Av Magne Leon Heide
leiar i Troms og Finnmark mållag
Eg vart verkeleg glad då eg sette meg til iPaden
min og opna nettsidene til UiT. For blant dei første 15 nyhenda som dukka opp,
fenga to titlar, "UIT har fått to nye meritterte undervisarar" og
"Trenar på fødselshjelp". Det
var dei nynorske titlane og eit gjennomført språk som fanga merksemda mi. Blant
dei neste 15 oppslaga er det også to nynorskartiklar. 10-15 prosent nynorsk
blant nyhenda er ikkje verst.
To nynorskoppslag på uit.no Sjå her og her |
Lenger ned på nyhendesida dukkar det opp ein
lengre artikkel om grunnleggaren av UiT, Peter F. Hjort, med tittelen "Grunnleggaren" (les her). I eit sidevindauge dukkar også tidlegare rektorar
opp, som Narve Bjørgo, Ole D. Mjøs og Tove Bull. Eg nemner desse fordi dei i
over 15 år var med på å opne UiT med eit nynorsk vindauge og viste UiT som ein
nynorsk døropnar i nord. Ein og annan gong i fremste rekke, men alltid
velviljug med på det nynorske laget. Nynorsken har heile tida vore sjølvsagt
ved UiT.
Artikkelen "Grunnleggaren". Les meir her. |
Likevel skurrar det under overflata.
Språkrådet har tidlegare kritisert UiT for dårleg oppfølging av målloven, og
UiT har med få unntak ikkje vore i fremste rekke med å sleppe nynorsk til som fagspråk
og studiespråk. I januar 2019 sendte UiT inn ein ny rapport om språkbruken, og sjølv
om utgangspunktet er dårleg, er her lyspunkt. Tilbakemeldinga frå UiT viser at
nettsidene ikkje fyller lovkravet om 25 prosent nynorsk, men 6-12 prosent kan
lett doblast. Det viser i alle fall talet på nynorske pressemeldingar, som ser
ut til å vere etter lovkravet, og nynorskartiklar i FoU-magasinet
"Podium" følgjer like under. Gratulerer!
UiT er dessverre ikkje så flinke til å bruke
nynorsk i sosiale media, og internt har nok UiT ein lang veg å gå. Her er
nemleg nærmast kjemisk fritt for nynorsk i studiekatalogar, og januar-rapporten
fortel ikkje korleis dei tilsette og studentane som bruker nynorsk, blir tatt
vare på i organisasjonen.
UiT skal ha skryt for at dei har sett i verk
tiltak for å betre språkstoda, men det kan sjå ut som det har stoppa litt opp.
Sjølv om UiT kan melde at dei har hatt fleire tilsette på nynorsk-kurs, er her
ein lang veg å gå.
Vår oppfordring går derfor til rektor,
direktør og leiinga ved dei ulike studiestadene: Gå føre med eit godt eksempel,
følg opp målloven ved å bruke mest mogeleg nynorsk i intern og ekstern
kommunikasjon. Det er bra at det jamleg er nyhendeartiklar på nynorsk, men det
talet bør doblast. Og internt kan det sjå ut som UiT har ein lengre veg å gå
før dei er i mål med språkjamstellinga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar