søndag 29. september 2024

NYNORSK, SAMISK OG STADNAMN I NORD

Den nynorske målsoga i nord starta alt på 1800-talet. Samiske tema og perspektiv kan og bør vere med i alle faga, ikkje berre i norskfaget. Mållaga bør også engasjere seg i stadnamnarbeidet.  Og aldri har det vore produsert så mange nynorske tekstar som i år. Dette var nokon av dei sentrale temaa som blei tatt opp på Haustseminaret som Troms og Finnmark mållag nyleg heldt i Nordkjosbotn i Balsfjord.

Nynorsk-historia i nord er lang

Magne Heide innleidde om målsoga i nord. Han kunne fortelje at «vor bekjendte Landsmand» Ivar Aasen si ferd til Tromsø i juli 1851 blei kort omtala i Tromsø Tidende, så det var ikkje ukjent at han var på besøk. Meir overraskande var det at Aasmund Olavsson Vinje var invitert til Tromsø i 1870, og han og kona hadde tenkt å reise. Men så døydde kona Rosa i april, og Aasmund gjekk bort 30. juli 1870. Tromsø Stiftstidende brukte første side i to nummer til minneord om Vinje. Avis-redaktør var Gustav Kjelseth, han var Aasmund sin svoger og Rosa sin bror.    

Tromsø Stiftstidende, torsdag 4. August 1870

Deretter tok Heide eit djupdykk i åra 1898-99, det var stor måldebatt og dei første mållaga i nord blei stifta då. Nordmannalaget blei starta i Tromsø som eit nordnorsk mållag, og i tillegg blei det skipa 8-10 mindre mållag rundt i landsdelen. I Tromsø blei mållaget Heimhug på lærarskolen stifta i 1898, og så kom Trumsøy mållag i 1899.

Tromsø, onsdag 27. april 1898
            

Samisk i norskfaget

Åse Mette Johansen har saman med Hilde Solli skrive ei fagdidaktisk bok «Samisk i norskfaget – fra plan til praksis», som ho presenterte på seminaret. Kunnskapen om det samiske er styrka dei siste tiåra, men det er framleis alt for mange repeterande opplegg som blir brukt i skolen. Treng ein å fargelegge det samiske flagget kvart år, og å sjå «Kautokeino-opprøret» kvart år?  Johansen meinte at det samiske mangfaldet måtte komme betre fram.  I boka si viste dei korleis ein kunne bruke mange ulike innfallsvinklar for å få fram samiske tema i norskfaget.
Åse Mette Johansen

Viktig å engasjere seg i stadnamn-arbeid

Det er viktig at mållaga engasjerer seg i stadnamn-arbeidet. Dette understreka Aud-Kirsti Pedersen, som til dagleg er stadnamnansvarleg i Kartverket.  Mållaga har som andre organisasjonar rett til å vere part i namnesaker, dei kan både reise slike saker sjølv, og dei kan komme med fråsegner i namnesaker som andre reiser gjennom Kartverket. Det er særleg viktig at mållaga brukar kontaktnettet sitt for å få fram den nedarva lokale uttalen, som skal ligge til grunn for normeringa av stadnamna.
Aud-Kirsti Pedersen

Det var ein interessert møtelyd som både stilte spørsmål om stadnamn og kom med innspel. Det var fleire som meinte at det var viktig å få fram dei sjøsamiske perspektiva. Skrivemåten av stadnamn kan ofte skape diskusjon ute i samfunnet. Dei siste tiåra har normerte stadnamn på skilt og kart påverka uttalen, og det er derfor viktig at mållaga hjelper til med å dokumentere den nedarva lokale uttalen.  

Meiningsutveksling, god mat og lokal poesi

Den siste delen av seminaret blei brukt til å utveksle erfaringar mellom mållaga. Mållaga driv med mange aktivitetar, som kulturkveldar, debattmøte, utgjeving av eigne årshefte, og dei har målspalter i aviser.  Det blir i tillegg produsert både koppar og bere-nett med påtrykte dialektord. Nynorske gudstenester er også viktig. Og så prøver mållaga som best dei kan, å spreie nynorsk lesnad, særleg Norsk Barneblad.

Haustseminaret samla eit 20-tals deltakarar. Balsfjord mållag skapte ei triveleg ramme med god servering, og laget sin huspoet, Lillian Bernes Hay, las fleire eigne dikt til stor glede for forsamlinga.

M.H.
Seminaret samla eit 20-tals deltakarar.
Her er dei som var med heilt til endes.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar