Den nynorske målsoga i nord starta alt på
1800-talet. Samiske tema og perspektiv kan og bør vere med i alle faga, ikkje
berre i norskfaget. Mållaga bør også engasjere seg i stadnamnarbeidet. Og aldri har det vore produsert så mange nynorske
tekstar som i år. Dette var nokon av dei sentrale temaa som blei tatt opp på
Haustseminaret som Troms og Finnmark mållag nyleg heldt i Nordkjosbotn i
Balsfjord.
Nynorsk-historia i nord er lang
Magne Heide innleidde om målsoga i nord. Han
kunne fortelje at «vor bekjendte Landsmand» Ivar Aasen si ferd til Tromsø i juli
1851 blei kort omtala i Tromsø Tidende, så det var ikkje ukjent at han var på
besøk. Meir overraskande var det at Aasmund Olavsson Vinje var invitert til
Tromsø i 1870, og han og kona hadde tenkt å reise. Men så døydde kona Rosa i
april, og Aasmund gjekk bort 30. juli 1870. Tromsø Stiftstidende brukte første
side i to nummer til minneord om Vinje. Avis-redaktør var Gustav Kjelseth, han
var Aasmund sin svoger og Rosa sin bror.
 |
Tromsø Stiftstidende, torsdag 4. August 1870 |
Deretter tok Heide eit djupdykk i åra 1898-99, det var stor måldebatt og dei første mållaga i nord blei stifta då. Nordmannalaget blei starta i Tromsø som eit nordnorsk mållag, og i tillegg blei det skipa 8-10 mindre mållag rundt i landsdelen. I Tromsø blei mållaget Heimhug på lærarskolen stifta i 1898, og så kom Trumsøy mållag i 1899.
 |
Tromsø, onsdag 27. april 1898 |
|
|
Samisk i norskfaget
Åse Mette Johansen har saman med Hilde Solli skrive ei fagdidaktisk bok «Samisk i norskfaget – fra plan til praksis», som ho presenterte på seminaret. Kunnskapen om det samiske er styrka dei siste tiåra, men det er framleis alt for mange repeterande opplegg som blir brukt i skolen. Treng ein å fargelegge det samiske flagget kvart år, og å sjå «Kautokeino-opprøret» kvart år? Johansen meinte at det samiske mangfaldet måtte komme betre fram. I boka si viste dei korleis ein kunne bruke mange ulike innfallsvinklar for å få fram samiske tema i norskfaget.
 |
Åse Mette Johansen |
Viktig å engasjere seg i stadnamn-arbeid
Det er viktig at mållaga engasjerer seg i stadnamn-arbeidet. Dette understreka Aud-Kirsti Pedersen, som til dagleg er stadnamnansvarleg i Kartverket. Mållaga har som andre organisasjonar rett til å vere part i namnesaker, dei kan både reise slike saker sjølv, og dei kan komme med fråsegner i namnesaker som andre reiser gjennom Kartverket. Det er særleg viktig at mållaga brukar kontaktnettet sitt for å få fram den nedarva lokale uttalen, som skal ligge til grunn for normeringa av stadnamna.
 |
Aud-Kirsti Pedersen |
Det var ein interessert møtelyd som både stilte spørsmål om stadnamn og kom med innspel. Det var fleire som meinte at det var viktig å få fram dei sjøsamiske perspektiva. Skrivemåten av stadnamn kan ofte skape diskusjon ute i samfunnet. Dei siste tiåra har normerte stadnamn på skilt og kart påverka uttalen, og det er derfor viktig at mållaga hjelper til med å dokumentere den nedarva lokale uttalen.
Meiningsutveksling, god mat og lokal poesi
Den siste delen av seminaret blei brukt til å utveksle erfaringar mellom mållaga. Mållaga driv med mange aktivitetar, som kulturkveldar, debattmøte, utgjeving av eigne årshefte, og dei har målspalter i aviser. Det blir i tillegg produsert både koppar og bere-nett med påtrykte dialektord. Nynorske gudstenester er også viktig. Og så prøver mållaga som best dei kan, å spreie nynorsk lesnad, særleg Norsk Barneblad.
Haustseminaret samla eit 20-tals deltakarar. Balsfjord mållag skapte ei triveleg ramme med god servering, og laget sin huspoet, Lillian Bernes Hay, las fleire eigne dikt til stor glede for forsamlinga.
M.H.
 |
Seminaret samla eit 20-tals deltakarar. Her er dei som var med heilt til endes. |