mandag 19. oktober 2020

Annleis, godt landsmøte i Noregs Mållag

Landsmøtet i Noregs Mållag gjekk i år som digitalt møte i helga 17.-18. oktober. Det var over 120 delegatar som deltok, og det heile blei styrt frå Sola. Landsmøtet gjorde fleir viktige vedtak knytt til den nye opplæringslova og  språklova som er i kjømda. Kravet om klassedeling for nynorskelevar i ungdomsskolen var særleg viktig.

Stort og smått i årsmeldinga

Det avgåtte styret hadde levert ei fyldig årsmelding for år 2018-2020.

Fyldig årsmelding
 
Gåve til Magne Aasbrenn frå Peder Lofnes Hauge (skjermdump)

Avtroppa leiar Magne Aasbrenn trekte fram fleire viktige saker i arbeidsåret:

  • Den nye læreplanen i skolen blir viktig. -Vi tapte kravet om eigen standpunktkarakter i 8. klasse og Vg2 i vidaregåande, men han skal vere ved avslutninga i 10. klasse og Vg3. Og så skal 4. klasse prøve ut nynorsk.
  • Fylkesreforma og kommunesamanslåingane har gitt oss eit nynorsk Vestland fylke, nokre tapte kommunar, men positive språkvedtak i fleire samanslåtte kommunar.
  • I lærarutdanninga må vi arbeide for at alle går ut med ein eigen karaktaer i nynorsk.
  • Og ikkje minst, vi har blitt fleire medlemmar.

Årsmeldinga blei godkjent samrøystes av landsmøtet. Rekneskap og budsjett blei også godkjent samrøystes.

Magne Aasbrenn blei takka av som leiar av Peder Lofnes Hauge med pene ord og ei fin gåve.


Fråsegner om ny opplæringslov, digitale læremiddel og ny språklov

Det blei lagt fram ei eige fråsegn på landsmøtet om den nye opplæringslova. Peder Lofnes Hauge innleidde, og han la vekt på at nynorskelevar ikkje må risikere å få eit dårlegare tilbod enn bokmålselvar, slik dei kan no. Det var særleg tre viktige krav: (1) Språkdelt ungdomsskole, (2) Digitale læremiddel på nynorsk, og (3) Hald på skolemålsrøystingane. Gunnhild Skjold kom med eit tilleggspunkt frå Norsk Målungdom: (4) Ei reell tilsynsordning. Etter debatt og ein del endringsframlegg vedtok landsmøtet ei samrøystes fråsegn.

Noregs Mållag har tidlegare sendt fråsegn om den nye språklova, og landsmøtet vedtok samrøsytes ei fråsegn om denne.

 Ei fråsegn om digitale læremiddel og kontorstøtteprogram blei også samrøystes vedtatt.

Du kan lese fråsegnene på heimesidene til Noregs Mållag (lenke):

Mållaget i Kristiansand hadde sendt inn eit framlegg til fråsegn om den nye språklova, men denne blei ikkje realitetsbehandla på landsmøtet. Det same gjaldt ei innsendt fråsegn frå Odda mållag om stortingsvalet 2021.

 

Helsingstalar

Undervegs i landsmøtet var det også fleire helsingstalar.

 Kjartan Helleve helste frå Kringkastingsringen, som var særleg nøgd med at NRK nådde 25 prosent nynorsk i 2019. 

Gunnhild Skjold (frå Tromsø) helste frå Norsk Målungdom, og ho la særleg vekt på at det måtte komme eit offentleg tilsynsansvar som gjorde at nynorskelevane kunne få språkrettane sine og ikkje berre var overlate til (u)velviljuge skolestyresmakter.

Per Magnus Finanger Sandsmark helste landsmøtet i Noregs Mållag med å fortelje at Nynorsk kultursentrum etablerer ei ordning for pilotbibliotek for nynorsk i fem kommunar i Innlandet, Viken, Vestfold og Telemark, Agder og Rogaland. Årsaka er at nynorskbrukarar aust og sør i landet møter mindre nynorsk utanfor skoleverket enn dei gjer i Vestland og Møre og Romsdal.

I helsingstalen sin til landsmøtet i Noregs Mållag sa kunnskapsminister Guri Melby at altfor mange nynorskbrukarar har for dårleg tilgang på læremiddel, annan litteratur og andre tekstar på det som er deira hovudmål. -Det er ei utfordring som eg som kunnskapsminister tek på alvor, sa ho.

Nana Rise-Lynum helste frå Norsk Barneblad, og ho viste på ein overtydande måte korleis Norsk Barneblad har fornya seg og blitt eit aktuelt blad for barn i alle aldrar.

 

Minnetalar

Peder Lofnes Hauge opna landsmøtet med å minnast fleire personar som har gått bort sia sist:

- Olga Meyer (1930-2018), kjent programleiar frå NRK;

- Torgeir Kvåle (1945-2018), leiar i Tingvatn mållag;

-Tore Sandvik (1934-2019), leiar i Hjelmeland mållag;

- Nils Moldøen (1950-2020) styremedlem og leiar i Hordaland mållag, styremedlem i NM;

- Kari Medaas (1939-2020), fekk bl.a. NM sin målpris i 2002 saman med Ivar Medaas. 

 

Magne Leon Heide

landsmøteutsending frå Troms og Finnmark mållag

 






mandag 20. april 2020

Godt år for nynorsken, syner årsmøte i Troms og Finnmark mållag

Noregs Mållag har no det høgaste medlemstalet på 30 år, og Troms og Finnmark mållag har også eit stabilt høgt medlemstal. Årsmøtet for mållaget som dekker dei to nordlegaste fylka, blei halde som telefonmøte i slutten av mars.

Vellykka seminar, dårlege universitet og positiv Wikipedia

Årsmeldinga syner at Troms og Finnmark mållag har hatt eit godt arbeidsår. Særleg nøgd er laget med det vellykka haustseminaret sitt i Balsfjord. Det var godt oppmøte, og det blei tatt opp tema som avisspråk, språkkontakt i nord,  nynorsk-klassar i grunnskolen, og nytt prinsipprogram for mållaget.

Fylkesmållaget har klaga til dei nordnorske universiteta som stadig bryt målloven og held nynorsken på eit ulovleg lågmål. Samstundes har mållaget arbeidd for å få fram i lyset alle dei som skriv både skjønnlitteratur og faglitteratur på nynorsk, og laget seier seg leie for at Litteraturnett Nord-Norge nektar å bruke Nynorsk wikipedia for å gjere dei rundt 150 dialekt- og nynorsk-skrivande forfattarane i nord synlege.
Nordnorske forfattarar som skriv nynorsk.
Wikiprosjekt, sjå meir her.

Nynorskopplæringa blir viktigare med nye læreplanar

Troms og Finnmark mållag vil framover særleg rette søkelyset mot nynorsk-opplæringa i skolen. Dei nye læreplanane opnar for at elevar i barneskolen skal lese og skrive meir nynorsk, og i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen går det føre seg mange prosjekt, både i nord og elles i landet. Opplæringa i og om nynorsk blir stadig meir spennande og interessant, og dette ønsker mållaget å få betre fram i lyset.

Det nye læreplanverket inneber auka krav til nynorsk sidemål alt frå 4. årstrinn

På årsmøtet blei Magne Leon Heide frå Harstad og omland mållag gjenvalt til leiar. I tillegg sitt Olaug Husabø frå Tromsø og Rønnaug Ryssdal frå Varanger i styret.

lørdag 21. mars 2020

ÅRSMØTE I TROMS OG FINNMARK MÅLLAG


Årsmøte i Troms og Finnmark mållag 2020
NY innkalling og sakspapir

Telefonmøte:
torsdag 26. mars 2020 kl. 2000-2130




Praktiske opplysningar
Invitasjon
Invitasjonen går til alle som er medlem i eitt medlemslag i Troms og Finnmark mållag:
Møtestad:
Møtet vil skje som telefonmøte.
Påmelding:
Dei som ønsker å delta på årsmøtet må melde seg på seinast tysdag 24. mars kl. 2000.
Påmelding skjer til tfmaallag@gmail.com.



Programinnslag på årsmøtet (viss det blir tid):
  • -          den nye tufta til Noregs Mållag og
  • -          får kanskje siste nytt frå Noregs Mållag også.


SAKSLISTE


Sak 1 – Konstituering
1.1 – Godkjenning av innkalling, saksliste og fullmakter
1.2 – Val av ordstyrar og møteskrivarar

Sak 2 – Rekneskap og årsmelding 2019
2.1 – Godkjenning av revidert rekneskap for 2019
2.2 – Godkjenning av årsmeldinga for 2019

Sak 3 – Rapport frå lokallaga

Sak 4 – Arbeidsplan for fylkeslaget

Sak 5  Budsjett
5.1 – Fastsetjing av årspengar
5.2 – Budsjett 2020

Sak 6– Val
6.1. – Val av styre og arbeidsutval (AU):
Styret er etter paragraf 5 i vedtektene samansett slik:
Styret for laget er leiar, kasserar og ein medlem med vara frå kvart av lagsstyra, oppnemnt av vedkommande styre. Styret peikar ut nestleiar.
Leiar, nestleiar og kasserar er arbeidsutval for styret med dei fullmaktene styret gir.
6.2 – Val av revisor
6.3 – Val av valnemnd
6.4 – Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag (NY SAK)
Troms og Finnmark mållag har rett til 2 utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag.

SaK 7 – Innkomne saker og eventuelt
Lag som ønsker saker tatt opp, må melde desse seinast tysdag 24. mars kl. 20:00 til tfmaallag@gmail.com

20. mars 2020
Styret i Troms og Finnmark mållag
Magne Leon Heide (leiar), sign.



lørdag 21. september 2019

VELLYKKA HAUSTSEMINAR


Haustseminaret til Troms og Finnmark mållag blei i år halde i Nordkjosbotn laurdag 21. september med Balsfjord mållag som vertskap. Det var ei stor forsamling som møtte fram, rundt 25 deltakarar. Dei fleste kom frå Balsfjord, men Tromsø hadde også ein stor delegasjon, i tillegg til utsendingar frå mållaga i Varanger og Harstad.

Vilde Øines Nybakken innleidde om avisspråket i nord. Vilde kunne fortelje om ei god utdanning ved Nynorsk avissenter i Førde. Samstundes viste ho til alle dei gode nynorsk-journalistane som er utdanna herifrå. Ho kom også inn på kva for utfordringar nynorske journalistar møter i kvardagen. No er Vilde journalist i Fremover i Narvik, og der må ho bruke bokmål som skriftspråk. Men ho både tvitrar og skriv Facebook på nynorsk, og ho har også levert ein artikkel til "Syn og Segn" i år.

Den neste innleiaren var Åse Mette Johansen frå Universitetet i Tromsø der ho arbeider med språkkontakt, fleirspråklegheit og språkbyte. Ho viste korleis den kvenske og samiske språket påverka det norske språket i dei fleirspråklege miljøa i Nord-Troms og Finnmark. Dette fekk også tilhøyrarane til å kommentere den lokale språkbruken i Balsfjord, der det er nær kontakt til eit samisk og kvensk språkmiljø.

Eva Johnsen frå Storsteinnes, som no er pensjonert lærar og som har vore ordførar i Balsfjord, kunne så fortelje om erfaringane ho hadde som lærar for eit av dei fire kulla med elevar som har hatt nynorsk som hovudmål i Balsfjord mellom 1984 og 2000. Elevane var svært bevisst om at dei hadde nynorsk, og foreldra støtta også godt om språkarbeidet. Skolen og biblioteket var også til god hjelp. Fleire av elevane har i ettertid fortalt at dei har fått god bruk for nynorsken i arbeid og fritid. Eva Johnsen las også eigne dikt.

Til slutt tok Trond Trosterud (Tromsø mållag) for seg arbeidet med nytt prinsipprogram i Noregs Mållag. Trond sit i nemnda som skal arbeide ut dette. Han hadde ein grei gjennomgang av ulike sider ved nytt prinsipprogram.
Balsfjord mållag hadde ordna lokale og stod for god servering undervegs på eit svært vellukka haustseminar.

onsdag 11. september 2019

PROGRAM FOR HAUSTSEMINAR I BALSFJORD 21. SEPTEMBER ER KLART

Troms og Finnmark mållag inviterer til 

OPENT HAUSTSEMINAR:

Språk og medier i nord


på Nordkjosbotn videregående skole

laurdag 21. september 2019  
kl 1130-1530
Programmet er lagt opp etter buss til/frå Tromsø og Målselv/Narvik.

Program:

Medlemmar i mållaga i Troms og Finnmark kan få dekt reisa ved førehandspåmelding (og godkjenning av reiseutgifter) til Magne Leon Heide (leiar), tlf/sms 97088957.





søndag 4. august 2019

HAUSTSEMINAR I BALSFJORD 21. SEPTEMBER

På årsmøtet i Troms og Finnmark mållag tidlegare i år blei vi samde om å få til ei haustsamling i 2019.  Og no er vi klare. Laurdag 21. september inviterer vi til OPENT HAUSTSEMINAR på Nordkjosbotn videregående skole i Balsfjord.

Vi har fått interessante innleiarar som kan fortelje både om medier, fleirspråklegheit, nynorsk i skolen og framtida for norsk språk. Vi håper dette kan vere interessant både for medlemmar i mållag, og for alle språkinteresserte. Seminaret er opent for alle.

Vi bed dokker spreie denne invitasjonen til dei som dokker meiner kan ha interesse av han.
I månadsskiftet august-september vil vi kunngjere nærare program på fjesboka vår "Troms og Finnmark mållag".

Vel møtt!

For styret i Troms og Finnmark mållag
Magne Leon Heide, leiar

onsdag 10. juli 2019

Gratulerer, Nord universitet !?


Av Magne Leon Heide
leiar i Troms og Finnmark mållag

Styret for Nord universitet vedtok i september 2018 "Språkpolitiske retningslinjer". Her har Nord universitet gjort eit forpliktande vedtak for å gje norsk ein god plass – særleg i høve til engelsk, og ikkje minst å ta på seg eit ansvar for lule- og sørsamisk språk. Her skal eg la det siste ansvaret liggje, det fortener ein eigen kommentar.

Ansvaret for å fremje norsk språk ved universiteta finn vi både i Lov om universitet og høgskolar og i Lov om målbruk i statstenesta, med føringar både frå Språkrådet, Universitets- og høgskolerådet og Stortinget.
Nord universitet vedtok "Språkpolitiske retningslinjer" på styremøte 18.9.2018.

Norsk språk har som kjent to offisielle målformer nynorsk og bokmål, og når Nord universitet nyttar nemninga "norsk" må vi rekne med at dette gjeld begge målformene.  Dermed kan vi lese dei positive retningslinjene slik:
- "Norsk, nynorsk og bokmål, er primærspråket ved Nord universitet."
- "Undervisningsspråket ved Nord universitet skal normalt være norsk, nynorsk og bokmål."
-  "Studenter forventes å kjenne til og kunne bruke fagspråk både på norsk, nynorsk og bokmål,  og engelsk."
- "Universitet skal oppfylle sitt formidlingsansvar overfor allmennheten ved å kommunisere forskningsbasert kunnskap på norsk, nynorsk og bokmål."
Desse positive formuleringane om norsk språk vil setje Nord universitet i fremste rekkje når et gjeld å utvikle eit norsk akademisk fagspråk, på nynorsk og bokmål. Det vil også sikre studentane sine rettar, og det vil gjere begge dei norske målformene synlege i universitetet si utoverretta verksemd.  Så langt er dei språklege retningslinjene til Nord universitet eksemplariske.

Men dessverre greier ikkje universitetet å følgje opp sine eigne vakre ord når det gjeld å ta vare på begge dei norske målformene, bokmål og nynorsk. For å ta konklusjonen først – med litt nordnorsk kraft: Her drit universitetet i sine eigne retningslinjer!

Nord universitet sendte i januar 2019  inn ein årsrapport til Språkrådet som syner at Nord universitet i praksis IKKJE brukar nynorsk. Nord universitet gir ein god dag i sine eigne retningslinjer og i målloven. Rapporten syner på dei fleste områda 0 prosent nynorsk! På dette viset stiller Nord universitet seg i praksis i attraste linje når det gjeld å vere med på å utvikle eit norsk fagspråk, å gje dei tilsette mogelegheiter til å bruke sitt norske fagspråk, å gje studentar tilbod om å lese, skrive og utprøve eit norsk fagspråk – og her brukar eg norsk i tydinga nynorsk.

 
Ved Levanger lærarskole starta nynorskundervisninga i 1892. Og lærarskole-elevane skipa òg eige mållag.
Kjelde: Levanger læarskole, Klæbu seminar 150 år, 1989. (side 63)
Les meir på nb.no på denne lenka
.
Studiestader som i dag utgjer Nord universitet, har tidlegare vore i front når det gjeld å utvikle og bruke ein nordnorsk og trøndsk nynorsk. Nesna lærarskole gav ei svært god nynorskopplæring frå starten, og Levanger lærarskole gjorde det same. Men når vi i dag tar ein kik på studieplanane, finn vi knapt eit nynorsk ord. Eit lite unntak er nokre få ord OM nynorsk i norsk-studieplanane. Elles finn eg ikkje eitt ord PÅ nynorsk i studieplanane. Det skjer mykje positivt med nynorsk i skoleverket no for tida, og her bør i alle fall lærarutdanningane sjå si besøkstid og vere med på å forme ein framtidig nordnorsk (og trøndsk) nynorsk-plattform.

Sørsamisk på nynorsk, les meir her
 
Nynorsk presentasjon fungerer godt på Nord universitet si heimeside, men det er skjer altfor sjeldan.
Nettsidene til Nord universitet er begredelege når det gjeld dei to målformene. Ein skal verkeleg leite for å finne at universitetet har følgt opp med nynorsk-artiklar. Men to heiderlege unntak må framhevast. To av dei medieansvarlege, Bjørnar Leknes og Per Jarle Elle, skriv eit par gode nynorsk-artiklar. La desse to få halde fram med å skrive fleire av - gjerne alle - artiklane sine på nynorsk!! Samtidig bør dei administrative leiarane ved Nord universitet gå i bresjen ved å nytte nynorsk i sine artiklar, slik universitetsleiinga lenger nord gjer i ny og ne. Og så bør det leggjast ein strategi for dei andre språkpolitiske områda. Legg gjerne litt prestisje i å vise dokker betre enn kollegaene i nord når det gjeld å gje nynorsken det rommet dokker sjølv proklamerer, i akademia.


(Lesarinnlegg, trykt i Avisa Nordland, an.no 5.7.)