at nynorsk ikkje blir eit framandspråk, men eit nært språk for dei som skal bruke nynorsk.

Dialektane er svært stabile, og for å skjøne dei endringane som skjer med dialektane, må ein først ha kjennskap til utgangspunktet, grunnstrukturen. Dialektlæra (dialektologien) må kome før læra om språkendringar (språksosiologien). Slik det er no skal ein berre vere opptatt av endringane i dialektane, og ikkje i dei faste strukturelle element, det blir ei skeiv vinkling av talemålsundervisninga i skolen.
Framleis aktuell: "Målet i Bø" kom ut i 1906, med ny auka utgåve i 1973

Vi ønsker derfor at kjennskap til dialektar skal vere grunnleggjande, og at kjennskap til talemålsendringar blir sekundært. Kjennskap til dialektar må derfor  takast inn i læreplanen.


2. Nynorskopplæringa for bokmålselevar er viktig


Det har i dei siste åra vore gjennomført gode forsøk med å styrke sidemålsopplæringa i nynorsk for bokmålselevar. Desse forsøka har gjort at bokmålselevar betre enn før beherskar nynorsk skriftspråk. Det nye læreplanverket må stø opp om desse tiltaka.
I 1984 kom boka "Nordlig nordnorsk" som synte samanhengen mellom nordnorsk dialekt og nynorsk skriftspråk.

Dessverre ser vi i læreplanen ingen forsøk på å stø opp om desse forsøka. I staden går ein inn for å svekke sidemålet. Dette ser ein klart i formuleringa: "I vurderingen av sidemålstekster skal læreren ta hensyn til at elevene har hatt lengre tid med formell opplæring i hovedmålet enn i sidemålet."  Denne formuleringa må takast ut av den nye læreplanen.

Formuleringa kan føre til at:

  • undervisninga i nynorsk sidemål blir nedprioritert
  • undervisninga i nynorsk sidemål blir dårlegare, for ein treng ikkje stille dei same krava til elevsvara lenger
  • karaktergrunnlaget for nynorsk sidemål blir lågare
  • lesinga av nynorske tekstar blir nedprioritert
Det er ikkje noko i læreplanutkastet som sikrar ei god nynorskopplæringa, her vil det vere reine vill vest – med ulike initiativ frå skole-eigarar.

Vi krev at det blir stilt same krav til vurderinga av hovudmål som sidemål i opplæringa frå og med 8. skolesteg og ut vidaregåande skolesteg.


3. Karaktergrunnlaget i nynorsk sidemål må sikrast


Læreplanutkastet går inn for å slå saman sidemåls- og hovudmålskarakteren i 8. skolesteg,  og flytte sidemålsvurderinga til 9. og 10. skolesteg. Dette meiner vi er feil veg å gå. Det vil føre til at 8. klassesteg blir eit sidemålsfritt år. I staden meiner vi at det må vere eigen sidemålskarakter på 8. klassesteg. I tillegg må læreplanen i større grad vise til at tidleg start med nynorsk vil gje betre resultat.

Læreplanutkastet går også inn for å slå saman sidemåls- og hovudmålskarakteren i Vg1 og Vg2 på studieførebuande program. Dette meiner vi også lett kan føre til i alle fall eitt sidemålsfritt år, og det vil skape eit brot i forhold til progresjonen frå 10. klassesteg. Det hjelper ikkje å seie at "Karakteren i norsk skriftlig skal gis på grunnlag av kortere og lengre elevtekster i ulike sjangre på hovedmål og sidemål." Det er ikkje noko krav om korleis hovudmål og sidemål skal vektast, og som vi har skrive over, har krava til nynorsk sidemål blitt svekka med formuleringar om undervegsvurdering.
Vi meiner derfor at det må komme klare krav om karakterar i sidemål både på vg1 og vg2.

Læreplanutkastet går heldigvis ikkje inn for ei svekking av vurderinga i sidemål på Påbyggingskurset (Vg3). Dette er fornuftig.


4. Nynorskopplæringa for nynorskelevar må styrkast


Elevar som har nynorsk som hovudmål står i ei heilt anna stilling enn elevar som har bokmål som hovudmål.

Dei språklege rettane for nynorskelevar må sikrast i mykje større mon enn dei blir gjort i dag. Dette gjeld ikkje minst lærebøker og læremiddel på nynorsk til same tid som for bokmålselevar. I dag opplever nynorskelevar at dei manglar viktige læremiddel på nynorsk, og dette gjeld i særleg grad digitale hjelpemiddel. Her må staten i større mon enn i dag vere med på både ein utvida lovfesta rett og stønad til produksjon av slike læremiddel på nynorsk.

Det må også komme klarare reglar for å gje nynorskelevar rett til å halde fram med nynorsk som hovudmål heilt til 10. klassesteg, no gjeld berre denne lovfesta retten til 7. klassesteg. Vi har opplevd her nord at elevar som vel nynorsk som hovudmål i bokmålsstrøk, automatisk blir slusa inn i bokmålsklassar i 8. klassesteg. Dette må det bli slutt på.

Midlar til språkdeling er viktig.
Les meir her

Elevar i språkblanda klassar (nynorsk og bokmål) i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen må også få klarare rettar til å få all type undervisning og prøver på nynorsk, eller ei veksling mellom nynorsk og bokmål. Det skal ikkje vere slik at nynorskelevar blir tvungne til å velje bokmål.

Den spesielt utsette situasjonen som mange nynorskelevar står i, krev også ei eiga pedagogisk tilnærming, og dette må læreplanen i større grad ta inn over seg. Det bør derfor komme inn eit eige punkt om norskopplæringa for nynorskelevar.


5. Samisk språk og litteratur i norskfaget


Det er viktig å synleggjere dei samiske språka i norskfaget. For mange er dette einaste innfallsvinkelen til det samiske. Læreplaneutkastet har med eit punkt om samisk språk for alle klassestega. Dette kan gjerne presiserast på vg1-, vg2- og vg3-nivå til å gjelde alle dei samiske språka.

 
Pitesamisk har fått større merksemd.
Les artikkelen her.

6. Kvensk språk og litteratur i norskfaget


Til liks med samisk er det berre i norskfaget at kvensk språk kan synleggjerast for alle elevane. Det kvenske språksamfunnet er lite og sårbart, og det krevst derfor at det blir gjort synleg for fleire, særleg i nord.
Det trespråklege Nord-Troms.
Les meir her

Kvenar blir rekna som ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg.  "Minoritetar" er nemnt i andre fag, bl.a. samfunnsfag, men ikkje eksplisitt i norskplanen, berre som ein skjult del av kjerneelementet "Språklig mangfold": "Elevene skal ha kunnskap om dagens språksituasjon i Norge og utforske dens historiske bakgrunn. De skal ha innsikt i sammenhengen mellom språk, kultur og identitet og kunne forstå egen og andres språklige situasjon i Norge." 

Vi er skuffa over at kvensk ikkje er nemnt eksplisitt i læreplanutkastet for norskfaget. Dette bør takast inn med høvelege og meir presise formuleringar.


7. Nordisk språkleg mangfald


Kunnskap om nordiske språk og nordisk litteratur (dansk og svensk) er nemnt i læreplanen frå 7. årssteg. Vi meiner at det kan gje elevane kjennskap til nordiske språk tidlegare, gjerne frå 4. årssteg som i dei nåverande læreplanane.

Det nordiske språkbildet er ikkje berre avgrensa til dansk og svensk. Vi meiner at læreplanen også må gje ei opning til dei andre nordiske språka, som islandsk og færøysk, ved å ha ei open formulering om dette. I nokre høve kan det vere fornuftig å trekke inn språk og litteratur frå dei vestnordiske områda også.
 
Trespråkleg skilt i Kiruna kommune
Sverige har fleire minoritetsspråk. bl.a. samisk, finsk og meänkieli. På ein kjøretur frå Narvik til Bottenvika vil ein møte eit trespråkleg samfunn med svensk, meänkieli og samisk.  Mikael Niemis populære roman "Populærmusikk fra Vittula" (som no finst på meänkieli) hentar handlinga si frå dette språkområdet. Elevane bør derfor få kjennskap til det språklege mangfaldet i nabolanda våre også.


Med helsing
Troms og Finnmark mållag

Magne Leon Heide, leiar (sign.)

tirsdag 30. april 2019

NYNORSK SPRÅK I NORD - årsmøte i Troms og Finnmark mållag


Med seks aktive mållag og over 250 medlemmar i dei to nordlegaste fylka, har Troms og Finnmark mållag nådd det høgaste medlemstalet på mange år. - Vi ser optimistisk på framtida for dialektar og nynorsk i nord, seier Magne Leon Heide, gjenvalt leiar i fylkeslaget.

Få nynorsken fram i lyset

Troms og Finnmark mållag har særleg arbeidd for å vise at nynorsk har hatt og har ein viktig plass i det nordnorske språkbildet. – Vi har dokumentert rundt 50-60 forfattarar som har brukt ein nordnorsk nynorsk i bøkene sine, seier Heide, og vi ønsker å løfte desse bøkene fram i lyset. Vi har også arbeidd for at dei nordnorske universiteta skal e meir aktive i arbeidet for å styrke nynorsken i utdanninga og forskinga si.

Nynorsk er eit naturleg nordnorsk skriftspråk 

- Framover vil Troms og Finnmark mållag arbeide for at opplæringa i nynorsk skal bli endå betre i landsdelen, understrekar Heide. - Det finst fleire positive pedagogiske tiltak både i nord og elles i landet som viser at tidleg og grundig opplæring i nynorsk språk og litteratur verkar positivt for heile språkopplæringa. Vi ønsker å vise at nynorsk er eit naturleg nordnorsk skriftspråk.

Godt oppmøte og god stemning på årsmøtet i Troms og Finnmark mållag 

Godt besøkt årsmøte

Det var godt frammøte på årsmøtet som blei halde nyleg. Medlemmane er engasjerte, og det vekker også glød at Noregs Mållag no har starta arbeidet med å stake ut ein ny kurs framover, avsluttar Heide. Landsorganisasjonen skal meisle ut eit nytt prinsipprogram i løpet av året, og det skaper gode diskusjonar blant medlemmane i mållaget, også på fylkesårsmøtet.

Magne Leon Heide frå Kvæfjord blei gjenvalt til leiar i Troms og Finnmark mållag, og med seg i styret har han Olaug Husabø frå Tromsø og Rønnaug Ryssdal frå Varanger. Fylkeslaget har lokallag i Varanger, Tromsø, Balsfjord, Målselv og Harstad.


mandag 1. april 2019

Nynorsk, ja takk!

- Vi har dei siste fem åra hatt ei eiga "Nynorskveke" i februar ved Hadsel videregående skole. Her har vi prøvd å bruke så mykje nynorsk som mogleg. Lærarar og administrasjon bruker så mykje nynorsk som råd er denne veka, og elevane arbeider med bøker, tekstar og bilde. Elise Nordgaard har saman med Dina Nilsen vore sentrale i arbeidet med dette prosjektet.

Elise Nordgaard (t.v.) og Christine Meisterlin (t.h.).
Fotograf: Magne Leon Heide

Nynorskveke


- Vi har plakatar med sitat frå kjente nynorskforfattarar, som Frode Grytten, fortel  Elise Nordgaard. Vi har også prøvd oss med  "Sigmund Falch-bilda" der vi har tatt eit gammalt bilde frå digitaltmuseum.no og laga ein morosam tekst.  Elevar i 2. klasse har presentert nynorskbøker for elevar i 1. klasse på studiespesialisering, og vi har også lese barnebøker for elevar på barneskolen.

- Hadsel vgs har også hatt besøk frå Norsk målungdom under Nynorskveka. Desse målungdommane har fortalt kva for verdiar dialektane har, og dei har komme med gode oversyn over språkhistoria og forklart korfor vi har den språksituasjonen vi har i dag, med både nynorsk og bokmål.

- Vi ser at Nynorskveka skapar ei positiv haldning til nynorsk, og resultatet for elevane på Studieførebuande programområde håper vi blir betre, fortel Elise Nordgaard.


Sjeldnare stryk i nynorsk


Sortland videregående skole har dei siste åra også hatt eit eige nynorsk-prosjekt, med tittelen "Ja takk, begge delar". Christine Meisterlin har vore prosjektleiar.

- På Sortland har vi satsa på å hente inn god hjelparar utanfrå til lærarane, fortel ho. - Vi har hatt Kristin Fridtun som har halde kurs i "Nynorsk for dumskallar", og vi har fått Kjersti Wold til å snakke om å skrive kreative tekstar. Janne Karin Støylen har vore og lese og presentert nynorske bøker, og vi har hatt besøk av Kristin Sjøhelle som har skrive si doktorgradsavhandling om strategiar i nynorsk som sidemålsopplæring. Alt dette har gitt oss lærarar ei stor verktøykasse som vi har tatt i bruk.

- Vi har fått eit meir aktivt forhold til korleis vi skal bruke nynorsk i klasserommet, og elevane har blitt meir positive. Resultatet har også vist seg til eksamen. Vi har hatt betre resultat i norsk sidemål (nynorsk) enn i norsk hovudmål (bokmål), og det er svært sjeldan at elevane stryk i sidemål. Ja, mange ønsker heller å komme opp i sidemål enn matematikk til eksamen.

Elise Nordgaard var saman med Christine Meisterlin invitert til å halde foredrag på eit møte som Noregs Mållag stod bak i forrige veke. Ingar Arnøy frå Noregs Mållag var imponert over det arbeidet som dei to skolane har fått til, og han meinte at det var så viktige erfaringar at det var mykje inspirasjon å hente herifrå for andre skolar både i nærområdet og andre stader i Nord-Noreg.

Referent: Magne Leon Heide

onsdag 27. februar 2019

NYNORSK? JA, TAKK ! Opent møte på Sortland onsdag 20. mars kl. 1830


Positive erfaringar med nynorskopplæring i skolen

Det har i dei siste åra over heile landet vore gjennomført positive prosjekt for å styrke nynorsk-opplæringa i skolen. I Lofoten og Vesterålen har det vore gjennomført ulike prosjekt i 
Vågan (ungdomsskole og videregående skole), 
Hadsel (vgs) og 
Sortland (vgs). 
Samtidig har det også vore gjennomført ulike prosjekt andre stader i Nord-Noreg og elles i landet.

Vi ønsker å formidle desse erfaringane til flest mogeleg og inviterer derfor til eit opent møte på Sortland videregående skole. Møtet er opent for alle som er interessert i norsk språk i samfunn og skole. Foreldre, elevar og lærarar er spesielt inviterte. 



Arrangør: Noregs Mållag / Troms og Finnmark mållag