Medlemsrekord
For andre året på rad har fylkesmållaget medlemsrekord. Det er no 275 medlemmar, og i tillegg kjem to mållag med rundt 50 medlemmar, slik at antal medlemmar i mållag er godt over 300 i dei to nordlegaste fylka. Så mange medlemmar har det ikkje vore nokosinne sidan fylkesmållaget blei stifta for over 100 år sidan.
Lokale kulturinstitusjonar
Tilbakemeldingane frå dei sju mållaga i nord viser også ein språk- og kultur-innsats som spenner over eit vidt område. Mållaga er lokale kulturinstitusjonar som gjer ein viktig innsats på mange felt. Det er derfor gledeleg at det har vore medlemsvekst dei siste åra.
God nynorsk-opplæring er viktig
Troms og Finnmark mållag har fleire viktige arbeidsoppgåver. Å få til ei god nynorsk-opplæring i skolen er ei av dei viktigaste oppgåvene, alle elevane skal lære seg nynorsk i dag , enten som sidemål eller hovudmål. Mållaget vil også arbeide for å gjere synleg dei over eitt hundre nordnorske forfattarane som skriv og har skrive på nynorsk og dialekt.
I starten av mai blir det ei eiga Nynorskveke der mållaget vil oppfordre særleg skolane og biblioteka til å vise det språklege mangfaldet vi har med særleg fokus på dialektane og det nynorske skriftspråket. Mållaget vil også oppmode flest mogeleg til å bruke nynorsk denne veka, og spesielt media blir bedt om å bruke nynorsk – særleg på nynorskdagen 6. mai.
![]() |
| Representantar frå Varanger, Balsfjord, Tromsø, Senja og Harstad møttest på årsmøtet til Troms og Finnmark mållag. Foto: M. Heide |
100 års målhistorie
Troms og Finnmark mållag har passert 100 år, og laget held på å samle inn arkivstoff for å få skrive historia til mållaget og arbeidet som har vore gjort dei siste åra.
Magne Leon Heide blei attvald til leiar i Troms og Finnmark mållag, og med seg i styret har han representantar frå både Harstad, Varanger og Tromsø mållag.
