Ei av dei aller viktigaste kulturoppgåvene i Nord-Noreg er å styrke og vidareutvikle det tradisjonelle språklege mangfaldet i landsdelen, som om fattar både dialektar, bokmål og nynorsk, og samisk og kvensk.
Det er eit sterkt språkengasjementet blant kandidatane i sametingsvalet. Sametinget har sidan starten i 1989 arbeidd godt og strategisk for å styrke dei samiske språka, og tinget har brukt store ressursar på dette arbeidet. Resultatet er at samiske språk står sterkare i samfunnet no enn for 36 år sidan.
Men det er framleis problem og hindringar for samisk språk og kultur. Det gjeld særleg samiske språktilbod både i barnehage, skole og elles i samfunnet. Rekruttering av samiske lærarar og barnehagelærar er også viktig. Mållaget har på si side også bedt om at det blir tillate med samiske adressenamn, dette gjeld særleg tospråklege (og trespråklege) adressenamn utanom dei samiske kjerneområda.
Mållaget har i alle år ført ein intens kamp for å sikre rettar til dei som bruker nynorsk, særleg som hovudmål, men også dei som møter det som "sidemål". Her trur vi sametings-politikarar kan ha ein del å lære. Og mållaga har stått opp for samisk språk og kultur ved fleire høve.
Ikkje alle sametingskandidatar er einige om vegen framover, men alle engasjerer seg i språksakene. Troms og Finnmark mållag ønsker lykke til med Sametingsvalet og med det viktige språkarbeidet som må gjerast for å ta vare på og utvikle det språklege mangfaldet i landsdelen.
Troms og Finnmark mållag
Magne Leon Heide, leiar






