lørdag 5. april 2025

MÅLLAG I VEKST

Troms og Finnmark mållag har aldri hatt så mange medlemmar som no. Det kunne laget oppsummere på årsmøtet som blei halde no i april. Laget har også avvikla ei vellykka haustsamling med fokus på norskopplæringa, stadnamn og lokal språkhistorie. 


Medlemsrekord

For andre året på rad har fylkesmållaget medlemsrekord. Det er no 275 medlemmar, og i tillegg kjem to mållag med rundt 50 medlemmar, slik at antal medlemmar i mållag er  godt over 300 i dei to nordlegaste fylka. Så mange medlemmar har det ikkje vore nokosinne sidan fylkesmållaget blei stifta for over 100 år sidan.

Lokale kulturinstitusjonar

Tilbakemeldingane frå dei sju mållaga i nord viser også ein språk- og kultur-innsats som spenner over eit vidt område. Mållaga er lokale kulturinstitusjonar som gjer ein viktig innsats på mange felt.  Det er derfor gledeleg at det har vore medlemsvekst dei siste åra.

God nynorsk-opplæring er viktig

Troms og Finnmark mållag har fleire viktige arbeidsoppgåver.  Å få til ei god nynorsk-opplæring i skolen er ei av dei viktigaste oppgåvene, alle elevane skal lære seg nynorsk i dag , enten som sidemål eller hovudmål. Mållaget vil også arbeide for å gjere synleg dei over eitt hundre nordnorske forfattarane som skriv og har skrive på nynorsk og dialekt. 

I starten av mai blir det ei eiga Nynorskveke der mållaget vil oppfordre særleg skolane og biblioteka til å vise det språklege mangfaldet vi har med særleg fokus på dialektane og det nynorske skriftspråket.  Mållaget vil også oppmode flest mogeleg til å bruke nynorsk denne veka, og spesielt media blir bedt om å bruke nynorsk – særleg på nynorskdagen 6. mai.

Representantar frå Varanger, Balsfjord, Tromsø, Senja og Harstad møttest på årsmøtet til Troms og Finnmark mållag. Foto: M. Heide


100 års målhistorie

Troms og Finnmark mållag har passert 100 år, og laget held på å samle inn arkivstoff for å få skrive historia til mållaget og  arbeidet som har vore gjort dei siste åra. 

Magne Leon Heide blei attvald til leiar i Troms og Finnmark mållag, og med seg i styret har han representantar frå både Harstad, Varanger og Tromsø mållag.


søndag 16. februar 2025

ÅRSMØTE I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG LAURDAG 5. APRIL 2025

 Vi kallar med dette inn til årsmøte i Troms og Finnmark mållag.

Tid:        Laurdag 5. april 2025 kl. 11:15 – 14:30.

Stad:     TROMSØ BIBLIOTEK, Grønnegata 94, Tromsø

 Møterett:

Alle medlemmar frå medlemslaga i Troms og Finnmark mållag har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett. Dette gjeld Varanger mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Målselv mållag og Harstad og omland mållag.

Medlemmar frå andre lokale mållag i Troms og Finnmark har også tale- og framleggsrett. Dette gjeld  Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.


Saksliste:

Sak 1 – Konstituering

1.1 – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter

1.2 – Val av ordstyrar og møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2024

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2024

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2024

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Ta gjerne med eit lite notat, både om arbeid som er gjort og planar.

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget for 2025

Sak 5 – Budsjett

6.1 – Fastsetjing av årspengar for fylkeslaget

6.2 – Budsjett 2025

Sak 6 – Val

            6.1. –Val av styre

Årsmøtet 2025 skal velje leiar, 2-4 styremedlemmar og varamedlemmar. Minst 3 lokallag bør vere representerte i styret

6.2 – Val av revisor

6.3 – Val av valnemnd

6.4 – Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag (ikkje i år, neste er i 2026)

SAK 7 – Innkomne saker og eventuelt

Noregs Mållag helsar og legg fram aktuelle målsaker til drøfting

søndag 29. september 2024

NYNORSK, SAMISK OG STADNAMN I NORD

Den nynorske målsoga i nord starta alt på 1800-talet. Samiske tema og perspektiv kan og bør vere med i alle faga, ikkje berre i norskfaget. Mållaga bør også engasjere seg i stadnamnarbeidet.  Og aldri har det vore produsert så mange nynorske tekstar som i år. Dette var nokon av dei sentrale temaa som blei tatt opp på Haustseminaret som Troms og Finnmark mållag nyleg heldt i Nordkjosbotn i Balsfjord.

Nynorsk-historia i nord er lang

Magne Heide innleidde om målsoga i nord. Han kunne fortelje at «vor bekjendte Landsmand» Ivar Aasen si ferd til Tromsø i juli 1851 blei kort omtala i Tromsø Tidende, så det var ikkje ukjent at han var på besøk. Meir overraskande var det at Aasmund Olavsson Vinje var invitert til Tromsø i 1870, og han og kona hadde tenkt å reise. Men så døydde kona Rosa i april, og Aasmund gjekk bort 30. juli 1870. Tromsø Stiftstidende brukte første side i to nummer til minneord om Vinje. Avis-redaktør var Gustav Kjelseth, han var Aasmund sin svoger og Rosa sin bror.    

Tromsø Stiftstidende, torsdag 4. August 1870

Deretter tok Heide eit djupdykk i åra 1898-99, det var stor måldebatt og dei første mållaga i nord blei stifta då. Nordmannalaget blei starta i Tromsø som eit nordnorsk mållag, og i tillegg blei det skipa 8-10 mindre mållag rundt i landsdelen. I Tromsø blei mållaget Heimhug på lærarskolen stifta i 1898, og så kom Trumsøy mållag i 1899.

Tromsø, onsdag 27. april 1898
            

Samisk i norskfaget

Åse Mette Johansen har saman med Hilde Solli skrive ei fagdidaktisk bok «Samisk i norskfaget – fra plan til praksis», som ho presenterte på seminaret. Kunnskapen om det samiske er styrka dei siste tiåra, men det er framleis alt for mange repeterande opplegg som blir brukt i skolen. Treng ein å fargelegge det samiske flagget kvart år, og å sjå «Kautokeino-opprøret» kvart år?  Johansen meinte at det samiske mangfaldet måtte komme betre fram.  I boka si viste dei korleis ein kunne bruke mange ulike innfallsvinklar for å få fram samiske tema i norskfaget.
Åse Mette Johansen

Viktig å engasjere seg i stadnamn-arbeid

Det er viktig at mållaga engasjerer seg i stadnamn-arbeidet. Dette understreka Aud-Kirsti Pedersen, som til dagleg er stadnamnansvarleg i Kartverket.  Mållaga har som andre organisasjonar rett til å vere part i namnesaker, dei kan både reise slike saker sjølv, og dei kan komme med fråsegner i namnesaker som andre reiser gjennom Kartverket. Det er særleg viktig at mållaga brukar kontaktnettet sitt for å få fram den nedarva lokale uttalen, som skal ligge til grunn for normeringa av stadnamna.
Aud-Kirsti Pedersen

Det var ein interessert møtelyd som både stilte spørsmål om stadnamn og kom med innspel. Det var fleire som meinte at det var viktig å få fram dei sjøsamiske perspektiva. Skrivemåten av stadnamn kan ofte skape diskusjon ute i samfunnet. Dei siste tiåra har normerte stadnamn på skilt og kart påverka uttalen, og det er derfor viktig at mållaga hjelper til med å dokumentere den nedarva lokale uttalen.  

Meiningsutveksling, god mat og lokal poesi

Den siste delen av seminaret blei brukt til å utveksle erfaringar mellom mållaga. Mållaga driv med mange aktivitetar, som kulturkveldar, debattmøte, utgjeving av eigne årshefte, og dei har målspalter i aviser.  Det blir i tillegg produsert både koppar og bere-nett med påtrykte dialektord. Nynorske gudstenester er også viktig. Og så prøver mållaga som best dei kan, å spreie nynorsk lesnad, særleg Norsk Barneblad.

Haustseminaret samla eit 20-tals deltakarar. Balsfjord mållag skapte ei triveleg ramme med god servering, og laget sin huspoet, Lillian Bernes Hay, las fleire eigne dikt til stor glede for forsamlinga.

M.H.
Seminaret samla eit 20-tals deltakarar.
Her er dei som var med heilt til endes.





lørdag 7. september 2024

HAUSTSEMINAR I BALSFJORD LAURDAG 28. SEPTEMBER

Troms og Finnmark mållag  inviterer til opent HAUSTSEMINAR på Nordkjosbotn vidaregåande skole laurdag 28. september kl. 1145-1530.

Vi håper at flest mogeleg medlemmar og andre interesserte kjem.

Det vil bli servert kaffe og noko attåt på møtet, gratis for medlemmar, kr 100 for andre.

Av omsyn til møtelokale og serveringa håper vi at dei som kjem melder ifrå seinast tysdag 24. september, sjå invitasjonen under.



onsdag 31. januar 2024

FOSSE-EFFEKT I MÅLLAGET

Medlemsrekord

Troms og Finnmark mållag hadde i 2023 medlemsrekord. Dette syner årsmeldinga til laget som no er klar. Fylkesmållaget registrerte 275 medlemmar som er det aller største medlemstalet i heile lagssoga. Den største medlemsveksten hadde Tromsø mållag.  Medlemsveksten er i tråd med det som også har skjedd på landsbasis, og heng nok også litt saman med nobelprisen litteratur til nynorsk-forfattaren Jon Fosse. Det er no fem aktive mållag som er med i Troms og Finnmark mållag: Varanger, Balsfjord, Tromsø, Målselv og Harstad og omland. I tillegg kjem Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.

Nynorsk inspirasjonsdag

Det største arrangementet i 2023 var Nynorsk inspirasjonsdag, som Tromsø mållag tok på seg å arrangere. Her fekk nesten 30 norsklærar frå Tromsø-området ein heil dag krydra med foredrag av Synnøve Marie Sætre frå Nynorsksenteret og bokbad med dei lokale forfattarane Sigrid Agnethe Hansen og Irene Larsen. Det var fine diskusjonar med interesserte og engasjerte lærarar! Og god servering! Samtidig var Norsk Målungdom på besøk på to vg-skolar i Tromsø og Balsfjord.

Sigrid Agnethe Hansen og Irene Larsen

Nynorsk litteratur viktig

Fylkesmållaget er fornøydd med at Litteraturnett Nord-Noreg endeleg har tatt til å presentere på nynorsk dei nordnorske forfattarane som skriv nynorsk, men mållaget ønsker at fleire enn desse også blir presenterte på nynorsk. Laget har arbeidd ut ei liste med 125 skjønnlitterære forfattarar med nordnorsk tilhøyrsle som skriv eller har skrive på nynorsk og nordnorsk dialekt.Sigrid Agnethe Hansen og Irene Larse

Ja til dialekt og sidemål

Leiaren i fylkesmållaget, Magne Heide, har gått imot dei som ikkje ønsker dialekt i nyheitssendingane i NRK, bl.a. Christian Borch. Han har også bedt Nordland fylke om å leggje bort søknaden sin om såkalla valfritt sidemål. Det passar seg ikkje å velje bort nynorsk i eit år med nobelprisen i litteratur til nynorsk-forfattaren Jon Fosse. 


I styret for Troms og Finnmark mållag har desse sete det siste året: Magne Leon Heide, leiar (Harstad), Rønnaug Ryssdal (Varanger) og Marit Falkensten (Tromsø). Mållaget skal ha årsmøte i slutten av februar. 


mandag 6. mars 2023

ÅRSMØTE MED DIALEKT OG NYNORSK I VINDEN

Troms og Finnmark mållag avvikla årsmøte 6. mars.  Årsmeldinga viser eit høgt medlemstal, og fylkesmållaget har no over 260 medlemmar fordelt på fem lokale mållag, og totalt er det no godt over 300 medlemmar i Noregs Mållag i Troms og Finnmark. Dei fem medlemslaga er Varanger mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Målselv mållag og Harstad og omland mållag. I tillegg er Studentmållaget i Tromsø medlem i ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom, og Senjamållaget er direkte innmeldt i Noregs Mållag. 

Stort haustseminar 

Årsmeldinga for 2022 viste at fylkeslaget har deltatt aktivt i målarbeidet både på seminar og nemnder sentralt, og i tillegg blei det arrangert eit haustseminar om nordnorske dialektar i samarbeid med Balsfjord mållag som samla rundt 30 deltakarar.

Haustseminar 2022


Dårleg om nordnorske nynorskforfattarar

Ei av sakene fylkesmållaget har arbeidd med er Litteraturnett Nord-Norge. Vi slit med å få dei til å bruke nynorsk for å vise dei 124 forfattarane som har skrive eller skriv på nynorsk og dialekt i nord. Ei oppteljing før årsmøtet viste at berre sju forfattarar var presenterte på nynorsk. Det er for dårleg når vi veit at Nynorsk wikipedia har gode presentasjonar av desse forfattarane.

NYNORSK WIKIPEDIA:
Nordnorske forfattarar som skriv nynorsk og dialekt

Fylkesmållaget har også oppmoda foreldre, elevar og studentar til å velje nynorsk som hovudmål i skolen og på universitetet. Det er mange gode grunnar til dette: Du vil lære nynorsk og bokmål like godt, og nynorsk gir deg fordelar.  

Betre nynorskopplæring

I det kommande arbeidsåret vil fylkesmållaget prioritere arbeidet for ei god nynorskopplæring. Alle elevane skal lære å lese og skrive nynorsk som hovudmål eller som sidemål, og det er eigentleg såre enkelt ut ifrå dialektane her nord. Det er utarbeidd gode pedagogiske opplegg bl.a. frå Nynorsksenteret. Haldninga blant lærarane er positive, og fylkesmållaget håper at dei nye signala til betre og tidlegare nynorskopplæringa slår positivt ut i skolen. Elevane treng å få bruke sin eigen språkbakgrunn betre og få kjennskap til det kulturelle mangfaldet vi har.

I tillegg til nynorskopplæringa og dei nordnorske nynorskforfattarane vil fylkesmållaget også fremje samisk og kvensk språk. Det fleirkulturelle nord har vore tema på fleire av samlingane til fylkesmållaget.

Les dette innlegget her.

Årsmøtet valte dette styret i Troms og Finnmark mållag: Magne Leon Heide, leiar (Harstad og omland mållag), Rønnaug Ryssdal (Varanger mållag) og Marit Falkensten (Tromsø mållag).


torsdag 16. februar 2023

Årsmøte i Troms og Finnmark mållag måndag 6. mars 2023

Vi kallar med dette inn til årsmøte i Troms og Finnmark mållag.

Tid:        måndag 6. mars 2023 kl. 1800 – 2000.

Stad:     Digitalt møte (lenke til møtestad blir sendt påmeldte deltakarar)


Møterett:


Alle medlemmar frå medlemslaga i Troms og Finnmark mållag har tale- og framleggsrett, og 3 frå kvart lokallag har røysterett. Dette gjeld Varanger mållag, Balsfjord mållag, Tromsø mållag, Målselv mållag og Harstad og omland mållag.

Medlemmar som høyrer til andre lokale mållag i Troms og Finnmark har også tale- og framleggsrett. Dette gjeld Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.


Saksliste:

Sak 1 – Konstituering

1.1   – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter

1.2   – Val av ordstyrar og møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2022

2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2022

2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2022

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget

Sak 5 – Nye lover

Årsmøtet i 2022 bad om at lovane blei endra når det gjaldt val av styre, og AU har gått gjennom dette, særleg par. 5. (Fullstendig lovtekst kan sendast på førespurnad)

I dag lyder par. 5 slik:

Styret for laget er leiar, kasserar og ein medlem med vara frå kvart av lagsstyra, oppnemnt av vedkommande styre.

Årsmøtet vel:

a)    leiar 

b)    kasserar

c)     revisor

d)    utsending(ar) til landsmøtet i Noregs Mållag

e)     valnemnd på minst to personar

Styret peikar ut nestleiar. Leiar, nestleiar og kasserar er arbeidsutval for styret med dei fullmaktene styret gir.

AU føreslår at par. 5 blir endra slik (endringar er understreka):

Styret for laget skal ha mellom 3 og 5 faste medlemmar, og 2 varamedlemmar. Minst 3 lokallag bør vere representert i styret. Alle val gjeld for eitt år.

Årsmøtet vel:

a)  leiar

b)  styremedlemmar (nestleiar, kasserar, skrivar)

c)   varamedlemmar

d)  revisor

e)   utsending(ar) til landsmøtet i Noregs Mållag

f)   valnemnd på minst to personar

Årsmøtet kan overlate valet av nestleiar, kasserar, revisor og valnemnd til styret.

Fullstendig lovtekst kan sendast på førespurnad, denne vil bli sendt ut med sakspapira før årsmøtet.

Sak 6 – Budsjett

6.1 – Fastsetjing av årspengar for fylkeslaget

6.2 – Budsjett 2023

Sak 7 – Val

7.1. –Val av styre og evt arbeidsutval (AU):

Dagens AU i Troms og Finnmark mållag føreslår at styret blir valt etter dei nye lovane.

Viss årsmøtet vel å bruke dei gamle lovene, blir det valt eit styre og AU.

7.2 – Val av revisor

7.3 – Val av valnemnd

Sak 8 – Innkomne saker og eventuelt


Innsending av forslag

Lag som ønsker saker tatt opp, må melde desse seinast onsdag 23. februar kl. 20:00 til tfmaallag@gmail.com. Det same gjeld forslag til endringar i lovene.


Påmelding og sakspapir

Utfyllande sakspapir blir sendt ut seinast ei veke før årsmøtet.

Påmelding til årsmøtet skjer til tfmaallag@gmail.com seinast 4. mars.

NB! Vi legg også ut viktig informasjon om årsmøtet og andre saker på heimesida og Facebooksida vår.

 

Vennleg helsing

Troms og Finnmark mållag

Magne Leon Heide, leiar