Av Magne Leon Heide
leiar i Troms og Finnmark mållag
Styret for Nord universitet vedtok i september 2018 "Språkpolitiske retningslinjer". Her har Nord universitet gjort eit forpliktande vedtak for å gje norsk ein god plass – særleg i høve til engelsk, og ikkje minst å ta på seg eit ansvar for lule- og sørsamisk språk. Her skal eg la det siste ansvaret liggje, det fortener ein eigen kommentar.
Ansvaret for å fremje norsk språk ved
universiteta finn vi både i Lov om universitet og høgskolar og i Lov om målbruk
i statstenesta, med føringar både frå Språkrådet, Universitets- og
høgskolerådet og Stortinget.
Nord universitet vedtok "Språkpolitiske retningslinjer" på styremøte 18.9.2018. |
Norsk språk har som kjent to offisielle
målformer nynorsk og bokmål, og når Nord universitet nyttar nemninga
"norsk" må vi rekne med at dette gjeld begge målformene. Dermed kan vi lese dei positive
retningslinjene slik:
- "Norsk, nynorsk og bokmål, er
primærspråket ved Nord universitet."
- "Undervisningsspråket ved Nord
universitet skal normalt være norsk, nynorsk og bokmål."
-
"Studenter forventes å kjenne til og kunne bruke fagspråk både på
norsk, nynorsk og bokmål, og engelsk."
- "Universitet skal oppfylle sitt
formidlingsansvar overfor allmennheten ved å kommunisere forskningsbasert kunnskap
på norsk, nynorsk og bokmål."
Desse positive formuleringane om norsk språk
vil setje Nord universitet i fremste rekkje når et gjeld å utvikle eit norsk
akademisk fagspråk, på nynorsk og bokmål. Det vil også sikre studentane sine
rettar, og det vil gjere begge dei norske målformene synlege i universitetet si
utoverretta verksemd. Så langt er dei
språklege retningslinjene til Nord universitet eksemplariske.
Men dessverre greier ikkje universitetet å
følgje opp sine eigne vakre ord når det gjeld å ta vare på begge dei norske
målformene, bokmål og nynorsk. For å ta konklusjonen først – med litt nordnorsk
kraft: Her drit universitetet i sine eigne retningslinjer!
Nord universitet sendte i januar 2019 inn ein årsrapport til Språkrådet som syner at
Nord universitet i praksis IKKJE brukar nynorsk. Nord universitet gir ein god
dag i sine eigne retningslinjer og i målloven. Rapporten syner på dei fleste
områda 0 prosent nynorsk! På dette viset stiller Nord universitet seg i praksis
i attraste linje når det gjeld å vere med på å utvikle eit norsk fagspråk, å
gje dei tilsette mogelegheiter til å bruke sitt norske fagspråk, å gje
studentar tilbod om å lese, skrive og utprøve eit norsk fagspråk – og her
brukar eg norsk i tydinga nynorsk.
Ved Levanger lærarskole starta nynorskundervisninga i 1892. Og lærarskole-elevane skipa òg eige mållag. Kjelde: Levanger læarskole, Klæbu seminar 150 år, 1989. (side 63) Les meir på nb.no på denne lenka. |
Studiestader som i dag utgjer Nord universitet,
har tidlegare vore i front når det gjeld å utvikle og bruke ein nordnorsk og
trøndsk nynorsk. Nesna lærarskole gav ei svært god nynorskopplæring frå
starten, og Levanger lærarskole gjorde det same. Men når vi i dag tar ein kik
på studieplanane, finn vi knapt eit nynorsk ord. Eit lite unntak er nokre få
ord OM nynorsk i norsk-studieplanane. Elles finn eg ikkje eitt ord PÅ nynorsk i
studieplanane. Det skjer mykje positivt med nynorsk i skoleverket no for tida,
og her bør i alle fall lærarutdanningane sjå si besøkstid og vere med på å
forme ein framtidig nordnorsk (og trøndsk) nynorsk-plattform.
Sørsamisk på nynorsk, les meir her |
Nynorsk presentasjon fungerer godt på Nord universitet si heimeside, men det er skjer altfor sjeldan. |
Nettsidene til Nord universitet er begredelege
når det gjeld dei to målformene. Ein skal verkeleg leite for å finne at
universitetet har følgt opp med nynorsk-artiklar. Men to heiderlege unntak må
framhevast. To av dei medieansvarlege, Bjørnar Leknes og Per Jarle Elle, skriv
eit par gode nynorsk-artiklar. La desse to få halde fram med å skrive fleire av
- gjerne alle - artiklane sine på nynorsk!! Samtidig bør dei administrative leiarane
ved Nord universitet gå i bresjen ved å nytte nynorsk i sine artiklar, slik
universitetsleiinga lenger nord gjer i ny og ne. Og så bør det leggjast ein
strategi for dei andre språkpolitiske områda. Legg gjerne litt prestisje i å
vise dokker betre enn kollegaene i nord når det gjeld å gje nynorsken det
rommet dokker sjølv proklamerer, i akademia.
(Lesarinnlegg, trykt i Avisa Nordland, an.no 5.7.)