mandag 13. mars 2017

Hundre år for nordnorsk nynorsk

Troms og  Finnmark mållag heldt årsmøte på Finnsnes 11.mars 2017. Her blei det også markert at det er litt over 100 år sia det blei stifta eit fylkesmållag i Troms.  Skipingsmøtet var på same staden, på Finnsnes 15. juli 1915. Lærar Ingvald M. Rødvik frå Lenvik blei valt til første formann i laget.

Frå  Nordmannalaget til Hålogaland målkontor


Mållaget Heimhug som blei skipa 17. april 1898 på Tromsø Seminarium var det første mållaget i Troms. Alt året etter kom dei første spirene til eit fylkeslag då Nordmannalaget blei skipa i Tromsø 16. juli 1899 etter mønster av Austmannalaget og Vestmannalaget, men dette laget sovna snart inn.

Det første ordinære årsmøtet i fylkesmållaget blei halde på Harstad 31. juli 1915, og fylkesskolelærar Inggjald Leigland på Lyngseidet blei valt til formann. Dette vervet hadde han i fleire år. Dei første åra gjekk med til store stemner rundt i fylket oftast i samarbeid med ungdomslaga. Resultata let ikkje vente på seg, det var fleire skolekrinsar som gjekk over til landsmål (nynorsk) som opplæringsmål.  Mange skolestyre vedtok også obligatorisk opplæringa i nynorsk som sidemål lenge før dette blei lovfesta.

Fylkesmållaget starta Hålogaland målkontor i 1922, og i vel ti år blei målarbeidet styrt frå målkontoret.  Dette kontoret gav ut skrifter og hadde eit utbygd nettverk av lokale kontaktfolk og fleire lokale mållag.

I 1936 blei fylkesmållaget reorganisert, og  saman med målkontoret var laget aktivt då ein flaum av skolar i Troms gjekk over til nynorsk på slutten av 1930-talet. Etter rettskrivingsendringane i 1938 blei det organisert ein stor kampanje, og det førte til at nær halvparten av skolane i Troms gjekk over til nynorsk, og noko liknande skjedde i Nordland.

Målting gav nordleg nynorskvind


Lars Berg talar til Måltinget i Tromsø i 1947.
Foto: Troms fylkesmållag 
Etter krigen blei det blåse liv i fylkesmållaget på eit stort målting i Tromsø i 1947.  Ei av dei viktige sakene var å arbeide for ein nordnorsk nynorsknormal som Lars Berg utarbeidde. Men samtidig starta tilbakegangen for nynorsk i skolane, i kjølvatnet av Riksmålsforbundet sine talarferder. Fylkesmållaget prøvde å demme opp for dette, men lyktest ikkje. Rektor Olav Løkse i Finnfjordbotna og lærar Jens Heim i Balsfjord var formenn i dei første tjuefem åra. Ei viktig arbeidsoppgåve på 1950- og 1960-talet var å organisere Hallfrid Christiansen sine dialektferder nordpå og å få gitt ut Johan Hveding si "Håløygsk ordsamling".

Bodø Målungdom var representert på Måltinget 1974 med Asgeir Kvernberg, Ole Mosand og Sølvi Grebstad.
Foto: Magne Leon Heide
Frå 1970-talet heldt styret i fylkeslaget til i Tromsø, og Tromsø-miljøet har ytt eit godt bidrag i arbeidet rundt i fylket. Blant anna var fylkesmållaget aktivt med saman med lokale mållag då det frå 1970-talet og utover kom nynorske parallellklassar både i Tromsø, Balsfjord og Målselv. I så måte blei eit stort målting i Tromsø i 1974 ein viktig puff framover i arbeidet for nynorsk i landsdelen. Fylkesmållaget var også aktivt med i utgjevinga av fleire skrift om dialekt, nynorsk og målsak.

Målarbeid i eit vidstrekt landskap


Då det blei skipa mållag både i Alta og Varanger, blei fylkeslaget også utvida til å gjelde Finnmark. Dei siste  tiåra har fylkeslaget konsentrert arbeidet rundt lagsskiping og lokallagssamlingar, gjerne ein eller to gonger i året. Det har også vore arbeidd litt med nynorsk i skolen, både som hovudmål og sidemål. Nynorsk wikipedia har òg blitt oppgradert med stoff om nordnorske forfattarar som skriv på nynorsk og dialekt. Det er i dag rundt 250 medlemmar i dei ulike mållaga som vi finn i Harstad, Senja, Målselv, Balsfjord, Tromsø og Varanger. Med 950 km frå sør til nord dekker fylkeslaget eit langstrekt område.

Sia 1990-talet har fylkeslaget hatt fleire leiarar, alle busett i Tromsø: Bjørnar Østgård, Aud-Kirsti Pedersen, Steinar Aas, Trond Trosterud, Olaug Husabø, Sigrun Høgetveit Berg, Inger Johanne Sæterbakk, Øystein Vangsnes og Sæmund Stokstad. Frå 2006 til i år har leiaren i Tromsø mållag òg vore fylkeslagsleiar.


Møtedeltakarane på årsmøtet i Troms og Finnmark mållag 2017.
Foto: Magne Leon Heide
Årsmøtet i Troms og Finnmark mållag i 2017 blei halde på Finnsnes 11. mars, og det møtte utsendingar frå nesten alle mållaga i dei nordligaste fylka. Årsmøtet valte Magne Leon Heide frå Harstad og omland mållag til ny leiar. Med seg i arbeidsutvalet har han Olaug Husabø, Tromsø, og Ingrid Russøy, Balsfjord.  Prioriterte oppgåver er å stø arbeide for nynorsk i skolen og spreie kunnskapen om nynorsk og nynorsk litteratur til barnehagar, skolar og samfunnet. Laget er i tillegg opptatt av å arbeide for norske dialektar og stør arbeidet for samisk og kvensk språk.

Magne Leon Heide

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar