Nordnorsk dialekt er i vinden som aldri før. Det er ikkje berre i lokalsendingane vi møter nordnorske dialektar, men no lyttar vi til kanalvertar frå Tysfjord og nyheitsopplesarar frå Lenvik i NRKs sentrale sendingar. Og nordnorske artistar syng ikkje lenger berre eigne tekstar på nordnorsk, men Dylan kjem også på nordnorsk. Og alle skriv på dialekt når vi tastar ei melding til ein kjenning.
Det er ikkje i alle situasjonar vi kan bruke dialekten vår. Når ein skal velje eit skriftspråk som stør opp under dialekten, er ikkje spranget særleg langt til det nynorske skriftspråket. Dei nordnorske dialektane ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å lære seg å bruke eit så dialektnært skriftspråk. Her nord møter dei aller fleste nynorsk som sidemål i skolen.
Det er derfor viktig å behalde nynorsk som ein integrert del av norskfaget som i dag, og ikkje fjerne verken karakterar eller eksamen i sidemål eller gjere sidemålsopplæringa "valfri", slik Høgre og Framstegspartiet vil. Dette står i sterk motsetning til alle dei andre partia som ønsker at sidemålsopplæringa i nynorsk må styrkast. Til dette finst mange gode ressursar å ause av, og mållaget hjelper gjerne til.
I dag møter elevane nynorsk alt frå barneskolen der dei skal lese og lytte til tekstar på nynorsk. Slik får ungane møte den rike nynorske litteraturen, frå barnebøker til verdslitteratur. Mållaget har i mange år hjelpt til ved å tilby skolar gratis tinging av det beste barnebladet i landet, det nynorske Norsk Barneblad.
I ungdomsskolen skal elevane lære seg å skrive tekstar på nynorsk, det same skal dei gjere på studieførebuande utdanningsprogram på vidaregåande. Undersøkingar viser at skriveopplæringa framleis er prega av "grammatikk-pugg", men det finst heldigvis rike ressursar å ause av, særleg frå Nynorsksenteret. Fokus bør vere meir praktisk språkbruk og kreative metodar som f.eks. podkastar, songtekstar og rollespel.
Med ei god opplæring kan elevane lære å bruke sitt eige ordtilfang i nynorsk, og dette er også med på å utvide språk-kompetansen når dei skriv bokmål. Slik styrkar opplæring i sidemål også hovudmålet.
For å sikre ei god nynorskopplæring, må alle lærarane som underviser i norsk bli trygge og godt utrusta i nynorsk. Her har lærarutdanninga eit særleg ansvar. Mållaget har på si side arrangert nynorske inspirasjonsdagar for lærarar, og dette vil vi halde fram med.
Norsk er det viktigaste faget i skolen, og vi har to likestilte skriftspråk, bokmål og nynorsk. For å sikre likestillinga treng vi eigen karakter i begge skriftspråka. Karakteren sikrar også at sidemålsopplæringa blir prioritert. Det gjer at opplæringa blir meir strukturert, og elevane får betre tilbakemelding på utviklinga si. Dette sikrar eit høgare læringsutbyte og oppmuntrar elevane til å gjere ein innsats. Utan eigen karakter kan sidemål bli sett på som mindre viktig.
Magne Leon Heide
leiar i Troms og Finnmark mållag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar